Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra april, 2010

Leik vs. læring

I den politiske debatten så blir det ofte framstilt som ein anten er for eller mot leik i skulen. Spesielt høgresida skylder venstresida for berre å vere oppteken av "leik" i skulen som dei ofte kallar det (og venstresida har vel like håplause angrep om at høgresida er opptatt av jerndisiplin og vil attende til kateter og læraren som dunker kunnskap inn i hovudet til dei stakkars små ved hjelp av pugging).

Ein kan ofte få inntrykk av at det er eit motsetnadsforhold mellom å lære og det å leike. Dette tek debatten i feil retning. Det er ikkje slik at tradisjonell klasseromsundervisning fører til meir læring, men det kan sjølvsagt funke betre enn mange dårlege andre opplegg. Kva det ikkje er tvil om, er at elevane er ganske lei tavlegjennomgang, jobbe med oppgåver og så oppsummering. Dei vil bli utfordra, og dei vil bruke alle sansane sine.

Eg har fått den store ære av å vere med på å observere mykje god undervsining, og eg har sett mykje bra. Ikkje minst mange av pedagogane …

Landsmøtemelankoli

I helga har det verkeleg gått opp for meg at eg er ferdig med politikk (eller har ei pause, som kanskje er det korrekte å seie sidan eg ikkje veit kva framtida vil bringe), sidan eg ikkje er til stades på landsmøtet, noko eg har vore dei siste ti åra (bortsett frå eit år då eg studerte i USA, men då var eg i fridomens land, og trur ikkje eg brydde meg særleg).



Sett utanfrå, så ser det ut som landsmøtet i år har vore dominert av "vraking" av Terje Søviknes, krangel om det er verst å vere for bompeng eller for eigedomsskatt og eit besøk av ein slags amerikans grasrotsekt som meiner Obama står i ledetog med muslimane.

Politiske kommentatorar meiner landsmøtet har vore eit langt gjesp, og eg kan i hvert fall konstatere at landsmøtet totalt har drukna for ei svensk utropskapsskandale. Det er merkeleg eigentleg - for i følge undersøkingar eg har lest, så har dei aller fleste vore utro sjølv (ein eller annan gong), men nesten alle er like fordømmande når det skjer med kjendisar, el…

Fyrste gong på kappleik, og eigen blogg for Vågå-prosjektet

No har det blitt oppretta ein eigen blogg for skule- og utviklingsprosjektet vårt i Vågå, der eg vil skrive om framdrift i forprosjektet vårt og der du kan følge utviklinga frå veke til veke (og så kan eg då skrive blogg i arbeidstida). Der vil det vere mogleg å diskutere og kome med innspel og spørsmål til prosjektet vårt. Vi har blogg for prosjektet fordi vi meiner terskelen er litt lågare for å kome med spørsmål og innspel på ein blogg enn å sende ein mail, kome innom kommunehuset eller ringe meg.

Bloggen kan du finne her: http://www.noregsbesteskule.blogspot.com

På denne bloggen vil eg frå no skrive mest om andre ting, men enkelte ting vil eg truleg dobbeltpublisere. Dei som forventer eg skal vere partipolitisk her, blir skuffa. Eg er ferdig med det. Men eg skal frå og med mai vere spaltist i Dagsavisen-spalta "Blåmandag" ein gong i månaden, og då får eg moglegheit til å vere litt politisk om ikkje anna. Så heilt heilt ferdig er eg ikkje med politikk og med å ha eigne pri…