Fyttirakkern så mange ting det klarer å samle seg opp i ein 23 kvm stor leilighet i løpet av tre år. Eg visste eg hadde mykje ræl, men at eg skulle ha så mykje ræl hadde eg ikkje trudd.
No har uansett Ida og Mamma kjørt heim mesteparten av rælet til Valdres, og leiligheten min er for fyrste gong sidan eg flytta inn, ryddig. Dette blir vel min siste laurdag i leiligheten før eg flytter, og eg tenkte eg skulle tenne eit lys, sprette ei flaske Cava og tenke gjennom kva eg har fått ut av desse åra i Oslo. Og så skal eg vel fundere litt på korleis livet framover blir. Livet utan Oslo, utan politikk, utan sushi og utan ein liten leilighet på 23 kvadratmeter. Oslo; eg kjem nok til å savne deg uansett kor fint eg får det i Vågå.
Miljøbevisst som eg er, har eg no pløyd gjennom "gis bort-annonsene" på finn.no. Eg trur ikkje eg gidd å kjøpe meir ræl nytt, så no skal eg anten få gratis eller kjøpe skrekkeleg billig. Og sjølv om det er mykje skrot å få, så er det også ganske mange heilt OK ting. Eg må fylle opp 80 kvadratmeter i Vågå, og sjølv om eg har mykje ræl, så treng eg altså meir ting. Blant anna sofa, bord, hyller, seng +++.
Eg veit eg ikkje skal bruke bloggen som ei annonse, men er du interessert i liten og søt leilighet, så sjå på denne.
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar