Jaja, så har ein FrP-politiker klart det nok ein gong. Å seie noko forferdeleg dumt i offentligheita. Det er vel ikkje fyrste gong det skjer, og det blir vel ikkje den siste.
Denne gongen har altså ein nestleiar i Moss FrP klart å samanlikne afrikanarar med halvaper. På Kronprinsparet sin facebookside, så har i følgje VG nett klart å seie følgjande: ”Prøv å besøke Østen istedenfor Afrika. Derfra kommer det bare halvaper. De må ha 2-3 generasjoner på å tilpasse seg, og det ser man støtt i media”.
Det mest skremmende med min eigen reaksjon når eg les slike ting, er at eg ikkje reagerer med sinne lengre. Eg klarer liksom ikkje bli korkje oppgitt eller sinna. Ja visst er det heilt idiotisk å seie, det er rasistisk, dustete og uklart. Kva meiner han med at ”dei” må ha 2-3 generasjonar på å tilpasse seg, og korleis ser ein dette ”støtt” i media? Men eg er liksom blitt vant til at folk (og ofte politikarar) seier dumme ting, og klarer ikkje hisse meg opp lenger. Det er vel eit tydeleg teikn på at eg treng ei politikkpause.
MEN – eg er så glad for at folk kjem med slike idiotiske utspel offentleg, og ikkje berre skjuler slike haldningar. For det viser kor viktig ytringsfridomen vår er. Eg er heilt sikker på at det er mange i Noreg som meiner det same som dette FrP-medlemmet, og som har komme med liknande uttaler i festlege lag eller blant kollegaer. Slike ting må ikkje få stå uimotsagt og difor er det viktig at nokre seier slike ting høgt, ellers går vi glipp av argument mot slike haldningar (det beste hadde sjølvsagt vore at ingen hadde hatt slike haldningar, men så harmonisk er ikkje samfunnet vårt enno). Vi må då forklare kvifor vedkomande tek feil, og vi må forklare kvifor det er heilt urimeleg å komme med slike ytringar.
Eg veit i alle fall, at skal eg ein gong ut i skuleverket for å undervise i samfunnsfag eller geografi, så skal eg bruke denne saken for alt ho er verdt. Dette er eit fantastisk bra døme og ein case for å diskutere ulike ting med elevane; slik som forskjell mellom kulturar, rasisme, ytringsfridom, fordommar og sikkert tusenvis av andre ting. Så om ikkje anna, så kan vi takke idiotar for å komme med slike ting i offentligheita – for dei er gode verkemiddel for å gjere våre framtidige generasjonar litt smartare, litt klokare og litt meir taktfulle.
tirsdag 17. november 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Herregud...
SvarSlettDette utspelet viser ikkje kor viktig yttringsfridomen er, det viser berre kor liten innsikt i andre menneske sin situasjon FrP tidvis har. At ein må gå 8 km kvar morgon for å hente vatn, i staden for å tappe det i springen, gjer ikkje folk til halvaper..
Du er GLAD over slike ytringer? Det skal altså bli akseptert å si slik ting?
SvarSlettJeg har lest en del bøker om hvordan nazistene utøvde sin snik-propaganda mot jøder, i opptrappingen til 2 verdenskrig og Holocaust. Du finner mange bra tips der hvis du vil ha flere slike rasistiske ytringer i media.
ALLE Frp'ere er pr def rasister - og ikke halv-rasister heller, men hel-rasister! fascistjævler!
SvarSlettÅ kalle oss(mennesker) "halv aper" viser bare kriterier på uvitenhet, vi er da alle aper.
SvarSlettBiologer sier faktisk at det ikke er betydelig nok genetiske variasjoner, for at noen kan bli karakterisert som rase.
Google: "Genetically speaking, race dosen`t Exist in humans"
Søt jente, men desverre, endag håper jeg du forstår hvem du jobber med og for. Den kalde følelsen av og ha støttet de som hadde ingen planer om å bli noe annet enn bukker som passer havresekkene.
SvarSlettGlad folk sier hva de mener slik at vi kan opplyse, og dermed fjerne dumhet fra videre sosialisering.
SvarSlettSom Afrikaner,jeg ser ikke mannen som en politiker med tyngde eller uten visjon.At en 28-åringer henge ut hele kontinentet for halv-ape.Grunnet manglende tilspasning dyktighet kontra Europeisk levesett.Den kultur imperialismen fra kolonitida tilnådags har bare hatt den hensikten å holde Afrika under kontroll.Hvorfor andre land skal likner Europa på sett og vist?
SvarSlett