Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2010

Hårmodell på Hårstugu i Vågå

Truleg fordi dei har sett mitt livlause hår, så vart eg invitert til å vere hårmodell på Hårstugu her i Vågå i dag. Tre hyggelege frisørar ønskja meg velkommen, og ga meg både ny sveis og sminke. Også spør folk om eg trivs i Vågå?! Når ein blir invitert på slike ting, så klart ein føler seg velkomen!

Bygger heimeside

Er i gong med å lage heimeside for skuleprosjektet vårt. Altså; eg lager ikkje sida sjølv, men eg skriv teksta og har ansvar for oppbygging av sida (menyknappar og korleis den skal sjå ut).

Førebels resultat kan de sjå her.

Tips til førbetringar? Eg tek i mot alle innspel. Eg er ikkje nøgd enno, men veit ikkje heilt kva eg ikkje er nøgd med, så flott om nokon kan hjelpe meg å sette ord på det.

Korrekturlesing kjem etter kvart..

Ferdig i praksis - retur til Vågå!

Fire veker i praksis er over, og eg er eit steg nærare å vere utdanna lektor. Utroleg lærerike veker ved Sør-Aurdal ungdomsskule, og takk til både elevar og personale på Saus, og ikkje minst min praksislærar. Fantastisk konstruktive attendemeldingar!

Elevane har lært ein del om samansette tekstar, og ein av elevane har til og med oppretta sin eigen blogg (som er blitt utruleg fin). Det er ikkje mange gutteblogger der ute, som skriv om ting som skyting og bil, men det gjer Jostein. Og her er det både tekst, bilete og videoar. BRA!

Du kan også sjå på bloggane som vart oppretta i samband med oppgåva elevane har jobba med. Sjekk ut elevbloggane her:

Skolebloggen

Saus

Sausjentene

Bloggisene

Huskyktm

Skjebnedag i kommunestyret

I dag skal eg i mitt aller siste kommunestyremøte denne perioda, og i Sør-Aurdal kommune. Eg har no sendt av gårde min søknad om friktak frå alle verv, og vil snart melde overflytting i folkeregisteret til Vågå kommune. Det blir litt rart å gje seg med kommunepolitikk, men eg har lært mykje av å vere gruppeleiar, medlem av formannskap/planutval og kommunestyre desse åra. Men no kjenner eg at det skal bli godt å bryte band til ei kommune eg med veldig stor sannsynlegheit ikkje kjem til å bo i når eg etablerar meg.

I kveld er skjebnemøte i Sør-Aurdal. Saken det har vore prata om i over eit år no; sjølvaste "skulesaken". På grunn av eit stort økonomisk uføre kommunen har havna i, så må kommunen spare peng, og då er det jo lettast å gjere det på skuler, og legge ned litt her og der (og ja, eg er fortsatt litt bitter for at me ikkje har fått gjennomslag for konkurranseutsetting av vaktmesterteneste og fleire andre tenester innanfor drift og vedlikehald; eit tenesteområde som i da…

Ikkje kul nok skule?

Eg har tidlegare skrive om skulen skal vere ein motvekt til barn og unge sin kultur, eller om vi skal ta innover oss ungdomskulturen. No er også Kristin Halvorsen ute og seier at skulen må bli "kulere". Eg trur ho har mykje rett i det ho seier, men det er også eit tema som må problematiserast. Som veldig uerfaren pedagog merkar eg at vala eg gjer i forhold til å bruke facebook og blogging i undervisninga kanskje ikkje alltid er like gjennomtenkt.

Eg meiner skulen må bli flinkare på å verke relevant for ungdommen (det er ungdomstrinn og vidaregåande eg har undervisningserfaring frå), og at vi i større grad må ta innover oss den kulturen ungdom er ein del av. Men ikkje ukritisk. Vi må problematisere, og vi må lære opp ungdommen til å ha eit kritisk forhold til bilete og uttrykk dei møter, og ikkje minst det dei skapar sjølv med hjelp av internett. Kva for konsekvenser kan det du legg ut på Facebook i dag, få for din seinare karriere? Det er spørsmål vi må våge å diskutere med …

Hater å innrømme at eg kjem til å heie på A1.

No er snart den laurdagen her. Den laurdagen vi har venta på etter å ha hatt eitt halv-entusiastisk auge og øyra på NRK1 dei siste fire laurdagskveldane. I saman med min kjærleik til countrymusikk, så¨er vel min kjærleik til MGP, det mest harry karaktertrekket ved meg. Og den interessa har eg hatt heile livet. Eg hugser med skrekk og gru det året Brandenburger Tor var kva Noreg hadde sendt til Europa. Eg var på hytta, og Pappa fekk ikkje tven til å fungere. Etter mykje hyling og grining måtte eg høyre på ESC på radio det året. Bortsett frå då eg budde i USA, så har eg fått med meg kvart einaste show. Då eg var student brukte eg å arrrangere MGP-fest der vi kledde oss ut, og der vi hadde juryar i både Valdres, Oslo og andre plassar, som ga sine poeng på telefon. Det var tider det! :)

Dei siste åra så har vel kanskje den musikalske kvaliteten tatt seg opp, og det er ikkje lenger flaut å fortelje at du ikkje kan komme på fest på laurdag viss dei ikkje har på tven. No på laurdag skal eg ve…

Skulen som motvekt til elevane sin kvardag?

Vi er no snart ferdig med veke to i arbeidet vårt med samansette tekstar. Elevane blogger, lager filmar og reklame, og eg har også forsøkt å gje elevane forståing av biletebruk og korleis vi skal forstå bilete.

Det er jo ikkje fyrst og fremst teksta slik vi i min generasjon kjenner han, som elevane møter i dag. Det er ikkje gjennom den skrevne tekst elevane fyrst og fremst møter språk, men ved hjelp av bilete. Elevane bruker bilete til å forme eigen identitet, forstå verda, kommunisere og dei møter bilete gjennom det meste dei driv med på fritida. Å forstå bilete, og å tolke bilete er difor ein viktig del av norskfaget. Og det er mange måter dette kan bli gjort på, og eg trur det er eit felt vi jobber for lite med i norsk skule. Eg skal søke meir kompetanse på dette feltet - for det eg har gjort desse fire praksisvekene er nok heilt sikkert ikkje gjennomtenkt nok, men eg er jo fortsatt i ein læreprosess.

Menge meiner at skulen skal vere ein motvekt til elevane sin kultur, og det dei e…

Bygda - ein grunn til å handle på nettet

No har eg oppdaga den verkelege store forskjellen på by og bygd; shopping. Altså, det seier seg jo sjølv at det er fleire butikkar i byen enn i byen, og eg har alltid sett på butikkutvalget som eit minus med bygda. Til dømes at eg må sette meg i bilen og køyre ein halvtime for å kjøpe linsevæske, ei bok, ein dvd, enkelte hudpleieprodukt og ikkje minst Cava. No trengte eg linsevæske, og eg har ikkje hatt spesielt lyst til å fyre opp bilen i tjue minus etter jobb for å køyre til Fagernes. I dag slo det meg plutseleg; treng eg verkeleg det? Det er jo sikkert mogleg å få kjøpt det på nettet? Og sjølvsagt er det jo det! Eg kan få kjøpt nesten alt på nettet. Men tidlegare, då eg budde i Oslo, så har eg jo alltid tenkt at eg berre vil bruke ekstra med peng og kjøpe altfor mykje, som ikkje er naudsynt, om eg handlar på nettet, så eg har ikkje gjort det.

No? No MÅ eg handle på nettet for å overleve. Så no blir det gardiner, stæsj til leilighet, hudpleieprodukt, kremer og linsevæske på nettet. …