Av alle uinteressante ting eg gjer på jobb i løpet av eit år, så må den dagen statsbudsjettet kjem, vere det som gjer meg den mest meiningslause kjensla. Også eg skjønner jo at dette er viktig for utviklinga framover, og at det her blir gjeve ein del signal for kva som skal skje på prioriterte områder i tida framover. Men likevel..
Dagen som politisk rådgjevar på feltet Kyrkje, utdannings- og forskningspolitikk:
08-10: Gå gjennom dei lekkasjane som har komme, og førebu meg på det som mest truleg kjem, og det som ikkje kjem. Samt krangle litt med ny fraksjonsleiar i komiteen om kva som er dei viktigaste prioriteringane framover (nye tankar liker me ikkje, for me skal gjere det slik me alltid har gjort det dei siste fire åra, meiner no eg. :))
10: Sette på Kristin Halvorsen som bakgrunnsstøy, medan eg går på ekspedisjonskontoret for å hente eit tonn med papir. Eigentleg er det berre dei kiloa med papir frå Kunnskapsdepartementet som er interessante i fyrste omgang (samt noko kyrkje-greier), men KUF-komiteen har også mange kapittel å bry seg om innanfor andre departement sitt område (noko fisk, energi og noko andre greier)
10-12: Gå gjennom dei viktigaste kapitla, summere opp kva som er bra, kva som ikkje er bra, og kva FrP ville ha gjort.
Så kan vi starte med hylinga, og eit skodespel som ikkje liknar på noko anna (og jada, eg forstår det må vere slik, men det er frykteleg kjedeleg). No tullar eg - for dette startar eigentleg allereie klokka ti med ein gong Halvorsen går på talarstolen i Stortinget, men utover dagen så veit vi betre kva dei ulike tala inneber, og kan då styrkje hylinga vår, og få betre argument. Og hylinga går i hovudsak ut på at "det har ikkje fått nok peng", "men det har sanneleg ikkje fått nok peng" og "det er ein skam at det ikkje blir løyvd meir peng til akkurat det". Svært lite av hylinga går ut på at "det har fått altfor mykje peng", sjølv om eg i blant skulle ynskje at det for ein gongs skuld i samband med at eit budsjett blir lagt fram, hadde vorte ei konkurranse i kven som kan synliggjere kva som har fått for mykje. Det hadde vore moro det, og utfordrande for politikarane. Og i slike situasjonar er det greitt å sleppe å bli ein av saueflokken som vert med i det same hylekoret (og dette gjeld alle parti, og er eigentleg ikkje kritikk, for eg skjønnar at det nesten må vere slik om opposisjonen skal vekse seg større og utfordre dei som sit med makta).
Det er eigentleg ganske greitt å sleppe hylinga sjølv. Mi oppgåve i dag har vore å finne dei tinga der regjeringa ikkje har gjort nok, og så kan andre ta seg av hylinga.
Berre for å gje eit kort samandrag: Forskning og høgare utdanning er taparen innanfor Kunnskapsdepartementet (og det er ikkje berre skodespel-hyling, det er faktisk sant), og eg trur heller ikkje kvardagen for meg som framtidig undervisningspersonell blir noko betre. Eg trur framleis ikkje kommunane har råd til å gje meg ei fast stilling, eg trur framleis nytilsette blir sett til oppgåver ingen andre vil ha (og difor forsvinn fort ut av skuleverket), eg trur ikkje lønna blir høgare og eg trur kommunane slit med å gjennomføre alle gode intensjonar. Det eg trur fullt og heilt på no, er å gje skuleeigar ro til å ta si rolle som skuleeigar meir alvorleg, og gje dei moglegheit til å bli ein dyktigare skuleeigar (her har kommunane mykje å gå på). Då er kanskje ikkje stadig nye krav rett veg å gå, men kanskje ein heller burde gje skuleeigar meir fridom?. Men det er no berre mi meining, og ikkje kva eg alltid ber hylekoret formidle...:)
tirsdag 13. oktober 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar