Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2010

Samansette tekstar - blogging i full gong!

No er 10.trinn på Sør-Aurdal Ungdomsskole i gong med oppgåva dei skal jobbe med dei neste tre vekene. Dei skal jobbe med varierte oppgåver som blogging, dokumentarfilm, bilete, reklame og teikneserier blant anna. Men mange av elevane skal jobbe med oppgåva, som å lage sin eigen blogg.

Her er oppgåveteksta til blogging:

5. Lag ein blogg om livet som skuleelev på SAUS, og som ungdom i Sør-Aurdal og Noreg. Bloggen skal innehalde minst tjue innlegg (på minst ti linjer), bilete og videoar. Layout må henge saman med innhaldet. Når de har fått oppretta bloggen (det går raskt) bør de oppdatere dagleg. Sørg gjerne for at det blir diskusjon og fleire kommentarar på bloggen (marknadsfør han med andre ord!). I framsyninga skal de presentere bloggen, der de grunngjev dei vala de har gjort, målgruppe, verkemiddel og andre erfaringar de har gjort dykk. Alle på gruppa skal skrive innlegg. Opprette blogg kan de gjøre gratis på www.blogger.com, www.blogg.no, www.wordpress.com og sikkert også på andre n…

På innsida av norsk skuleverk

Eg har no vore to veker i den nye jobben i Vågå. Og eg har hatt det så moro!! Ikkje mykje ein klarer å nå over på to veker, men eg har fått møtt Fylkesmannen, Stortingebenken, Kommunalt Foreldreutval og ikkje minst har eg vore og besøkt alle dei fantastiske skulene i Vågå. Og eg veldig glad for å oppdage at dei tilsette er positive til prosjektet, og gleder seg til at vi skal komme i gang. Mykje bra skjer allereie i Vågå-skulen, og eg fekk mellom anna sett på dramtisering av eventyr på eit av Oppvekstsentra. Fantastisk å sjå elevar ned i toårsalderen glede seg over å dramtisere norske folkeeventyr. Og neste gong eg skal rundt omkring, så skal eg få oppleve smaksprosjekt på Tessand oppvekstsenter. Og framover er altså planen at me skal bli flinkare på å ta i bruk elevane sine kreative dugleiker i undervisninga.

Den viktigaste jobben fremover er å forankre prosjektet lokalt. Blant næringsliv, lokale foreningar foreldre, elevar og sjølvsagt dei tilsette i skuleverket. Der har vi ein job…

Vågå-modellen: Ein heilt ny måte å tenkje skule på

Kva vil vi?
Vågå kommune har satt seg som mål å lage Noregs beste skule. Vi skal utvikle ein heilt unik modell for skulen, og bruke dette som verkemiddel for å få fleire innbyggjarar, trekke til oss næringsliv og skape vekst og optimisme i kommunen vår.

Vi skal rett og slett bruke skulen som verkemiddel for distriktsutvikling.
For å få til utvikling i Distrikts-Noreg framover, er det viktig at vi satsar på det som er unikt for regionen vi bur i. Vi kan ikkje bli best på alt, men vi kan bli best der vi har våre fortrinn. Vi skal satse på det som kjenneteiknar Vågå, og det vi er gode på i Vågå. Det er slik vi skal skape Noregs beste skule.

Tilpassa opplæring er noko alle elever har krav på, men som diverre ikkje alle føler dei får. Tilpassa opplæring er viktig for å utjamne sosiale skilnader og for å gje alle elevar kjensle av meistring. Vågå kommune ynskjer å lukkast med einskapsskulen, der vi gjer rom for at alle elevane skal lukkast innanfor den offentlege skulen.

Korleis skal vi klar…

Og vi fortsett å prate om været..

-30 i Vågå kommune då eg kom på laurdag. Grisekaldt. Eg skal aldri flytte på vinteren meir (eigentleg vurderer eg å aldri flytte meir). Å flytte inn er definitivt meir moro enn å flytte ut. Har brukt helga til å dekorere leiligheten, skrive lister (over kva eg manglar) og ellers berre nyte stillheita. Eg har korkje tv eller internett enno. Og det er eigentleg ganske kjekt. Bilturen oppover gjekk som ein leik. Eg elskar bilen min. Han har fått lilla rattpels. Den er sååå fin!!

Fyrste dag på jobb i dag. Det fine med at det er kaldt, er at ein aldri går tom for samtaleemner med nye kollegar. Alle har liksom noko å prate med meg om når dei treffer denne nye jenta som attpåtil har bakgrunn i frå Framstegspartiet (skummelt, skummelt). Vi fikk ikkje prata så mykje om kulda. Eg fekk berre vore på kommunehuset i 1 1/2 time før eg og ordførar Øygard reiste til Lillehammer for å møte Staten sin forlenga arm i Oppland fylke.

No er eg attende på kontoret mitt. Her er det ganske tomt. Eg har fått ko…

Eg - tilsett i kommunen?!

No byrjer det å gå opp for meg. Frå og med måndag så er eg tilsett i kommunen. No driv eg og pakkar klede eg skal ha med meg til Vågå (mykje ull), og eg kom til å tenkje: Kva går eg kledd i når eg jobber i kommunen?

Som student, politikar og på moro, så er det mange av oss som har gjort litt narr av dei som jobber i kommunen - det vil seie dei som jobber i kommuneadministrasjonen. Det er vel liksom ei allmenn oppfatning om at dei ikkje skapar mykje verdiar i hvert fall....No blir eg ein av desse menneska sjølv. Trøste og bære. Eg er ikkje politiker-Hanne lenger, men byråkrat-Hanne. Vel..det er ikkje heile sanninga. Eg skal tross alt jobbe med eit prosjekt, men uansett...

Det som fekk det til å verkeleg gå opp for meg at eg skiftar beite, er ein mail som nettopp kom, der det stod: "Bekreftelse på deltakelse på Kommunalt skoleting". Det er KS som arrangerer, og eg har vore med før, men då som "politisk rådgjevar" eller "politiker". No stod det: Blåfjelldal, H…

Det nærmar seg...

26 minusgrader i Bagn. Rapportane seier det er -34 i Vågå. For to dagar sidan kom eg heim frå Gran Canaria, der det var 26 grader. Eg skulle berre ha blitt der. Eg hatar kulde! Eg kunne forresten skrivi eit langt innlegg om Gran Canaria. Du har verkeleg ikkje vore i Syden før du har vore der. Det levde opp til forventningane, og meir enn som så! :)

I dag skal eg hente min søte lille nye bil. Ein svart toyota Rav4 med spoiler og stigbrett. Bil er ein dyr fornøyelse. Berre i forsikring og lån vil det koste meg fire tusen kroner i månaden. Fyttirakkern. Eg er ung og enslig, med over to millioner i gjeld. Ikkje bra. Ikkje bra. Mitt forsikringsselskap TrygVesta tok forresten kaka. Dei skulle ha 30 000 i året for å forsikre bilen min. Så mykje for å allereie vere kunde der (altså, så blir ikkje bilen min forsikra der).

I morgon reiser eg til Vågå. Huff som eg gruer meg. Til å reise altså. Til å flytte. Til å måtte vere ute i over tretti minus. Og til eit kaldt husvære utan internett og tv-si…