No har det blitt oppretta ein eigen blogg for skule- og utviklingsprosjektet vårt i Vågå, der eg vil skrive om framdrift i forprosjektet vårt og der du kan følge utviklinga frå veke til veke (og så kan eg då skrive blogg i arbeidstida). Der vil det vere mogleg å diskutere og kome med innspel og spørsmål til prosjektet vårt. Vi har blogg for prosjektet fordi vi meiner terskelen er litt lågare for å kome med spørsmål og innspel på ein blogg enn å sende ein mail, kome innom kommunehuset eller ringe meg.
Bloggen kan du finne her: http://www.noregsbesteskule.blogspot.com
På denne bloggen vil eg frå no skrive mest om andre ting, men enkelte ting vil eg truleg dobbeltpublisere. Dei som forventer eg skal vere partipolitisk her, blir skuffa. Eg er ferdig med det. Men eg skal frå og med mai vere spaltist i Dagsavisen-spalta "Blåmandag" ein gong i månaden, og då får eg moglegheit til å vere litt politisk om ikkje anna. Så heilt heilt ferdig er eg ikkje med politikk og med å ha eigne private politiske meiningar, men eg kjem ikkje til å vere partipolitikar så sant eg ikkje blir kalla inn på Stortinget. :)
I helga er det Gudbrandsdalskappleik i Vågå. Og eg skal ned for å sjå og for å høyre på. Og ikkje si det til nokon: men det er fyrste gong i mitt liv eg skal på ein kappleik...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar