Eg er ein stolt bygdetulling på 30 år, med store planar for Bygde-Noreg. Eg er utdanna samfunnsgeograf og lektor.
Eg er frå Valdres, men er no ein lykkeleg innbyggjar i Vågå kommune. Der jobbar eg som prosjektleiar for å utvikle Vågå kommune sin rolle som skuleeigar, med mål om å lage ein heilt unik "Vågå-modell" der målet er å flette lokal kultur inn i skule og barnehage, og skape ein heilskapleg skule som stimulerer alle sansane til elevane.
15.mai 2011 vart eg også vald inn i Framstegspartiet sitt sentralstyre. I denne bloggen kjem eg til å skrive om litt politikk, men mest om korleis det er å bu på bygda.