tirsdag 8. desember 2009

Ein smule umotivert

Ingen har fortalt meg at det skulle vere så grusomt å vere i ein jobb ein veit ein ikkje skal vere lenge i. Ikkje det at eg ikkje trivst på jobb. Kollegaene er kjempehyggelige, og eg ler kvar dag. Det er heller ikkje slik at eg gruer meg til å gå på jobb.

Men såååå umotivert. Og for dykk som kanskje savner politikk på denne bloggen. Eg har offisielt gått på ein politisk smell, og klarer ikkje motivere meg for noko som har med politikk å gjere. Eg kjenner eg nesten gjer litt blaffen. Når folk kranglar om noko eller har diskusjonar, så tenkjer eg berre: "Kem bryr se" eller "Sjå det bryr me".

Men som eg gler meg til å starte i ny jobb på nyåret. Faktisk skulle medverke til utvikling. Ikkje berre prate om kor fint det er med utvikling. Og då skal de få sjå motivert jente, då!! :)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar