Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra november, 2009

Eg har sagt opp jobben, og fløtt til Vågå!

No er det offisielt; eg har sagt opp min jobb som politisk rådgjevar på Stortinget. Årsaken er at eg har takka ja til stillinga som prosjektleiar for å lage "Noregs beste skule" i Vågå kommune i Gudbrandsdalen. Dette vart allereie røpa i GD i går, men vart fyrst offisielt presentert i dag når eg møtte ordførar, oppvekstsjef, rektor, elevar og presse ved Tessand oppvekstsenter.

Eg gler meg så!! Då eg såg stillingsutlysinga, så visste eg at dette var draumejobben for meg. Ein jobb der eg får kombinert mine to store interesser, nemlig distriktsutvikling og skuleutvikling. I Vågå skal dei lage den beste skulen i Noreg fordi dei ynskjer å skape meir utvikling i kommunen, få fleire innbyggjarar og meir næringsliv. Skal ein få til dette, så er ei god skule alfa og omega.

Hovudtankegangen bak prosjektet er at meir fokus på kulturfag og praktisk-estetiske fag, også skal skape flinkare elever. Ved å integrere kulturuttrykk og den praktisk-estetiske dimensjonen, i den ordinære skulen, …

Toby innfridde!

Er på veg heim til Valdres ein tur no, og har trådlaust nett på bussen. Og då går jo bussturen som ein leik. Bortsett frå at eg ikkje skjønner, når det nesten er heilt tomt på bussen, kvifor to skravlegutter med oslo-dialekt, som stanker dårleg etterbarberingsvatn, må sette seg rett foran meg. Dei ser vel at eg vil vere i fred? Og no er eg i det evige dillemmaet; skal eg demonstrativt flytte meg så langt vekk frå dei som det er mogleg å komme? Eg VEIT at resultatet truleg er at det kjem på større skravlebøtter i Sandvika eller på Hønefoss og sett seg foran meg, og kva gjer eg då? Så resultatet blir at eg skrur opp musikken på full guffe, og forsøker å oversjå/overhøre dei. Men frykteleg irriterande!!!!

Toby Keith innfridde nesten på konserten på laurdag. Han fekk nokre verkelege lunkne vurderinger i avisene, men dei var truleg ikkje heilt objektive (eller subjektive, slik som meg). Best var Dagsavisen som samanlikna låtene hans med partiprogrammet til Frp (og eg trur ikkje det var eit…

Wanna Talk About Me!

Klarer ikkje fokusere på mykje anna enn at Toby Keith kjem til Oslo spektrum i morgon. Eg gler meg som ein liten unge. Eg er stor fan av musikken, stilen, rett og slett alt ved den mannen. Eg skal forsøke å skrive eit blogginnlegg om konsertopplevinga og alt anna etter helga, men no skal eg berre lytte til gode Toby-låtar.

Toby Keith: God love her

Toby Keith: I wanna talk about me

Beklager så mykje at det har vore lite oppdateringar den siste tida, men det heng saman med at det skjer store ting i livet mitt om dagen, som eg ikkje kan røpe enno. Meir informasjon kjem på onsdag! :)

Så stolt av å vere i parti med slike folk

Jaja, så har ein FrP-politiker klart det nok ein gong. Å seie noko forferdeleg dumt i offentligheita. Det er vel ikkje fyrste gong det skjer, og det blir vel ikkje den siste.

Denne gongen har altså ein nestleiar i Moss FrP klart å samanlikne afrikanarar med halvaper. På Kronprinsparet sin facebookside, så har i følgje VG nett klart å seie følgjande: ”Prøv å besøke Østen istedenfor Afrika. Derfra kommer det bare halvaper. De må ha 2-3 generasjoner på å tilpasse seg, og det ser man støtt i media”.

Det mest skremmende med min eigen reaksjon når eg les slike ting, er at eg ikkje reagerer med sinne lengre. Eg klarer liksom ikkje bli korkje oppgitt eller sinna. Ja visst er det heilt idiotisk å seie, det er rasistisk, dustete og uklart. Kva meiner han med at ”dei” må ha 2-3 generasjonar på å tilpasse seg, og korleis ser ein dette ”støtt” i media? Men eg er liksom blitt vant til at folk (og ofte politikarar) seier dumme ting, og klarer ikkje hisse meg opp lenger. Det er vel eit tydeleg teikn …

Kampen for den gode skolen

Jeg må være gal. Frivillig har jeg bestemt meg for at jeg ønsker meg ut i skoleverket for å arbeide der, og er derfor i gang med å ta det som kalles Praktisk Pedagogisk Utdanning (PPU). Dette er en utdanning vi med en mer eller mindre nyttig universitetsgrad tar for å kunne bli fast ansatt som undervisningspersonell i norsk skole. Jeg er i teorien kompetent til å undervise i norsk skoleverk fra og med neste høst, og har i høst fått gleden av å ha min praksisperiode ved Sør-Aurdal ungdomsskole. Skremmende, fordi dette er skolen hvor jeg selv tilbrakte tre år av mitt liv, men spennende fordi dette er skolen som utdanner fremtidens borgere i Sør-Aurdal kommune.

Å se skolehverdagen fra innsiden på den måten jeg har fått gjøre, er ikke alle forunt. Det er definitivt en styrke for meg, både som politiker og som menneske, å ha fått denne erfaringen. Jeg har nok tidligere vært litt naiv i forhold til norsk skole, og har nok også hatt en litt enkel tilnærming til utfordringene som finnes i sko…

Halvorsen på heimebane

I dag har jeg brukt store deler av dagen til å følge med på forhandlingene på Utdanningsforbundets landsmøte. Først av alt vil jeg få gratulere Mimi Bjerkestrand som ny leder. Jeg skal ærlig innrømme jeg trodde Haldis Holst skulle stikke av med seieren, men etter en uhyre jevn avstemming, viste det seg at det var førskolelærerutdannede Mimi Bjerkestrand som ble leder. Gratulerer til henne, og så skal det bli spennende å se om hun klarer å bli like markert som det Helga Hjetland har vært i de mange årene hun har ledet Utdanningsforbundet.

Den nye Kunnskapsministeren Kristin Halvorsen besøkte også landsmøtet. Det var enkelt å høre at hun følte at hun var blant sine egne - for sjelden hører vi henne så morsom. I likestillingens ånd, skal jeg vel innrømme at jeg synes hun var litt mannediskriminerende i sin vits, der hun påstod at menn blir lykkelige av å ha en lykkelig kone, og at vi derfor må heve lønnen for kvinnedominerte yrker, menmen...det var vel latter hun ønsket å oppnå med dett…

Snart tid for norsk rakfiskfestival

Vi er i gong med å få til nokre verkeleg store ting i Valdres. Valdresidentiteten har stått sterkt lenge, men det er fyrst dei seinare åra at vi verkeleg har fått til ein del store arrangement, som Sol av Isfolket og Norsk Rakfiskfestival, og vi skal ikkje gløyme at vi også har eit fotballag i 2.divisjon, som hadde vore ganske utenkeleg for nokre år sidan.

Til helga er det klart for Norsk Rakfiskfestival, og eg gler meg allereie. Kritikarane vil kanskje kalle dette ein organisert fyllefest, men eg kallar det moro for alle penga. Og liv kjem det også til å bli på laurdag når Vassendgutane kjem. Eg gler meg stort, og kjem sikkert til å gaule "Ungkar med dobbeltseng" så høgt så høgt, som alle andre.

Slike arrangement og folkefester, håpar eg vi klarer å utvikle meir av i tida framover. Det avhenger av at kommunane faktisk klarer å stå saman, og at vi jobber vidare med å utvikle det som er særegent med Valdres. Eg håpar håpar håpar verkeleg at vi i løpet av dei neste åra klarer …