Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra 2010

Eg byrjar som lærar for 5.trinn frå 3.januar

I blant tek eg avgjerder som er noko impulsive - men som regel er dei fundert i kjenslene mine. Som då eg tok avgjerda om å trekke meg frå fylkespolitikk for fire år sidan, som då eg bestemte meg for å slutte på Stortinget og flytte frå Oslo til Vågå eller som då eg bestemte meg for å slenge meg på Praktisk Pedagogisk utdanning. Alle avgjerdene har vore veldig riktige, men impulsive.

La det vere klart; eg elskar jobben min som prosjektleiar. Eg har tru på prosjektet og eg trur det er viktig at vi klarar å gjere det betre som skuleeigar. Eg har tru på at vi skal klare å få til noko unikt i Vågå. Men eg veit også at eg har for mykje energi, eg har for mange idear og eg er for utålmodig til å jobbe berre som prosjektleiar. Eg brenner for å sette ting ut i live, prøve ut ting i praksis og eg er livredd for å mugne inne og bli folkesky. Eg føler også eg manglar praktisk erfaring som lærar, og at praktisk erfaring vil styrke meg. Det siste halve året har eg tenkt meir og meir på at eg eigen…

Julefeiring i Egypt

Eit stk egyptisk musserande vin, nokre julepakker, litt fruktsalat - og vips, så blir det jul i Egypt også.

Eit stk solsvidd jente utan julestemning på julekvelden, men med verdas finaste julepynt.

Nisser på stranda 24.desember.

Nisse på stranda i heftig diskusjon

Badenymfe

Strandløve

Her ser du hotellet vi budde på.

Alt i alt kan det anbefalast å reise til varmare strøk i jula. Men det var godt å kome heim til Valdres for å knaske kaker og ete mat med feitt i også! :)

Jul i Egypt

Rask oppdatering frå Egypt. Vil få ønskje alle lesarane mine ei riktig god jul og godt nyttår.

Alt bra her. Masse slitsomme egyptarar (og folk fråå Russland), men vinen er ikkje så ille som frykta. Har til og med funne ein ganske god musserande egyptisk (og drakk litt for mange flasker i går).

Julaften blir på Hed Kandi beach bar. Har antrekket i orden, og her ser du hårbøyla eg har kjøpt meg og eg skal ha på meg i morgon. Har for ordens skuld null julestemning, men har fått ganske fin raudfarge på kroppen.

LYKKELEG!!

Alt ordnar seg for energiske jenter. Det er mitt nye motto. Og eg har så mykje energi eg føler eg ikkje får ut - eller som eg må få omset i praksis.

Frå og med nyttår skjer det store ting i livet mitt. Eller store og store; ting blir annleis. Og eg gler meg så!!

Eg er offisielt lykkeleg no. Ting går bra på alle arenaer i livet mitt. Og i morgon reiser eg til Egypt for å ligge på stranda ei veke. Ting kan jo ikkje bli betre då.

Kunst etterlyst!

Det er nokon som lurer på kvifor i alle dagar eg ikkje syner fram bilete av "kunsten" min sidan eg skryt så mykje av at eg er kunstnerisk her på bloggen. Så joda - her kjem det. Her er bilete frå vernissasje hos unge frøken Blåfjelldal 27.november 2010 (og ja, eg feira 29 1/2 årsdagen min samtidig). Dessverre har eg ikkje fått med alle bileta, men du kan sjå eit lite utval.

Tre dagar - og eg er på veg...

Om fire dagar, er eg på plass i Egypt... Om tre dagar gjer eg siste innspurt på pakking... Om tre dagar og nokre timar sit vi i ein bil på veg til Gardermoen. Og kort tid etterpå sit eg og roer meg ned, og seier ja takk til kaffe og nei takk til te.

OG som er gler meg!! Varme! Vin! Sol! Bading! IKKJE LUE OG ULLSTILONGS!

Flyet går klokka sju om morgon. Då starter vi frå Vågå klokka midtnatt. Køyrer heile natta, er framma på Gardermoen omlag klokka fem. Og då er det berre å halde seg vaken til vi sit på flyet, så er det snork, og vakne opp til at sola skin i Egypt!

Julestemning i Valdres

Alle pakkene til familien heime i Valdres, som dei måtte få no - sidan eg ikkje kjem heim før julekvelden. Og ja, det er vel nokon som er litt fornærma for at eg ikkje skal feire her...men; nokon gonger må eg vel tenke på meg sjølv, og det faktum at eg ikkje har hatt ferie enno i år. Eg reknar med det også er i min familie sin interesse at eg ikkje blir lagt inn på lukka avdeling det neste halve året (og tru meg; eg er der no snart!)

Bagn frå verandaen heime. Her ser du mot sør, og elva er Begna.

Eg har fått meg ny lue. Og den er varm!

Meg og niesa mi, Adele. Det er jenta eg aldri får kjøpt nok julegåver til.

Mamma og barnebarnet, som er det einaste ho har prata om med glede dei siste fire åra. :)

Blåfjelldal gjer comeback

Dette er overskrifta på eit oppslag i lokalavisa "Valdres" førre veke. Nokre dagar tidlegare rapporterer Oppland arbeiderblad også om comeback under overskrifta "Blåfjelldal vil inn i Fylkestinget". Då følte eg meg med eitt veldig gamal, og eg tok meg sjølv i å tenke: "Kor lenge borte frå politikken har eg vore?? Og er eg ikkje eigentleg fortsatt 1.vara til Stortinget??".

Bakgrunnen for oppslaga, er at eg er foreslått på 2.plass på nominasjonskomiteen sitt endelege forslag til fylkestingsliste for Oppland FrP. Nominasjonsmøtet er om nøyaktig to månader. 12.februar.

Eg trudde eg var gløymt som politikar etter at eg med brask og bram kunngjorde at eg ikkje gadd meir (som det så fint heiter), at eg no skulle få meg ein skikkeleg jobb og skulle finne meg sjølv og ikkje minst finne ut kva eg eigentleg trur på - innerst inne.

Og for ikkje å gløyme: mitt mest vellukka opptrinn som drama queen på eit nominasjonsmøte for fire år sidan.

Sjokket var difor stort då e…

Reisetips Hurghada?

Sidan det berre er ei veke til vi dreg på denne impulsturen vår til Hurghada, Egypt, er eg ute etter reisetips. Prøver å finne noko på nettet, men finn lite. Så har du vore der, og kan dele erfaringar med meg, blir eg glad.

- Kva må vi ta med frå Noreg? (varme klede til kvelden?)
- Fine restauranter med god mat og god vin? (som til dømes kan passe å feire julekvelden på)
- Er vinen der nede så ræva som folk skal ha det til? Kor får eg tak i cava?
- Kvar er det bra å shoppe? Nokon skjulte perler som vi bør få med oss?
- Er det noko vi MÅ ha med oss når vi er der?

Tek gjerne i mot idear og tips slik at opphaldet blir best mogleg. Er mest bekymra for vinen...dei som kjenner meg veit eg er glad i vin. Og på grensen til avhengig av cava...

Firkanta i augo

Så vart eg sjuk eg også. Det eg trudde ikkje skulle skje. Eg som trudde eg var immun mot alt. Sjølvsagt måtte det skje rett før eg var invitert i pinnekjøt- og smalahovelag. Dette skulle vere mitt fyrste forsøk på å knaske i meg saueaugo, men neida: influensa kom og sette ein effektiv stopper for det.

Fyrste teikn på at eg blir blir sjuk, er når eg i løpet av natta drømmer så kjedeleg og innvikla, at eg vakner fordi det er kjedeleg å sove. Det gjorde eg natt til onsdag. Og eg kjende det med ein gong; det er influensa som kjem! Eg gjekk ein tur på jobb for å få unna alle må-oppgåvene med dead line. Etter det gjekk eg heim. Heim for å sutre.

Og no har eg sett på tv tre dagar i strekk. Det er ikkje rart eg får vondt i hovudet, i musklane og blir dårleg psykisk når du brukar tre heile dagar på å sjå på alt (eg meiner ALT) som går på tv på dagtid. Her prater vi Glamour, I gode og onde dager, tv-shop, Operah, Dr.Phil, Americas funniest home videos og gudene veit kva dei sender. Mykje ræl i …

Ferieforvirring

Då vi skulle bestille ferietur i jula, stod valet mellom Tenerife og Egypt. På grunn av mange gode råd som sa det var for kaldt på Tenerife, vart valet Egypt.

No har eg fått høyre frå familie som har vore der: det er knallkaldt i Egypt på denne tida av året. Går ikkje an å ligge på stranda i det heile take. Det er sjølvsagt varmare enn i Noreg då, seier dei (ja, eg håper ikkje eg har betalt mykje pengar for å oppleve noko som er like kaldt som i Noreg).

Vi får uansett tru det blir bra. Det går sikkert an å sitte ute og drikke vin. Også går det faktisk sikkert an å gå ein tur utan å fryse i hjel. Så får det heller vere at det ikkje blir mykje strandtid, og at eg ikkje kjem til å tørre snorkle på grunn av redsel for hai.

Og ja; feiring av julekvelden blir i Egypt. Det kan jo bli spanande. Det blir min fyrste feiring av julekvelden utanfor Noreg. Og det er kanskje på tide når ein snart er 30 år...

Bokstavkjeks og solo

I dag vakna eg klokka fire, og eg visste ein ting; eg er i ferd med å bli influensasjuk. Eg visste likevel eg måtte på jobb sidan eg hadde eitt møte og ein dead line. Rett inn på Coop'en før jobb. For når ein er sjuk, er det berre ein ting som funker: Solo og bokstavkjeks!!

Eg gjekk heim klokka eitt - og no er eg offisielt sjuk. Eller aktiv sjuk, som det kanskje heiter. For pc'en er med heim - så blir vel heimekontor-sjuk...

Eg har brukt fleire hundre tusen!

Når du blir skikkeleg stolt inni deg fordi du klarer å kjøpe ein billett til Metroen i Budapest, då veit du at det er for lenge sidan du har vore ute og reist åleine.

Eg har no vore nokre dagar i Budapest, og det har vore heilt fantastisk. Eg kom på torsdag, og med nokre timar ledige før seminaret eg skulle på - måtte eg berre springe ned til julemarkedet for å bruke pengar. Eg hadde ikkje peiling på kor mykje desse ungarske pengane var verdt (men vi trur jo alt er billig i utlandet - gjer vi ikkje?), men då eg hadde svidd av femti tusen fann eg ut det var på tide å gje seg. Julemarked var kjempekoselig. Mange tacky souvernirar (og då veit alle kva dei får i julegåve i år), ungarsk mat og varm raudvin. Å gå rundt der åleine og berre lukte inn atmosfæra, røyke og drikke varm raudvin. Herleg! Og når du veit du trivst i eige selskap, då veit du at du har det bra. Og når du kan sjå forelska par rundt deg, og du smiler til dei, og blir glad av at folk har det bra (utan å bli bitter og tenk…

PISA – nok ein gong

I morgon kjem dagen alle vi i skuleverket har gruegleda oss til dei siste to åra: PISA-resultata blir publisert.

Truleg vil resultata vise at Noreg ligg under snittet, jentene gjer det best og at det er ein negativ samanheng mellom tru på eigne evner og prestasjonar. PISA vil også vise at det ikkje er nokon samanheng mellom pengar brukt på utdanning og resultat.

Mange vil i morgon hevde at PISA berre måler det som kan målast. Skulen skal jo også bygge opp andre kompetansar hos elevane enn lesing, rekning og dugleikar i naturfag. PISA måler jo ikkje det integrerte eller det miljømedvitne mennesket. Eg er delvis einig, men trur vi skal ta innover oss at PISA måler kompetanse som elevane vil få bruk for, og erkjenne at vi ikkje er gode nok.

Vi veit nok om resultat i skulen til at vi kan slutte å famle i blinde. Vi veit at når ein ser bort i frå sosial bakgrunn, er det ein faktor som meir enn noko anna er avgjerande for læringsutbyttet hos elevane; nemlig lærarane. Vi veit at forholdet mel…

Innihampen kaldt!

"Neida - det blir ikkje kaldt i Vågå". Det var det folk sa til meg før eg flytta hit. Eg har aldri blitt lurt meir i heile mitt liv (og no inkluderer eg alle idiotar av mannfolk/smågutar/ubruklege dustar eg har møtt dei siste ti åra). Då eg flytta hit for snart eitt år sidan, var det minus 35 grader. Og då sa folk: "Dette er unormalt. Så kaldt har det aldri vore". Det var januar.

Desember skal liksom vere ein koseleg vintermånad der det er snø og mildvêr, slik at eg kan lage snømann. Men neida - i dag er det 1.desember og 24 minus. Kva seier folk no? Vi har ALDRI hatt så kald november, og normalt sett er det aldri så kaldt i desember.

IDIOTI!!! Det er bikkjekaldt og eg er snart tom for ved. Og strømmen her ligg i midt-Noreg-region og er dyrast i landet. Eg kan truleg spare inn ei vekes strømforbruk ved å reise til Syden ei veke. Summen går truleg opp i opp. Bortsett frå at eg sjølvsagt ikkje kan skru av strømmen mens eg er borte - for då frys vatnet!

No tenkjer eg: …

Galleri Blåfjelldal

Som den snobben utan sjølvinnsikt eg er, har eg på laurdag invitert til vernissasje. Og ja, også feiring av 29 1/2 årsdagen min. Denne dagen er det også "Sansedag" i Vågå, så det passar jo bra at eg inviterer til vernissasje der gode vener skal få eit innblikk i kunsten eg har styra med det siste halve året. Og eg tenkjer også det er på tide at Vågå får seg eit kunstgalleri...

Eg har dei siste månadane sysla med målarkunsten som terapi for meg sjølv etter eg vart singel. Dette skulle hjelpe meg til å bli rolig og harmonisk - noko som må seiast å ha vore skikkeleg mislukka.

Eg er heilt elendig til å måle. Eg eig ikkje talent. Men det er skikkeleg moro. Og det får hjerna mi til å kople av alt anna, og slutte å bekymre meg for alt mogleg rart (og eg bekymrer meg alt for mykje. Unødvendig mykje!).

Og vernissasje er noko ein bør ha meir av på bygda. Så når ingen andre inviterer, gjer eg det. Så då blir det cava, fingermat, høge heler og paljetter. Og berre jenter invitert sjølvsag…

Vågå - slik ser det ut!

I samband med eit fotoprosjekt vi skal i gang med i skule og barnehage i Vågå, skal eg teste ut kamera og finne ut korleis ein kan bli råflink til å ta bilete. Så det er eg i gang med no. Har kamera og ei svær bok om digitale foto, som eg er i ferd med å pløye meg gjennom (men sjølvtilliten er på botn etter at Morten Krogvold hengte meg ut som elendig fotograf foran alle tilsette i kulturhuset i Vågå, og eg tok ikkje fleire bilete den kvelden nei! :)). Og i den samanheng, skal de få sjå korleis det ser ut i Vågå.

Her ser du kommunehuset i Vågå (altså min arbeidsplass):

Utsikt mot Vågå hotell, Finnbrua og shoppingdistriktet:

Utsikt mot andre delen av sentrum, Bokhandelen Kafe og meir shopping:

Utsikt mot Vole, Blåhø og med kyrkja i forgrunnen:

Kraftgiganten Eidefoss har kontor rett ved kommunehuset:

Søt jente som er å finne på kommunehuset:

Slår eit slag for palliativ behandling!

I valgkampen 2009, lærte eg meg at vi som vil imponere med å kunne mange framandord bruker ordet "palliativ behandling" om det folk flest kallar smertelindrande behandling. Då eg vart sendt ut i x antal debattar om aktiv dødshjelp, var det mange som brukte dette ordet for å sette meg ut, og sikkert ikkje trudde eg visste noko som helst. Eg svarte alltid med: "ja, sjølvsagt må den smertelindrande behandlinga bli betre, men i land der ein har innført aktiv dødshjelp, så har ein samtidig sett at den smertelindrande behandlinga har blitt betre fordi ein ser nødvendigheten av å gjere noko med dette". For ja; du førebur deg til debattar når du veit du skal diskutere med sinte leger som ser ut som dei vil drepe deg (eg skal ikkje nemne namn).

Vel - i helga fekk eg oppleve kva smerte er. Og kva enkel smertelindrande behandling kan gjere for både kropp og sjel.

Eg slit med tannverk. Skikkeleg tannverk. Det har vore slik av og på i nokre veker no, og eg har tenkt det går ove…

Praktisk pedagogisk utdanning?

Namnet Praktisk pedagogisk utdanning må vere det mest misvisande namnet som finst på ei utdanning.

Dei siste månadane har det rulla ein debatt rundt Praktisk Pedagogisk utdanning (PPU) ved Universitetet i Oslo. Studiet blir skulda for å vere verkelegheitsfjernt, og lærarane for å vere useriøse.

Eg har vore PPU-student (rett nok ikkje ved UiO), og kan skrive under på at eg føler utanninga er alt anna enn praktisk. Eg er ekspert på sosiokulturelle læringsteoriar, Vygotsky og Piaget. Eg har hatt stor nytte av desse teoriane når eg møter andre folk som har take PPU – då har vi eit felles referansepunkt for å gjere narr av studiet. I klasserommet kan eg ikkje hugse eg har hatt bruk for noko av det eg lærte i pedagogikkdelen.

Innhaldet i utdanninga må bli forskingsbasert. Vi må lære om kva for faktorar i klasserommet som fungerer. Min form for undervisning er enno ryggmargsbasert, og ikkje forskingsbasert. Eg gjer det eg trur fungerer, men er sanneleg ikkje sikker.

Eg lærte ingenting på PPU…

Då eg såg elgen i kvitauge

I kveld skjedde det meg også. Oppe på Torpa-åsen midt framfor meg i vegen, såg eg plutseleg eit svært beist av ein elg, stirre meg inn i augo. Eg tenkte ikkje mykje, men eg var sikker på at eg kom til å døy. Eg registrerte også at ho hadde med seg ein liten elgkalv (men eg kan ha fantasert). Det neste eg registrerer er eit smell eller eit voldsomt skrap på baksida av bilen (eg spelte veldig høg musikk). Eg får fullstendig panikk, veit ikkje kva eg skal gjere, er heilt åleine midt oppe på fjellet i mørket. Eg tørte ikkje stoppe av frykt for at elgen skal ta hevn, men får summa meg til å kjørt inn på næraste stopp etter å ha putra av gårde i 40 km/t ei stund, og ha blitt kjørt forbi av mange som sikkert lurte på kva for ei gamal dame dei har sleppt laus langs vegen.

Eg må ringe nokon, tenkjer eg. Tør ikkje gå ut av bilen. Tør ikkje sjå på skadene på bilen. Ringer Ida. Full panikk. Nesten på gråten. "Må eg ringe og si i fra til nokon?". Får hjelp av engasjert familie, og med be…

Leite etter lykka

Det er merkeleg, men eg kan ikkje hugse at folk la seg opp i privatlivet mitt då eg budde i Valdres. Her er det tydeligvis blitt si stor greie. Eg kan heller ikkje hugse at nokon fekk med seg om eg hadde vore på nachspiel ein plass, om bilen min stod parkert utanfor huset til ein kompis, flamme eller berre ei veninne. Eg kan heller aldri hugse at eg la merke til om naboen hadde besøk, og av kven. Og enda eg er ganske nysgjerrig..

Men anten er folk i Vågå meir nysgjerrige enn i Valdres, eller så er folk meir interessert i kva eg måtte drive med oppi her enn dei var i Valdres. Eg veit ikkje...eg trudde folk berre var paranoide som trudde at folk brydde seg om kven folk måtte ha besøk av. Men dei bryr seg!

Heile Vågå visste det då eg skulle ha innflyttingsfest (eg fekk spørsmål frå heilt ukjende folk om det kom mange på festen min), alle får med seg litt for berusa Hanne ute på byen (noko som forsåvidt ikkje er mogleg å unngå) og alle får med seg kva, kven og når eg har besøk. Det er no eg…

For nokre idiotar!

Dei orda har eg tenkt mykje i dag. Ryktene om at det var nokre FrP-folk i Tromsø som hadde støtta dødsstraff frå talerstolen i kommunestyret, nådde meg alt i går. I dag fekk vi lese det på trykk i nettavisene.

Eg bruker ofte å respektere andre sine meiningar. Men når det kjem til grunnleggjande spørsmål om menneskesyn, klarer eg det ikkje. Eg lurer på kva slike folk er blitt utsett for i barndommen, når dei klarar i fullaste alvor å vere for dødstraff. Dette er ofte dei samme folka som er svorne motstandarar av abort - fordi dei er i mot å ta liv. Av alle dobbeltmoralistiske ting i heile verda, må dødsstraff vere det verste. At offentlige myndigheiter skal kunne straffe noko med døden strider mot mine liberale prinsipp om at livet er ukrenkeleg. Å ja - folk gjer avskyelege ting, og eg skjønner om folk har lyst til å drepe folk som har skada dine næraste. Men det er ein grunn til at det er staten som skal ta seg av straff - slik at det ikkje utviklar seg til auge for auge og tann for t…

Eg er populær!

På fest i helga, så var det nokon som sa noko interessant til meg (vel..dette er det einaste eg sikkert hugsar frå festen, og ein hugsar jo berre det som handlar om deg sjølv): "Lite kult a..du er den 3.mest søkte-på-personen i Vågå på Vg sine skattelister". Vedkommande meinte dette kvalifiserte til kjendisstatus. Vel..eg var nettopp inne og sjekka, og no er eg heilt nede på 8.plass. 37 personar har søkt etter kva eg tjener på VG-nett (rett tal er vel då 35 eller 36 sidan eg har vore inne ein eller to gongar sjølv). Så joda - kanskje det eigentleg ikkje er slik at det er eg som leitar etter kommande ektemann på nett, men at det er unge karar som skal finne ut om eg er noko å satse på. Vel; det som ikkje står i skattelistene er utstyrskista mi (med alt sølvtøyet), og det faktum at eg har gjeld fem gonger eiga inntekt. God bedring til deg som vil satse på meg!

Sit i Oslobygda no. På Bondeheimen (sjølvsagt!). Vi held tradisjonane ved like, og bur her Tor Jonsson brukte å henge d…

JAAAA! Skattelister!

I skrivande stund, er ikkje lengre skatteoppslag hovudoppslag på VG-nett, men no har "fedmeduellen" take over. Det er tydeligvis to ting som engasjerer om dagen: er det din egen feil om du er tjukk, og kor mykje tjener kollegaen eller alle kjendisane.

Eg hugser då eg var liten. Då var ikkje skattelistene på nett. Men til gjengjeld fekk vi kjøpt dei i alle butikkane heime i Bagn. Trykt opp i eit fint hefte. Alle heimane hadde ein. Eg hadde moro av å allereie då sjå etter kven eg skulle gifte med meg når eg vart stor - eg såg etter kven som hadde foreldre som var rikast. Vel..eg er fortsatt ugift.

Det er mykje kulare no. No går eg rett inn på VG-nett. Der skriv eg inn mitt eige namn, og så kan eg finne ut mellom anna kor høgt eg er rangert i 1981-kullet. Og eg er den som tener 9.mest av alle fødd i 1981 i Vågå kommune (forresten veldig rart å sjå eg er lista opp i Vågå, og ikkje Sør-Aurdal). Då finn eg samtidig ut kven som er den beste fangsten av menn fødd i 1981. Vel..eg v…

Uuuuutlandet!

Here I come!! Lenge sidan sist eg har vore så i ekstase over ein snartur til eit anna land. Men no er eg det. Når det førre framande landet du var i heitte Syden (nærare bestemt Gran Canaria i eit Spania der du må leite for å finne spansk), skjønner du at det er på tide å kome seg vekk.

Så når eg då får førespurnad om ein stressopplegg-tur til Brüssel for å lære om korleis vi skal fremme kultur og kreativitet hos ungar, då seier du ja takk. Og eg gler meg så. Har blitt inngrodd i ein liten dal i eit lite navlebeskuande land. Treng andre impulsar. NO!!!

Reiser i dag. Framme i kveld. Konferanse i morgon. Attende i morgon kveld. Er på Lillehammer att 0135 natt til torsdag. Må overnatte på Lillehammer sidan eg ikkje tør ta sjansen på å køyre attende til Vågå midt på natta. Full fart til Vågå att klokka sju neste morgon for å rekke møte klokka 10. Så blir det full fart attende til Hamar på kvelden att sidan eg skal i møte med Fylkesmannen tidleg dagen etterpå. Og SÅ??! OOOOOOOOSLO. Og Lady …

Språkrot hos Dagsavisen

Ein gong i månaden er eg fast spaltist i Dagsavisen i spalta "Blåmandag". Og no har Dagsavisen funne ut at dei skal lese korrektur på bidraga mine. Og anten har Dagsavisen elendige korrekturlesarar, eller så prøver dei å framstille meg som ein tulling. Eg veit ikkje kva som er verst. I mitt siste bidrag, så har dei klart å "rette" ord som er korrekt norsk med ord som ikkje er det, dei har "retta" god nynorsk til meir konservativ nynorsk og dei har klart å "rette" kjønnet på eit substantiv.

Sjå på det her:

1. "Misnøya" retta Dagsavisen til "Missnøya" (er retta oppatt i nettartikkelen, men står enno feil i papirutgåva)

2. "Sin dialekt" retta Dagsavisen til "Si dialekt"

3. "Tør" retta Dagsavisen til "torer" (her er det valfritt, og eg bruker "tør" i min dialekt)

4. "Dessverre" har dei retta til "diverre" (også her er det valfritt).

Eg var så sint at eg nesten grei…

Utdannar vi elevane vekk frå kreativitet?

I eit forsøk på å førebu meg til eit seminar i Brüssel i morgon om kreativitet hos ungar, driv eg no og les meg opp om både ein organisasjon som heiter CCE (Creativity, Culture and education), og ulike program i andre land. Og eg har fått meg ein ny helt. Han heiter Ken Robinson. Eg vil anbefale dette foredraget av han. Det tek tjue minutt, og det er truleg dei best brukte tjue minutta dine i dag.


Ken Robinson meiner at kreativitet bør ha samme status i skulen, som lesedugleikar har i dag. Han meiner at vi gjennom skulegangen lærer oss til å bli livredde for å ta feil, og difor sluttar å prøve. Men som han seier: Viss du ikkje er førebudd på å ta feil, vil du heller ikkje komme opp med noko kreativt. Vi utdannar difor folk vekk frå kreativitet.

I alle skulesystem i verda, så er målet akademisk kunnskap, og ein skulle nesten tru vi utdanna alle til å bli professorar på universiteta. Og vi ser på kroppen som noko som skal frakte hovudet (og gjerne berre den eine halvdelen).

Ken Robinson…

Verden kallar Hanne - HALLO??!

Eg var totalt utmatta førre veke. På tysdag såg eg ut som ein zombie, og då skjønte eg at eg måtte gjere noko. Eg bestemte meg for at eg skulle reise heim. Og to dagar med heimekontor her heime i Valdres hjalp på. Roen senka seg over meg, og eg fekk til og med lest ut "Skilpaddens sang" av Jon Roar Bjørkvold. Og eg fekk også kryssa nokre høgdemeter (som eg sjeldan gjorde då eg budde her) der eg fekk utsikt over Bagn:

Då helga kom, fann eg ut at eg skulle reise til fjells. Full av optimisme pakka eg sekken full av faglitteratur og pcen min - og tenkte at no skulle eg verkeleg få lest all den faglitteraturen eg ikkje får tid til elles (tenker jo jobb heile tida). Vel..noko skjer med ein gong ein kjem opp på fjellet.

Eg las nokre sider i ei fotobok, men etter det ga eg opp. Fjellet og stillheita oppmuntrer til latskap. Eg fann ut eg skulle prøve meg på noko skikkeleg skjønnlitteratur. I valet mellom Varg Veum og husmorporno (som var det einaste eg fann på hytta), så vart det Va…

Ei reise i språk og kultur (og eit smertefullt besøk hos tannlegen)

Ivar Aasen var litt av ein fyr. I ein alder av 22 år, fann han ut: "Eg skal lage eit nytt språk, og skal basere det på dialektane i Noreg og reise rundt omkring resten av livet mitt". Tenk det a!! Dei 22-åringane eg kjenner drømmer om bil og damer. Ivar Aasen drømte om å lage eit nytt språk (vel..han drømte visst om ei tenestejente også). Og han var singel heile livet! Noko som får meg til å filosofere over kvifor menn som tenner på bil har draget, mens menn som tenner på språk, slit med damene. Kvifor sleit menn som Tor Jonsson og Ivar Aasen slik med kjærleiken? Må du slite med kjærleiken for å få tid og energi til å skrive så vakkert? Eg er heilt sikker på eg ville forelska meg i dei båe om eg hadde møtt dei! (Eg er i alle fall forelska i lyrikken)

Tobakken og Ivar Aasen var likevel kompisar heile livet. Her ser du pipa hass:



Grunnen til at eg har besøkt pipa til Ivar Aasen, er at eg på ein tur til vestlandet fann ut eg måtte innom heimplassen til nynorskens far, og Ivar Aas…

Haustdrømmer

Hausten er drømmetid. Ingenting er betre enn å gå lange turar i haustvêret og la tankane flyge. Drømme om alt eg skal oppnå og oppleve i framtida. Den andre favorittsysla er å tulle seg inn i eit teppe i sofaen, lese ei bok og berre kjenne på at eg eigentleg er ganske lykkeleg. Det er fint. Sjølv om eg gruer meg til vinteren.

I helga hadde eg besøk av min kjære veslesøster. Og vinteren er komen til fjellheimen. For ho måtte snu midt oppe på Valdresflya fredagskveld, og då vart turen til Vågå plutseleg på 39 mil. Gjev kanskje ikkje meirsmak å kome til Vågå...Eg gjekk meg ein tur mens eg venta på at ho skulle komme, og her kan du sjå bilete av kontrastar mellom haust og vinter:

Men trur det vart litt betre på sundag, då vi gjekk på småbarnskafeen sitt bruktmarked, og der fann vi barnevogn. Og ja, ein ny Blåfjelldøl er på veg. Det er sjølvsagt ikkje meg denne gongen heller, men eg skal bli tante. Ida har ønskja seg unge sidan ho var bitteliten (ho skulle bli Mamma når ho vart stor - eg s…

Mamma?!

Møtefri dag i dag, og slike dagar kan brukast til lenge etterlengta besøk i barnehagane og på skulane. I dag stod Vågås minste skule for tur - Tessand oppvekstsenter. Og når ein fyrst kjem seg dit, kjem ein seg ikkje bort. For det fyrste får eg mat (passar jo på å komme midt i matpausa), sidan barnehagen der har innført ordning med at dei lagar mat der, slik at foreldra "slepp" å sende med nistepakke. Så får eg spørsmål: "Skal du vere med på samlingsstund?". Slikt seier vi jo ikkje nei til. Etterpå kjem spørsmålet: "Skal du bli med ut for å leike bjørnen sover?". Det kan ein jo heller ikkje si nei til. I det heile take får eg meg mange nye vener, og får til og med kompliment for skoa mine. Det største komplimentet er vel då ein av dei søte små skrik: "Mamma!!" med forvilt stemme når eg går vekk. Jøss, tenkjer eg, og tenkjer også at dei små verkeleg er tillitsfulle. Men skal vel ærlig innrømme at morsinnstinktet ikkje er vekt enno!

Fantastisk daga…

Ryddig! Endeleg..

I dag har eg brukt arbeidsdagen på å rydde kontoret mitt (ikkje rydde ut, men altså rydde opp), og det var godt. Eg har det siste halvåret slengt alle papir og dokument ned i ein svær skuff.


No fekk eg systematisert, sett inn i permar og fekk orden. Eg har også fått opp vitnemål for bachelorgrad, mastergrad og ppu på veggen. No føler eg at eg begynner å få eit triveleg kontor. Og som kjent gjev rot rundt meg rot i hovudet, så var vel på tide å få rydda opp.


Dette har vore ei god veke. Har arrangert to meget vellukka kursdagar i musikk for tilsette i regionen, og det er fantastisk å sjå lærarar gløde for faget sitt slik eg har sett desse to dagane. Det gjev i alle fall meg inspirasjon til å kjempe vidare i jobben!!

I kveld skal Jon Roar Bjørkvold inspirere i Vågå kulturhus, og i morgon skal han møte arbeidsgrupper i prosjektet vårt. Eg vil difor avvente stort tankearbeid til etter dagen i morgon, når mykje arbeid skal koordinerast, vi skal "tenke på tvers". Håper på fullt hus …

Verdiskapningen - vårt nye bygdedyr?

Inspirert av sjefen på nynorskkurs, tenkte eg at eg skulle gå systematisk til verks for å finne ut kven denne verdiskapningen er.

Eg startar med google: Verdiskapningen ga "91 200 treff". Det må vel bety at han finst?

Fyrste treff er frå noko som heiter Kunnskapssenteret.com. Dei meiner Verdiskapningen er: Verdiskapningen i et samfunn er på mange måter lik verdiskapningen i en bedrift.

Dette gjorde ikkje meg mykje klokare, sidan eg korkje har truffe på Verdiskapningen i ei bedrift eller i samfunnet.

På Nytid.no finn eg ein kronikk av Petter Bae Brandtzæg med overskrifta "Verdiskapning 2.0". Eg skjønner ikkje så mykje, men det er tydeligvis snakk om ein ny skapning du kan finne både på facebook og twitter. Eg er mykje på facebook, men Verdiskapningen har eg ikkje sett.

På nrk.no finn eg ein artikkel med overskrift: "Skurker gir verdiskapning". Med eit sitat av ein politibetjent: - Hvor verdiskapningen blir lokalisert avhenger av hvor politiet eller advokaten…

Nynorskkurs og språktips

Tek ei pause i sundagsarbeidet her på kontoret (eg treng snart hjelp!) - for å skrive nokre ord om kva eg lærte på nynorskkurs her i kommunen på torsdag. Det fine med å jobbe i ein nynorskkommune, er at vi får tilbod om slike kurs. Det viktigaste fyrst: eg har lært meir fine og smarte triks på desse kursdagane enn eg gjorde i norskundervisninga i grunnskule og vidaregåande (eller kanskje var det berre at eg denne gongen var ein elev som faktisk høyrte etter??). Og det er eit godt utgangspunkt.

Stikkordsliste over lærdom og smarte triks frå nynorskkurs med Mathias Øvsteng her i Vågå:

1. Det er ikkje feil. Det er berre frykteleg dårleg (sagt om dårleg kommunalt språk direkte oversett frå byråkrat-bokmål).

2. Skriv det slik du ville sagt mens du prata med naboen over gjerdet

3. Eit medium - mediet - fleire medium - alle media er rett bøying (også på radikalt bommål). Her syndast det mykje i avisane, og det er feil å seie: "Eg går på media" (som i tydinga eg går på medie-linja)

4…

I like the way it hurts

Eg var på handballtrening i går. I dag klarer eg nesten ikkje å gå. Eg kjende det allereie etter å ha stått i mål i ti minutt at dette kjem til å gå ad undas. Etter ein times handballtrening ga eg opp, og brukte den siste halvtimen til å sitje på sidelinja der eg observerte og tøyde ut mine noko øydelagte bein. Eg hadde gløymt at det var så slitsomt å stå i mål. Enno no var vi tre keepere som bytta på, men eg var skutt. Beina mine er heilt ødelagt, enno eg følte eg ikkje bevega meg i det heile take. Men tydeligvis bevega eg nokre "musklar" som har fått kvile i 11 år.

MEN; det er jo godt å kjenne på at ein har brukt kroppen sin att. Det er vel ein god smerte, og eg har ikkje tenkt til å gje meg. Men eg trur ikkje eg skal gå på ein smell i starten av (hadde eg pressa meg sjølv hardare i går, hadde eg nok ikkje klart å gå i dag). Og etter kvart får eg kanskje meir overskot og glede av dette. Men akkurat no føler eg at eg ikkje får tid viss eg skal gjere jobben min skikkeleg (sj…

Verdsmeister Hanne

Dei som kjenner meg, veit at eg etter litt (eller mykje) vin kan bli ganske høg på meg sjølv. Som eg elskar å prate om Hanne og kor fantastisk eg er! Også er eg verdsmeister i alt. For litt under to veker sidan, fekk eg ei teksmelding frå ei veninne i Vågå, der det står: "Håndballtrening i morgon. Du kan sitje på. Vi køyrer klokka sju frå Vågå". Då demrer det for meg at eg truleg på ein fest har prata om at eg er knallgod i håndball, og at det er eit hån mot håndballsporten at eg ikkje speler håndball lenger. Då vart eg redd, og sendte melding attende om at knebeskyttarane mine låg i Valdres, og at eg skulle bli med når eg fekk henta heim dei.

No er eg heime i Valdres, og har funne knebeskyttarar og håndballbukse md nummeret "73" på. Utstyret er ikkje blitt brukt på over 10 år. Eg var då håndballkeeper på Fagernes sitt J16-lag. Eg var tøff i trynet og tjukk, og difor stod eg i mål. No er eg ikkje tjukk lengre, men har fiskebollearmar og nikotinkondis. Ikkje kan eg …

Mitt Vågå - del 1

Okey. Eg skal innrømme det. Eg har sett mest innsida av kontoret mitt denne veka også. Men etter eg kjem meg heim frå jobb utpå kvelden, prøver eg å tvinge meg sjølv ut. Og det gjer godt når eg kjem meg ut. Her ser du mitt vakre Vågå på mine daglege turar. Tatt nesten på toppen - når eg er så andpusten eg ikkje klarar å prate.





Min verden del 1

Ungdomsskuleelevane her i Vågå er no i gang med fotoprosjekt. I kunst og handverken, skal dei no dokumentere "Mitt Vågå" ved hjelp av å ta bilete. Veldig artig, sidan ungdom i dag kanskje er flinkare til å uttrykke meining gjennom bilete enn gjennom skrift. I dag var eg med i undervisninga for å lære noko (vi har planer om å sette foto på timeplanen på alle skulane og i barnehagane våre i løpet av hausten). Eg skal lage mine eigen fotoserie med "Mitt Vågå", og skal ta mange bilete i løpet av denne arbeidsveka. Men eg skal no starte med nokre bilete eg har take med mobilkameraet mitt dei siste vekene, som symboliserer livet mitt. Vi begynner med det siste fyrst:

Besøk av gærne jenter frå Oslo i Vågå no i helga (fleire bilete kjem)! Her lager vi Hawaii Vågå før Gluntan på Bowlingen.

Hanne på shoppingtur på Dokka, og berre MÅ prøve "Onepiece". Nydelig lekkert. Og til dykk som er bekymra: eg kjøpte han ikkje!

Inne i istunnel i Lom tidlegare i sommar. Her ser d…

Læring i aktivitet

Noko av tanken bak prosjektet vi er i gang med i Vågå, er nettopp å stimulere alle sansane til elevane. Vi erkjenner at ungane kjem med både hovud, hender og kropp. Norsk klasseromsforsking viser likevel at mykje av undervisninga foregår i klasserommet, og berre er innstilt på å stimulere det som er hovudet (og truleg berre ein liten del av hjerna).

Vår alles store helt, Håvard Tjora, har sagt noko slik som dette: Mennesket har eksistert i 200 000 år, medan den boklige læringa har foregått i 500 år; det vil si i 0,25% av menneskja si levetid. Han spør seg difor om det moderne menneske lærer betre på andre måtar enn gjennom ei bok.

Eg trur vi må legge eit meir heilskapleg læringssyn til grunn i norsk skule. Vi må sjå alle sider ved elevane i samanheng, og ikkje tru at alle elevane lærer best ved å sitje ved ein pult og høyre på læraren sin.

Håplaus symboldebatt

Det er mogleg eg er blitt ein bitter ekspolitikar, men eg klarer ikkje ta toskete uspel om skulepolitikk seriøst lengre. Det kan verke som om politikarane går på tomgang, kjenner seg makteslause, og berre kjem med oppgulp av ein symbolpolitikk, som ikkje har rotfeste i verkelegheiten.

FrP er i dag ute og vil ha meir matte og mindre musikk. Hallo?? Kor i alle dagar har de vore dei siste åra?? Musikk er eitt av skulen sitt aller minste fag (mat og helse og elevrådsarbeid har mindre timar), og eg ser gjerne at nokon kjem med empiriske bevis på at å ta den eine musikktimen i veka, og omdisponere han til matte, gjev betre resultat. Snarare tvert i mot, så viser det seg jo at har du god opplæring i kunstfag og gjennom kunstfag, så får elevane betre basisdugleikar og dei trivst betre i skulen.

Problemet i dag er ikkje for mykje estetiske fag (snarare tvert i mot), men skuletrøytte elevar som ikkje føler dei meistrar, og ei for teoritung skule. Det hjelp ikkje å gje ei ku som er i ferd med å …

Mykje moro i Vågå framover

Eg har ikkje stort til liv - utanom jobben min (det har endeleg gått opp for meg). Men det er ganske moro på jobben om dagen - sjølv om det blir hektisk framover.

Og sjølv om vi berre er inne i eit forprosjekt enno, så får vi til mykje moro i skule og barnehage allereie i inneverande skuleår. Berre sjå her:

14. og 15.september: Kurs for alle musikktilsette i grunnskulen i Nord-Gudbrandsdalen
16. og 17. september: Jon Roar Bjørkvold kjem til Vågå for å engasjere lokalbefolkningen vår og alle undergruppene i prosjektet
1.oktober: Alle undergruppene skal ha ferdig sine rapportar og svar på mandat (og sidan eg skal føre alle rapportane i pennen, så blir det ein hektisk månad framover).
November: Satsar på undervisningsopplegg i foto med ustilling
2.desember: Forprosjektrapport ferdig

Puh! Om dagen så veit eg ikkje heilt kor hjerna mi er hen, eg føler eg ikkje har kontroll på noko som helst og ser ikkje heilt enden på ting og korleis vi skal kome i mål. Men eg ser fram til desember - når eg har …

Feminist, fy skam deg!

Då eg var 18 år hadde eg mitt fyrste møte med ”Det annet kjønn”, og har vore feminist sidan.

Det var fyrst då eg las Simone De Beauvoir eg skjønte at eg sjølv var med på å medverke til undertrykkande strukturar i samfunnet.

Eg hugsar eg tenkte etter med meg sjølv: Kvifor har eg dårlegare sjølvtillit enn jamnaldrande gutar som alldeles ikkje er smartare enn meg? Kvifor har eg mykje lettare å godta at gutane gjer det betre enn meg enn at andre jenter gjer det? Over ti år etterpå, er dette enno haldningar eg jobbar med i meg sjølv. Eg kallar meg enno stolt feminist. For meg er feminisme å tru på like rettar for alle, men å erkjenne at det i samfunnet er høve som gjer at vi enno ikkje har oppnådd full likestilling.

Som feminist på høgresida får eg kjeft frå begge kantar. Eg får kjeft frå mine eigne fordi eg i det heile take kallar meg feminist, og fordi eg seier eg trur det er strukturar i samfunnet som gjer at vi ikkje har full likestilling i Noreg. Eg ser gutar ta ordet meir i forsaml…

Treng fotohjelp!

Ein smule umotivert sit eg no på kontoret og flikkar på eit undervisningsopplegg i foto og bilete, som vi ønskjer å bruke i skule og barnehage til hausten/vinteren.

Barn og unge møter i større og større grad meining gjennom ulike former for bilete, meir enn skrift. Å kunne skildre og tolke bilete, samt kunne ta gode bilete sjølv er difor viktig. Vi ønskjer å lage eit opplegg der elevane skal bruke lokal kultur, historie og tradisjonar, og så dokumentere dette gjennom sine eigne bilete. Dette skal vere eit tverrfagleg opplegg, og vi håper det skal ende med ei utstilling.

Er det nokon som har gode idear? Tips til kva vi kan gjere og korleis? Kva er viktig å tenkje på? Gode nettressurser eg kan bruke?

Eg treng hjelp. Eg er korkje kunstnar eller fotograf (og viss de ser på bileta eg har take på bloggen min, så skjønner de er eg er ein stor amatør).

Ikkje kan mø noko folkedans..

Slektstreff med Blåfjelldal-slekta i helga. Heldigvis ikkje slik kjedeleg med bunad, bordsetting og formelle greier med dårlege dikta allsanger. Men berre ein haug med folk som samlast på nokre hytter, og der det er lov å drikke vin. Med tanke på at det er sju år sidan eg såg mange av desse folka, så er det jo triveleg å treffe att mange.

Arrangørane frå Fåvang er drevne folkemusikarar. I min familie kan vi lite eller ingenting som ville fått plass i ei talentkonkurranse. Men på laurdagskvelden forventast det at vi framfører eit eller anna. Eller; det forventast vel ikkje, men syster mi og meg nektar å vere dårlegare enn dei som kjem med trekkspel og feler, så då skal vi ordne noko.

Så kva kan vi? Ho kan spele gitar, og vi er begge slik passe gode på ord, rytme og rim. Og så kan vi countrymusikk, og vi er berre halvdårlege til å synge. Så kva gjer vi? Jo, vi finn den enklaste countrysangen å spele på gitar, som vi begge kan synge, og lagar tekst som passer på slekstreff.

Sangen? Carle…