torsdag 3. desember 2009

Vågå - kva?

Eg trur ikkje er eg har møtt mange folk her inne i Oslo-gryta som faktisk veit kor Vågå er hen, og ikkje veit dei mykje om plassen heller. Dei fleste spør: "Ja, det er vel i nærleiken av der du kjem frå det?". Da smiler eg litt av dei, og seier at joda, det ligg jo i samme fylke. Men på vinterstid når Valdresflya er stengt, så er det 24 mil mellom desse to plassane. På sumaren er det altså berre ca 16 mil. Like langt som det er frå der eg kjem i frå, Bagn, til Oslo....:)

Men kor i gokk er Vågå, vil nok mange lure.

Kjør E6 frå Oslo til du kjem til Otto. Ta mot Stryn frå Otta, og neste kommune du då kjem til er Vågå. Vågå er også nabokommuna til Lom (heimplassen til min favorittdiktar Tor Jonsson). Besseggen ligg i Vågå. Arne Brimi kjem frå Vågå. Og Knut Hamsun er født i Vågå. Og no skal altså Vågå lage den beste skulen i Noreg.

Vågå er også den nest-største AP-kommuna i landet. 70% oppslunad fekk AP ved forrige kommuneval. Og utan at eg er statsvitar, så vil eg vel våge å påstå at den høge oppslutnaden er på grunn av ordførar Rune Øygard. Han er også forresten no nominert til årets kommuneprofil. Eg har allereie stemt på han, og eg vil be deg om å gjere det same her.

Alt i alt, så er eg allereie blitt Vågå-patriot. Og det før eg har flytta dit. Så eg kjem sikkert til å melde meg inn i Noregs bygdeungdomslag og alle moglege Vågå-organisasjonar. Og neste gong du ser meg, er eg truleg kledd i hettegenser med "Vågå" på, og eit slagord frå Gudbrandsdalen. Kva gjer ein ikkje for bygda si? Sjølv om eg veit at Valdriser og Gudbrandsdøler eigentleg ikkje skal like kvarandre, så føler eg meg så lykkeleg for å ha fått sjansen til å gjere denne jobben, at anything goes.

Og ja: alle må komme på besøk. Merete fra PPU har allereie booka seg inn i vår for å studere Mogop (ho har ein merkeleg interesse for botanikk og latin). Og sidan eg no får leilighet med to soverom, så har eg plass til å ta i mot masse gjester. Eg kan friste med flott natur, nydelig mat, den beste iskremen i verda og ei kommune som er full av utviklingsoptimisme. Og ja, dei har vinmonopol der! Meir enn vi kan skryta av i Bagn! :)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar