Sett utanfrå, så ser det ut som landsmøtet i år har vore dominert av "vraking" av Terje Søviknes, krangel om det er verst å vere for bompeng eller for eigedomsskatt og eit besøk av ein slags amerikans grasrotsekt som meiner Obama står i ledetog med muslimane.
Politiske kommentatorar meiner landsmøtet har vore eit langt gjesp, og eg kan i hvert fall konstatere at landsmøtet totalt har drukna for ei svensk utropskapsskandale. Det er merkeleg eigentleg - for i følge undersøkingar eg har lest, så har dei aller fleste vore utro sjølv (ein eller annan gong), men nesten alle er like fordømmande når det skjer med kjendisar, eller kanskje er det fordi det er veldig frigjerande for dei fleste å oppdage at til og med dei perfekte er like feilbare som oss andre?
Men det eg skulle skrive om var landsmøtet til FrP. Eg har tenkt lenge og vel på om eg saknar å vere til stades der det skjer. Og svaret er; ja eg skulle gjerne vore der. Men ikkje fordi eg føler hjerna mi får bryna seg så mykje på politiske saker på slike møte, men fordi det er frykteleg mange hyggelege mennesker der, som eg saknar og som eg tykkjer det er trist eg ikkje kjem til å treffe lenger. Gamle FpUarar, kollegaer i andre fylker, gamle arbeidskollegaer frå Stortinget - alle folk eg møtte samla ein gong i året på landsmøtet tidlegare. No er eg ikkje lenger til stades på nokon arenaer der eg kan møte desse folka. Det er kva som er trist. Og jada..eg saknar å stå på ein talerstol, kjefte på nokon, vere artig og få oppmersemd. For som eg liker oppmerksemd!
Men eg trur eg som menneske har godt av å gjere noko anna. Få utvikla hjerna mi på andre arenaer (for det trengs etter mange år i politikken), tenke nytt, vere med på å skape utvikling frå grasrotnivå, få møte menneske med ulike haldningar og meningar og få vere med på å skape noko på tvers av politiske standpunkt, bakgrunn og haldningar. Eg kjenner eg veks på det eg gjer, så då får det heller vere at eg ein gong i blant vil savne den politiske nerva, spenningen, folka og tempoet. No får eg utruleg masse erfaring som eg aldri ville fått i politikken, og eg er overtydd om at eg gjorde rett val då eg rett etter stortingsvalet tok avgjerda om å slutte med politikk, og kome meg ut i den verkelege verda. Så får det heller vere at eg saknar mange av dei fantastiske folka som vart mine vener etter ti år blant folk flest..
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar