Dei aller fleste som kjenner meg, hadde nok trudd eg kom til å flytte til Bergen viss eg fyrst fekk meg ein ny jobb og skulle forlate Oslo. Ikkje fordi Bergen er ein så forbanna fin by, men fordi eg har ein kjærast som bur her. No blir det altså i staden for, meir tid med avstandsforhold (eg har halde ut i 1 1/2 år no). Det er ikkje ideelt, men eg kan ikkje gje opp livet mitt, draumane mine og ambisjonane mine, sjølv om det verkeleg fristar nokre gonger. Når eg såg denne jobben i Vågå, så kunne eg ikkje la vera å søke, og når eg fekk tilbud om jobb, så kunne eg ikkje takke nei. Så difor flytter eg lengre vekk frå kjærast, frå vennene mine og frå familien min.
Det er 381 km mellom Vågå og Bergen. Mellom Oslo og Vågå er det 310 km, og mellom Vågå og Trondheim er det 252 km. Heim igjen til Bagn i Valdres er det 239 km på vinterstid. Vågå er liksom plassert midt mellom alt, og du får ikkje tru det er noko flyplass i nærleiken. Jernbane går det heller ikkje forbi, sjølv om ein kan reise ned til Otta for å ta tog til Trondheim eller Oslo. Men til Bergen kjem eg meg ikkje effektivt utan å bruke bil (og då tek det over fem timer, men dobbelt så lang tid med buss). Så eg ser verkeleg frem til å sette meg i bilen kvar einaste fredag for å køyre over fjellet til Bergen. Men kva gjer ein ikkje for kjærleiken? Eller var det for dømmejobben eg gjer det??
Eg har fått meg leilighet i Vågå også. 80 kvadratmeter! Dæven! Etter å ha vore vant til 23 kvm i Oslo, så skal jo dette bli rart. Så no må eg berre få leigd ut krypinnet mitt på Bjølsen i Oslo.
Og så må eg kjøpe bil...og det skal jo bli moro. Har verkeleg ikkje peiling, og treng desperat råd. Men alle råda eg får er veldig sprikande - for å si det mildt. Eg begynner å forstå at det er like mange meiningar om bil, som det er bileigarar.
tirsdag 1. desember 2009
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Lykke til med flytting til Vågå. Vi sees nok der oppe, som innflyttere begge to (o:=
SvarSlettJeg har en Prius - som er perfekt her i Oslo. Når jeg flytter til Vågå så blir det nok en 4x4. Er så FANTASTISK mye vakre steder der oppe, som bli tilgjengelig med en slik bil. (o:=
Skal hilse på deg på Håndtverkeren dersom jeg rekker det (o:= Ishmi Bøhn