Gå til hovedinnhold

Leaving Oslo

No har eg altså forlatt Oslo. Kjørte fløttelasset 21.desember, og fikk jammen med alt på hengeren til Vågå også. Men Gud bedre det var lenger enn eg hadde trudd opp dit. Eg var ikkje tilbake att i Valdres før halv to på natta, og min stakkars far som køyrte, var vel ikkje tilbake i Oslo før halv fire utpå natta. Men koseleg får eg det i Vågå. Har fått kjempefin (og stor!) leilighet, og drassa med ein tretti år gammal seksjon (som eg fann gratis på finn.no) frå Oslo og opp dit. Så eg trur eg kjem til å få det bra.

Eg har feira jul i Valdres, og brukt mesteparten av ferien på å sortere ting. Og eg har komme til ein konklusjon; eg har altfor masse ting. Eg har kasta og kasta og kasta, og sortert litt. Klede har eg altfor mykje av, og eg har spart på alt mogleg frå studier, politikk og jobb. Eg har sikkert kasta eit tonn med papir. Men no er alt snart ferdig sortert. Heldigvis har eg ein leilighet her i Bagn, som eg kan ha alt rælet i, så eg skal forsøke å ta med meg minimalt til Vågå. Men vi får sjå. Vi får sjå.

No forsøker eg å motivere meg sjølv til å fullføre semesteroppgåva for PPU, som eg må ha ferdig seinast i morgon, slik at eg kan få sendt den i posten før eg reiser sydover. Og det er ikkje lett (og det er mest fordi eg synes det er kjedeleg). Og på onsdag reiser eg til Syden. Verkelege Syden. Altså, til Gran Canaria. Saman med Duden og nokre andre gærningar. Det blir min jomfrutur til Gran Canaria, så dette blir moro!

Har forresten også brukt jula til å sette opp personleg budsjett. Må ha det nå når eg skal kjøpe bil. Det blir verkeleg dyrt! Men skal nok få råd til det. Eg skal berre slutte å kjøpe ræl. :)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein