torsdag 4. februar 2010

Skulen som motvekt til elevane sin kvardag?

Vi er no snart ferdig med veke to i arbeidet vårt med samansette tekstar. Elevane blogger, lager filmar og reklame, og eg har også forsøkt å gje elevane forståing av biletebruk og korleis vi skal forstå bilete.

Det er jo ikkje fyrst og fremst teksta slik vi i min generasjon kjenner han, som elevane møter i dag. Det er ikkje gjennom den skrevne tekst elevane fyrst og fremst møter språk, men ved hjelp av bilete. Elevane bruker bilete til å forme eigen identitet, forstå verda, kommunisere og dei møter bilete gjennom det meste dei driv med på fritida. Å forstå bilete, og å tolke bilete er difor ein viktig del av norskfaget. Og det er mange måter dette kan bli gjort på, og eg trur det er eit felt vi jobber for lite med i norsk skule. Eg skal søke meir kompetanse på dette feltet - for det eg har gjort desse fire praksisvekene er nok heilt sikkert ikkje gjennomtenkt nok, men eg er jo fortsatt i ein læreprosess.

Menge meiner at skulen skal vere ein motvekt til elevane sin kultur, og det dei erfarer i kvardagen utenom skulen. Eg har ein litt annan innfallsvinkel til dette. For meg passer det mykje betre å ta utgangspunkt i det elevane opplever i kvardagen, og det dei bruker fritida si på, og bruke dette i undervisninga. Eg trur det er viktig at skulen også tek opp desse tinga, men bruker alle desse elementa for å gje ungdommen eit omgrepsapparat til å forstå fritida si, til å vere kritiske til bilete og tekst dei møter og til å vere meir forsiktige i forhold til korleis dei utleverar seg sjølv, til dømes på nettet.

No blogger elevane om at dei sit på Facebook i timane. Men eg kan lese om det, og då vere medviten om at dei gjer det og ta det opp på ein skikkeleg måte. Dessuten veit eg at både eg sjølv og mange med meg (og folk som er langt eldre) sit på Facebook i møter, og då er det vel lett å forstå at elevane gjer det i timane også?

Eg har lovd at eg skal bruke Facebook i undervisninga. Eg har ikkje heilt avgjort korleis (så viss nokon har tips, så er det flott), men eg meiner at skulen har ein plikt til å bruke elevane sine uttrykksformer når vi har om eit tema som samansette tekstar. Når Facebook er der, og kanskje er den form for samansett tekst som elevane bruker mest, så vil det vere uklokt å ikkje brukt Facebook som døme. Det er viktig at elevane forstår reklameplakaten eller teikneseriebladet, men det er ikkje fyrst og fremst gjennom slike tekstar elevane former seg sjølv.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar