mandag 19. april 2010

Galskap tur-retur Bergen

Ingen skal vel påstå at eg alltid har ei veldig realitisk innstilling til livet - og kanskje aller minst til mi eiga tid (viss eg seier ja til alt, så trur eg nemlig at alle liker meg og at jobben blir tusen gonger betre). Og mange vil påstå det var galskap å flytte til Vågå, og innstille seg sjølv på ein svipptur til Bergen slik omlag annankvar veke for å risikere livet (du skjønner kva eg meiner viss du har hatt gleden av å vere med meg når eg køyrer bil) og vettet for eit eksemplar av desse skapningane vi kaller guttungar. Som no i helga når eg full av optimisme og glede la ut på dei 420 km til Bergen via Beitostølen og Lærdal. Passe sint når eg må stå 45 minutt i kø før Lærdal - enno meir sint når eg må vente over to timar i Bergen på at guttungen skal bli ferdig i eit eller annan greier. I ferd med å miste vettet bestemmer eg meg for at eg aldri skal reise til Bergen att (sjølv om eg til tross for hagl, regn og snø hadde fått rein bil), og held fast på den avgjerda i omlag to sekund.

Valdreflya stengt på søndag når eg skal heim til Vågå. Då må eg køyre om Stryn. På veg ut av Bergen er eg stuptrøtt og sliten, og då eg ser at GPS'en viser 440 km til Vågå bestemmer eg meg nok ein gong for at dette er siste gong eg køyrer til Bergen. Heretter får visse andre (som ikkje har førarkort, og som difor overlet alt ansvar for logistikken til meg) ta buss til Vågå. Blir litt oppmuntra når eg faktisk klarer å ta ferge (eg var redd eg skulle bomme og havne i vatnet) og også treff kjentfolk på ferga (verda er liten og folk flest er overalt). Redd eg har køyrt feil og at GPSen har klikka når eg kjem nærmare og nærmare Ålesund og ikkje aner kor eg er. Eg skjønner eg har sett for lite av verda når eg køyrer på veger som er smalare enn Besseggen ein eller annan plass før Stryn. Skjønner eg kanskje ikkje har gått glipp av mykje skjønnheit i verda, når eg for fyrste gong i mitt liv køyrer gjennom Stryn. Og livredd når eg er mutters åleine på Strynefjellet og ser eit hotell som liknar på "The Shining".

Men det er merkeleg...når eg såg Lom kome meg i møte, og GPS'en viser at det er 30 km til Vågåmo. Då følte eg at eg nettopp hadde starta, at eg tross alt hadde lært mykje på turen (meir enn av å sitje foran tven som eg elles ville gjort) og at vegen til Bergen slettes ikkje er så aller verst lang.

Men eg kjenner det også skal bli godt å parkere bilen på Otta på onsdag. Ta toget til Oslo (skal på konferanse to dagar). Og møte jentene (som eg saknar så mykje) for cava, sladder og galskap. For det er det fine med vår og veninner i hovudstaden. Ein blir aldri irritert av sladder og cava, og vi bekymrer oss korkje om ondskap, avstandar eller framtida.

Og når alt kjem til alt så blir det heller sikkert ikkje så lenge til eg full av optimisme set meg i bilen på veg til Bergen att heller..

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar