Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2009

Lytt til Obama, alle skolefolk på venstresiden i norsk politikk!

Vår oppgave blir å finne frem til de reformene som har størst innvirkning på elevenes resultater, skaffe tilstrekkelige økonomiske ressurser til disse reformene og fjerne de programmene som ikke gir resultater. Og vi har faktisk allerede klare tegn på hvilke reformer som fungerer: et mer utfordrende og strengere pensum med vekt på matematikk, realfag og skrive- og leseferdigheter; lengre og flere skoledager for å gi barna den tiden og den kontinuerlige oppmerksomheten de trenger for å lære; tidlig skolestart for alle barn, slik at de ikke henger etter allerede fra første skoledagen av; meningsfylte, ytelsesbaserte vurderinger som kan gi et mer fullstendig bilde av hvordan eleven gjør det, og rekruttering og opplæring av endringsvillige rektorer og av mer effektive lærere.

Dette siste poenget, behovet for gode lærere, fortjener å understrekes. Ferske studier viser at den viktigste enkeltfaktoren som avgjør elevenes resultater, ikke er hudfarge eller bakgrunn, men hvem som er barnets læ…

LIVET ER URETTFERDIG!!

Eg var ikkje spesielt høg i hatten i går, då eg måtte ringe Sør-Aurdal ungdomsskule, ved praksislærar, for å fortelje at eg var blitt sjuk, og ikkje kunne komme den dagen. Sjuk andre dagen i praksis. Då får man liksom kjensla av at ein er blitt stempla som ein av desse latsabbane som har tenkt seg inn i offentleg sektor for å gjere minst mogleg.

Fyrste dag i skuleverket var fantastisk. Eg hadde det verkeleg moro. Fekk prata litt engelsk i engelskundervisninga, og byrja faktisk å lære meg ein del av namna også. Men det var liksom fyrst i går eg skulle få prøve meg på undervisning. Slik gjekk det no ikkje. Eg spydde som ein gris natt til i går, og har ikkje kjent meg dårlegare sidan eg var knøttlita jente (men då hadde eg Mamma som kunne sørge for at alt gjekk bra). Eg var sikker på at eg var blitt matforgifta, men så fann eg ut utpå dagen at Mamma hadde akkurat den samma sjukdommen. Så då var det nok heller mi niese Adele som har tatt meg eit virus eller bakteri heim frå barnehagen, og…

Kommande undervisningspersonell; pass dykk!

VG kan i dag melde om at alle elevane i ein time i naturfag, brukte den same nåla til å stikke seg i fingeren med. Sidan eg skal ut i praksis på ungdomstrinnet som ein del av Praktisk Pedagogisk Utdanning i morgon, så er det interessant å høyre om kva for tabber anna undervisningspersonell gjer i jobben sin, og dette vil eg vel få kalle ei ganske stor tabbe. Eg veit ikkje om det var dårleg økonomi som hadde skuld i at dei ikkje hadde råd til utstyr til alle elevane, men å lære opp elevane i tryggleik er vel noko av det viktigaste vi gjer. Og her må det vere samanheng mellom liv og lære.

Det er likevel mange fallgruver å gå i når ein er nytilsett i skuleverket (eller har jobba der lenge for den sak si skuld). Eg skal undervise elevar på 10.trinn i temaet "intervjuet" desse to vekene. I oppgåve til fyrste time så har eg gjeve alle elevane i oppgåve å stille foreldre, besteforeldre eller andre i ein annan generasjon, åtte spørsmål. Alle spørsmåla er om skulekvardagen for ein ell…

La dem raute nynorsk; bare vi slipper

Eg er heime i Valdres, og er no i full gong med å rydde i gamle papir frå åtte år med studiar, ti år i politikken og elles alt eg har vore gjennom (eg er blitt kasta ut av jenterommet mitt, og må få ting på plass i ny bustad). Det var då eg bladde gjennom brosjyrar og anna ræl eg har teke vare på, eg fann att denne fantastiske brosjyra til Unge Høgre frå omkring år 2000.

Det var denne brosjyra som verkeleg vekka mitt politiske engasjement. Eg var på studiemesse ved Oslo-kanten då eg gjekk i 3.klasse på vidaregåande, då ein gjeng blærete Unge Høgre-folk hadde stand, og delte ut denne brosjyra. Då trur eg er fyrste gong eg verkeleg har vore sint i heile mitt liv, og eg gjekk bort til desse gutane som eg trur var kledd i dress og/eller rosa skjorte med alt for mykje gele i håret. Eg trur eg må ha sett illsint ut då eg gjekk bort til dei og lurte på kva i alle dagar dette var for noko, og kvifor dei hadde så mykje i mot folk som prata nynorsk. Eg trur også eg sa: "Sammenligna dikka m…

21 par sko!!

Og det er berre her på kontoret mitt. Heime i min lille leilighet i Oslo har eg minst like mange (truleg mange fleire), og i alle fall like mange i leiligheten i Valdres. Grunnen til at eg endeleg har talt kor mange sko eg har, er at eg ryddar ut av kontoret mitt. Nei, eg har ikkje fått sparken, men alle rådgjevarar og representantar blir kasta rundt på minst ein gong i løpet av ei fireårsperiode. No får eg ikkje lenger lov til å sitte godt skjult her i "Fangeholet" her eg ikkje har trengt å sjå så masse til andre folk, og har fått konsentrasjon til å gjerne fornuftige ting (som til dømes å oppdatere blogg). No skal eg over i Stortingsbygningen. Skummelt. Skummelt.

Så no er alle papir, sko og bøker putta i pappasker. Min siste arbeidsdag før to vekers permisjon for å bli kjent med skuleverket innanfrå, er no på fredag. Så når eg kjem tilbake til Stortinget om drøye to veker, så har eg nytt kontor i sjølve sjølve Stortingsbygningen(der eg tvilar på det er plass til 21 par sko…

Kanskje den mest keisame dagen på jobb...

Av alle uinteressante ting eg gjer på jobb i løpet av eit år, så må den dagen statsbudsjettet kjem, vere det som gjer meg den mest meiningslause kjensla. Også eg skjønner jo at dette er viktig for utviklinga framover, og at det her blir gjeve ein del signal for kva som skal skje på prioriterte områder i tida framover. Men likevel..

Dagen som politisk rådgjevar på feltet Kyrkje, utdannings- og forskningspolitikk:

08-10: Gå gjennom dei lekkasjane som har komme, og førebu meg på det som mest truleg kjem, og det som ikkje kjem. Samt krangle litt med ny fraksjonsleiar i komiteen om kva som er dei viktigaste prioriteringane framover (nye tankar liker me ikkje, for me skal gjere det slik me alltid har gjort det dei siste fire åra, meiner no eg. :))
10: Sette på Kristin Halvorsen som bakgrunnsstøy, medan eg går på ekspedisjonskontoret for å hente eit tonn med papir. Eigentleg er det berre dei kiloa med papir frå Kunnskapsdepartementet som er interessante i fyrste omgang (samt noko kyrkje-greier…

Vel fortjent!

Eg har vore stor fan av Barack Obama ganske lenge no (heilt sidan han slo min favoritt Hillary R. Clinton i den demokratiske nominasjonen), og mi begeistring for den mannen er ikkje blitt mindre etter eg nettopp har lese boka hans "Å leve en drøm. Min afrikanske arv" der han på ein veldig reflektert måte skildrar reisa mot å skaffe seg identitet, og korleis det er å vekse opp i USA som farga. Og ikkje minst at det til slutt er tilfeldigheitar som kan få deg inn på rett spor i livet, men at alt dreiar seg om dei vala me tek sjølv. Dei som ikkje har lese boka, bør gjere det (uansett om ein er fan enn ikkje) - for her er det mykje å lære for alle og ein kvar.

