Gå til hovedinnhold

Gler meg til røynsle frå ungdomstrinnet

Om snaue to veker, så skal eg altså ut i praksis ved Sør-Aurdal ungdomsskule, som ein del av mi Praktisk Pedagogiske utdanning. I går hadde eg fyrste møte med praksislærar, og skal i veke 43 og 44 vere med 10.klasse i norskfaget (eg snik meg nok med i engelsk og musikk også, men der har eg ingen formell kompetanse (men mykje uformell kompetanse på Sing Star). Eg gler meg! Då eg var innom Sør-Aurdal ungdomsskule i går så tenkte eg: ”Det er dette eg vil gjere i framtida. Det er undervisningsyrket som er min misjon”.

MEN, det er nokre fallgruver å gå i. Eg har jo alltid i min enorme naivitet tenkt som så: Å undervise mange elever går av seg sjølv så lenge eg er sterk fagleg, godt førebudd og eg har engasjement for det eg driv med. Eg tek nok feil. Berre for å ta eit døme, så var det fyrste rådet (kommandoen) eg fekk frå min praksislærar: ”Her har du eit bilete av heile klassa, og du må lære deg namna på alle”. Jaggu. Og eg som er så dårleg på namn, og dette er faktisk ikkje noko me lærer på PPU, men truleg det beste rådet eg har fått. Og når alt kjem til alt, så er det jo ganske logisk at om eg som lærar skal sjå elevane, og dei skal føle dei blir respektert og sett av meg, og då er vel fyrste bod at eg må vete kva dei heiter. Kommando er teken!!

Eg trur også eg kjem til å forstå at eg ikkje greier å syte for at elevane sett i gang læringsprosessen berre fordi eg har stor fagleg tyngde og stort engasjement. Eg er jo type ”foreleser av gamle sorten” som vil ha diskusjon og engasjement i kvar økt, og det fungerer nok dårleg i ungdomsskulen, der halvparten er veldig lei av skulen, lei av teori og truleg meiner norsk er det mest keisame faget av alle. MEN; ”alle skal med”, og eg må syte for tilpassa opplæring til alle 33 elevane. Eg skjøner endå ikkje korleis eg skal klare det, og kan ikkje akkurat seie eg har lært så mykje om det av pedagogikken heller. Men det er kanskje det me skal lære av praksis?

Eg gler meg! Og gruer meg. Eg gruer meg og gler meg til å møte elevane. Er spent på korleis dei vil ta i mot meg. Eg gruer meg, men gler meg, til å undervise i norsk. Det byrjar å bli nokre år sidan eg studerte og tok nordisk mellomfag ved NTNU, og eg har gløymt det meste. Eg treng seriøst å oppdatere meg fagleg, på læreplanar og på lærebøker. Og ikkje minst må eg byrje å praktisere nynorsk, som eg ikkje har gjort sidan eg studerte nordisk (øydelagt av jobben og politikken, der folk forventar å få saker på bokmål). Frå og med i dag, så skal alt på bloggen skrivast på nynorsk (og det blir nok truleg også litt språklege feil). Det tek litt meir tid, men eg må følje det rådet eg vil gje mine elevar: du blir ikkje betre om du ikkje praktiserar eller les. Så sett i gong: skriv og les!!

Kommentarer

  1. Lykke til i med praksisperiode! Jeg har selv vært øvingslærer og synes det var fantastisk flott å ha studenter i praksis! Utrolig lærerikt - både for deg og for din øvingslærer :-) Veldig nyttige drøftinger etter gjennomførte timer. Gleder meg til å høre hvordan du har konkretisert og variert norskfaget :-)

    Anne
    Anne

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein