Vi er i gong med å få til nokre verkeleg store ting i Valdres. Valdresidentiteten har stått sterkt lenge, men det er fyrst dei seinare åra at vi verkeleg har fått til ein del store arrangement, som Sol av Isfolket og Norsk Rakfiskfestival, og vi skal ikkje gløyme at vi også har eit fotballag i 2.divisjon, som hadde vore ganske utenkeleg for nokre år sidan.
Til helga er det klart for Norsk Rakfiskfestival, og eg gler meg allereie. Kritikarane vil kanskje kalle dette ein organisert fyllefest, men eg kallar det moro for alle penga. Og liv kjem det også til å bli på laurdag når Vassendgutane kjem. Eg gler meg stort, og kjem sikkert til å gaule "Ungkar med dobbeltseng" så høgt så høgt, som alle andre.
Slike arrangement og folkefester, håpar eg vi klarer å utvikle meir av i tida framover. Det avhenger av at kommunane faktisk klarer å stå saman, og at vi jobber vidare med å utvikle det som er særegent med Valdres. Eg håpar håpar håpar verkeleg at vi i løpet av dei neste åra klarer å gå nokre steg til mot kommunesammenslutning, slik at vi blir ei Valdres-kommune, og ikkje seks små kommunar ingen har høyrt om. Eg trur dei som skal på festival på Fagernes til helga, veit godt at dei er i Valdres, men kanskje ikkje at dei er i Nord-Aurdal kommune.
Skal vi få den kommunale økonomien til å gå rundt att, og skal vi klare å tiltrekke oss kompetanse til regionen, så avhenger det, slik eg ser det, at vi ikkje venter altfor lenge før vi slår oss saman til ein kommune. Min daugdraum er ein stor Valdres-kommune. Eg håper verkeleg at eg får oppleve den dagen der eg kan seie eg bur i kommuna Valdres og ikkje Sør-Aurdal. Eg håper verkeleg nokon er tøffe nok til å ta dette opp til debatt i løpet av denne stortingsperioda, og at det ikkje ender opp med det mageplasket det gjorde sist, då vi hadde folkeavstemning.
mandag 2. november 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar