Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2009

Leaving Oslo

No har eg altså forlatt Oslo. Kjørte fløttelasset 21.desember, og fikk jammen med alt på hengeren til Vågå også. Men Gud bedre det var lenger enn eg hadde trudd opp dit. Eg var ikkje tilbake att i Valdres før halv to på natta, og min stakkars far som køyrte, var vel ikkje tilbake i Oslo før halv fire utpå natta. Men koseleg får eg det i Vågå. Har fått kjempefin (og stor!) leilighet, og drassa med ein tretti år gammal seksjon (som eg fann gratis på finn.no) frå Oslo og opp dit. Så eg trur eg kjem til å få det bra.

Eg har feira jul i Valdres, og brukt mesteparten av ferien på å sortere ting. Og eg har komme til ein konklusjon; eg har altfor masse ting. Eg har kasta og kasta og kasta, og sortert litt. Klede har eg altfor mykje av, og eg har spart på alt mogleg frå studier, politikk og jobb. Eg har sikkert kasta eit tonn med papir. Men no er alt snart ferdig sortert. Heldigvis har eg ein leilighet her i Bagn, som eg kan ha alt rælet i, så eg skal forsøke å ta med meg minimalt til Vågå. Me…

Rydding i inboksen

Er innom på kontoret en siste gang og rydder i innboks, overfører filer og forbedreder meg på at jeg snart ikke har adgang til Stortinget lenger.

Og publiserer under fire av de beste henvendelsene jeg har fått i løpet av mine år her. Noen rettet mot meg personlig, og noen rettet mot partiet.

ENJOY!!

Diskriminering

Som arbeidsgiver ble jeg utrolig provosert og lettere forbannet over dine uttalelser på dagbladet.no i dag om at dersom du hadde blitt likestillingsombud hadde den viktigeste saken for deg vært kampen mot diskriminering av første generasjons innvandrere i arbeidslivet, og at du tydeligvis ser på dette som et problem i dagens samfunn.

For det første tviler jeg på at det er så mye diskriminering av innvandrere som visse vil ha det til. Dette er noe som ofte blir blåst opp av venstresiden og de såkalte anti- rasister som har gjort denne påståtte rasismen til sitt levebrød. Vet ikke om det er gjort noen seriøse undersøkelser på dette i Norge, og da tenker jeg ikke på medienes gjentatte repriser om stakkars Ali som er sivilingeniør men som ikke får jobb i Norge, men jeg vet at den danske arbeidsgiverorganisasjonen for noen år siden presenterte en slik undersøkelse som viste at den reelle diskrimineringen av innvandrere på arbeidsmarkedet i Danmark var svært overdreven, og ikke så utbredt i …

Selvmord

Hanne Blåfjelldal


Hva er det egentlig dere i FpU holder på med ? Først så ville dere ha aktiv henrettelse, og i dag
kommer du med at vi skal hjelpe syke med å ta selvmord.

Det er tydeligt at dere ikke er interessert i at FrP skal komme i regjering og at Siv blir vår neste statsminister.
At dere har forskjellige synspunkter er ok, men dere må gå til ledelsen i partiet og spør om råd når de gjelder
slike spørsmål. Ikke tro at dere er verdensmestre, for dere har ikke erfaring nok til å gå ut offentlig med ting dere
overhodet ikke har greie på.

Reis hjem, begynn på bunn, til dere har fått kjøtt på bena og noe å tenke med, og det kalles erfaring. Det er viktig
at man har et godt og solid fundament å bygge på i livet, uansett hva man vil bli, men det har dere ikke. Å bygge
hus på sand går ikke, men det har ikke gått opp for dere enda.

Nå koser de andre partiene seg.

Dæven

Dæven

Svaret tyder på at du faktisk gadd lese det.

Sendte dette til alle i utdanningskomiteen.

Ingen andre reaksjoner til nå.

Er sterk motstander av den økonomiske politikken deres.

Men liker Siv, og "Googla" deg i all hast.

Gliste godt over enkelte ytringer.

Skal pinadø stemme på dere for en gangs skyld,

fordi dere har lagd et system for å svare folk.

-Og at dere ikke er så pampete som de jeg normalt stemmer på.

God hælj til deg og.

Siste arbeidsveke på Stortinget

No er eg inne i mi siste arbeidsveke her på Stortinget. Det er veldig rart. Dette har vore arbeidsplassen min i 2 1/2 år, og eg har stort sett hatt det veldig bra.

Eg hugser ein marsdag i 2007, då eg satt og sveitta over masteroppgåva mi. Eg hadde i tillegg nettopp kjøpt meg leilighet og levde stort sett på havregraut og nudler. Eg var i full gang med å fullføre masteroppgåva mi, og håpa eg skulle klare å levere til juni (sjølv om eg mistenkte det ville bli fyrst i september). Så fekk eg ein telefon frå Anders Anundsen, som då var utdanningspolitisk talsperson for FrP, som lurte på om eg hadde moglegheit til å begynne å jobbe her, sidan utdanningsfolka våre desperat trengte ny rådgjevar. Og eg skulle helst ha starta i går, som han sa.

Eg takka nei med ein gong, og sa at det kan eg ikkje. Eg må fullføre masteroppgåva mi (utdanning kjem fyrst), men eg ba likevel om å få tenke meg om eit døgn. Eg skal innrømme hovudårsaken til at eg dagen etter takka ja til jobben, var økonomi, men nok o…

Ein smule umotivert

Ingen har fortalt meg at det skulle vere så grusomt å vere i ein jobb ein veit ein ikkje skal vere lenge i. Ikkje det at eg ikkje trivst på jobb. Kollegaene er kjempehyggelige, og eg ler kvar dag. Det er heller ikkje slik at eg gruer meg til å gå på jobb.

Men såååå umotivert. Og for dykk som kanskje savner politikk på denne bloggen. Eg har offisielt gått på ein politisk smell, og klarer ikkje motivere meg for noko som har med politikk å gjere. Eg kjenner eg nesten gjer litt blaffen. Når folk kranglar om noko eller har diskusjonar, så tenkjer eg berre: "Kem bryr se" eller "Sjå det bryr me".

Men som eg gler meg til å starte i ny jobb på nyåret. Faktisk skulle medverke til utvikling. Ikkje berre prate om kor fint det er med utvikling. Og då skal de få sjå motivert jente, då!! :)

Treng bilbistand!

Eg må kjøpe meg bil. Det må vere ein solid bil, som tåler ruskevêret i Gudbrandsdalen. Den må også kunne gå langt, slik at den kan gå mange turar mellom Vågå og Bergen. Også må den vere trygg og lett å ha med å gjere, sidan eg ikkje er spesielt bilkyndig. Eg klarar ikkje ein gong skifte dekk.

Eg får mange råd. Og dei fleste råda eg har fått til no, går ut på at eg bør kjøpe japansk. Men at Skoda gjer mest bil for pengane.

Nokon med peil som har nokre gode råd til ei bygdejente som skal kjøpe sin fyrste bil? Eg har verkeleg ikkje peiling, og kjenner dette blir skummeltskummelt.

Moro med flytting

Fyttirakkern så mange ting det klarer å samle seg opp i ein 23 kvm stor leilighet i løpet av tre år. Eg visste eg hadde mykje ræl, men at eg skulle ha så mykje ræl hadde eg ikkje trudd.

No har uansett Ida og Mamma kjørt heim mesteparten av rælet til Valdres, og leiligheten min er for fyrste gong sidan eg flytta inn, ryddig. Dette blir vel min siste laurdag i leiligheten før eg flytter, og eg tenkte eg skulle tenne eit lys, sprette ei flaske Cava og tenke gjennom kva eg har fått ut av desse åra i Oslo. Og så skal eg vel fundere litt på korleis livet framover blir. Livet utan Oslo, utan politikk, utan sushi og utan ein liten leilighet på 23 kvadratmeter. Oslo; eg kjem nok til å savne deg uansett kor fint eg får det i Vågå.

Miljøbevisst som eg er, har eg no pløyd gjennom "gis bort-annonsene" på finn.no. Eg trur ikkje eg gidd å kjøpe meir ræl nytt, så no skal eg anten få gratis eller kjøpe skrekkeleg billig. Og sjølv om det er mykje skrot å få, så er det også ganske mange heilt …

Hansa vant juleøltesten i Valdres

For nokre veker sidan så var eg med Avisa Valdres og testa årets juleøl. Det er i dag publisert i Valdrespuls.

Eg skal vel ikkje akkurat kalle meg ein ølekspert, og var vel den i panelet som har drukket minst øl i livet mitt. Men det var verkeleg interessant å smake øl på denne måten (blindtest), og når du drikker 19 typer øl etter kvarandre, så kjenner du verkeleg forskjellen. Og for fyrste gong i mitt liv klarte eg å kjenne forskjellen på god og dårleg øl. I panelet var vi stort sett einige.

Mine toppscore var i butikkølklassa Fredrikstad sin juleøl, og i polklassa så var det Hansa som fekk desidert høgast poengsum av alle frå meg. Likevel så var det Hansa sin butikkøl som vant i den klassa, medan Christiansands bryggeri vant i pol-klassa.

Så i år, kjem eg for fyrste gong til å drikke øl til julematen. Og det blir nok Hansa sitt sterkøl som kjem til å gå ned på høgkant (sjølv om eg har ein mistanke om at min bror, Bryggerimeister Blåfjelldal, ikkje kjem til å vere sams med meg om det…

Vågå - kva?

Eg trur ikkje er eg har møtt mange folk her inne i Oslo-gryta som faktisk veit kor Vågå er hen, og ikkje veit dei mykje om plassen heller. Dei fleste spør: "Ja, det er vel i nærleiken av der du kjem frå det?". Da smiler eg litt av dei, og seier at joda, det ligg jo i samme fylke. Men på vinterstid når Valdresflya er stengt, så er det 24 mil mellom desse to plassane. På sumaren er det altså berre ca 16 mil. Like langt som det er frå der eg kjem i frå, Bagn, til Oslo....:)

Men kor i gokk er Vågå, vil nok mange lure.

Kjør E6 frå Oslo til du kjem til Otto. Ta mot Stryn frå Otta, og neste kommune du då kjem til er Vågå. Vågå er også nabokommuna til Lom (heimplassen til min favorittdiktar Tor Jonsson). Besseggen ligg i Vågå. Arne Brimi kjem frå Vågå. Og Knut Hamsun er født i Vågå. Og no skal altså Vågå lage den beste skulen i Noreg.

Vågå er også den nest-største AP-kommuna i landet. 70% oppslunad fekk AP ved forrige kommuneval. Og utan at eg er statsvitar, så vil eg vel våge å påst…