tirsdag 24. november 2009

Eg har sagt opp jobben, og fløtt til Vågå!

No er det offisielt; eg har sagt opp min jobb som politisk rådgjevar på Stortinget. Årsaken er at eg har takka ja til stillinga som prosjektleiar for å lage "Noregs beste skule" i Vågå kommune i Gudbrandsdalen. Dette vart allereie røpa i GD i går, men vart fyrst offisielt presentert i dag når eg møtte ordførar, oppvekstsjef, rektor, elevar og presse ved Tessand oppvekstsenter.

Eg gler meg så!! Då eg såg stillingsutlysinga, så visste eg at dette var draumejobben for meg. Ein jobb der eg får kombinert mine to store interesser, nemlig distriktsutvikling og skuleutvikling. I Vågå skal dei lage den beste skulen i Noreg fordi dei ynskjer å skape meir utvikling i kommunen, få fleire innbyggjarar og meir næringsliv. Skal ein få til dette, så er ei god skule alfa og omega.

Hovudtankegangen bak prosjektet er at meir fokus på kulturfag og praktisk-estetiske fag, også skal skape flinkare elever. Ved å integrere kulturuttrykk og den praktisk-estetiske dimensjonen, i den ordinære skulen, så skal ein altså også klare å skape meir teoriflinke elevar. Det er eit stort og omfattande prosjekt, og viss vi lykkast, kan vi klare å lage ein heilt unik "Vågå-modell". Etter å ha møtt mange av aktørane i Vågå kommune i dag, så er eg ikkje i tvil om at VI skal få det til (eg kan og skal ikkje klare dette åleine, men treng at alle innbyggjarar i kommunen gjer sitt til at vi skal lykkast). Denne kommunen er så full av optimisme og utviklingslyst som sjeldan opplever, og tek verkeleg si rolle som skuleeigar alvorlig! :) Og for ein ordførar dei har!!

Eg starter i jobben 11.januar. Skal skrive meir etter kvart om korleis det blir å flytte til Vågå, få meg ein skikkelig jobb, og ikkje minst, slutte med politikk. Det siste trur eg blir tristare enn eg har trudd, og kjem nok til å vekke til live mange kjensler.

6 kommentarer:

  1. Juuhuuu!

    Blir feiring med opptil flere glass cava snart. Du er knallflink så dette blir bra! :)

    Cec

    SvarSlett
  2. Hehe, godt Bagn får en FrP'er mindre - men du er glimrende som politiker så det blir trist at du flytter! Håper du forblir minst like aktiv i Gudbrandsdalen som her i Valdres og lykke til!

    SvarSlett
  3. Det siste får eg nesten ta som eit kompliment ja. Men eg slutter som aktiv politiker, men skal forsøke å vere like aktiv på andre fronter, som eg har vore i politikken i Valdres. Og vi i Vågå skal villig dele kunnskapen om prosjektet med Valdres! :)

    Cecilie: ser veldig fram til Cava. Sjekka også på polet i Vågå, og de har favorittvinen vår. En slik plass, kan ikke vere helt gal å bo på, så forventer besøk av deg og Bettina i ein kvit fiat! :)

    SvarSlett
  4. Leste om deg i GD, veldig imponerende, og lykke til med jobben. Thumbs up...

    SvarSlett
  5. Ja, det var et kompliment. Veldig bra intervju av deg på NRK hedopp i dag. Liker folk som hopper på slike utfordringer - "norges beste skole"... *svett på ryggen*

    SvarSlett
  6. Visste ikke at du var på jobbsøk, men vi har en svært aktiv skole her på Costa del Sol. Hva med neste gang?

    SvarSlett