Så ja, eg er veldig glad for at denne mannen vinn Nobelprisen. Og nei, han har ikkje redda verda eller utretta veldig store ting enno, men endring tek tid, og berre det at han ved sin enorme klokskap og sitt engasjement, har klart å bli president i USA, seier til meg at det nytter, og at vi kan skape ei betre verd.

Så får …

Gler meg til røynsle frå ungdomstrinnet

Om snaue to veker, så skal eg altså ut i praksis ved Sør-Aurdal ungdomsskule, som ein del av mi Praktisk Pedagogiske utdanning. I går hadde eg fyrste møte med praksislærar, og skal i veke 43 og 44 vere med 10.klasse i norskfaget (eg snik meg nok med i engelsk og musikk også, men der har eg ingen formell kompetanse (men mykje uformell kompetanse på Sing Star). Eg gler meg! Då eg var innom Sør-Aurdal ungdomsskule i går så tenkte eg: ”Det er dette eg vil gjere i framtida. Det er undervisningsyrket som er min misjon”.

MEN, det er nokre fallgruver å gå i. Eg har jo alltid i min enorme naivitet tenkt som så: Å undervise mange elever går av seg sjølv så lenge eg er sterk fagleg, godt førebudd og eg har engasjement for det eg driv med. Eg tek nok feil. Berre for å ta eit døme, så var det fyrste rådet (kommandoen) eg fekk frå min praksislærar: ”Her har du eit bilete av heile klassa, og du må lære deg namna på alle”. Jaggu. Og eg som er så dårleg på namn, og dette er faktisk ikkje noko me lærer…

Kvinnen er skapt særlig for å behage mannen

Den ene bør være aktiv og sterk, den andre passiv og svak. Det er nødvendig at den ene vil og kan, og at den andre gjør liten motstand...Det følger av dette prinsipp at kvinnen er skapt særlig for å behage mannen...Ettersom kvinnen er skapt for å behage og for å bli undertrykt, bør hun rette seg etter mannen i stedet for å provosere ham..

Oppdragelse av kvinnen skal derfor alltid tilpasses etter mennenes behov...Behage oss, være nyttige for oss, være slik at vi elsker og akter dem, oppdrage oss når vi er små og ta hånd om oss når vi er voksne, gjøre vårt liv lett og behagelig, dette er kvinnens plikter i alle tidsaldre, og hva de må læres opp til fra sin spede barndom...(
Fra Jean-Jacques Rousseaus Émilie, her sitert etter Blom, 1979, s. 602)

Jeg synes jeg har hørt noen ny-feminister uttale noe lignende den siste tiden, men dette er altså fra Rousseau, som levde fra 1712-1778, og som i følge min bok i pedagogikk, har hatt stor påvirkning på praksis i klasserom og i undervisning, og på de…

På vei ut..

I helga har jeg vært på Landsstyremøte i FpU. Dette er mitt nest-siste landsstyremøte som 1.nestformann i FpU, og nå begynner det å gå opp for meg at jeg snart er ferdig i denne organisasjonen som har betydd så masse for meg som person. Det er i FpU jeg har lært politikk, har fått bedre selvtillit, er blitt et bedre menneske og har fått mine beste venner. Nå er snart denne epoken ferdig.

I helgen ble jeg valgt som leder av valgkomiteen i FpU. Det er det endelige tegnet på at jeg går av som 1.nestformann. Jeg har vært med i Sentralstyret i åtte år når landsmøtet blir avholdt i mars (to år som vara, fire år som sentralstyremedlem og to år som 1.nestformann). Nå er det min oppgave å lede komiteen som skal innstille på et nytt sentralstyre i FpU. Jeg håper på masse gode kandidater som vil stille, konkurranse om plassene, og at vi som er medlemmer av valgkomiteen får en virkelig utfordrende jobb.

Jeg ble i helgen også valgt som leder av Manifestkomiteen i FpU. Det betyr at det blir min opp…