mandag 26. april 2010

Leik vs. læring

I den politiske debatten så blir det ofte framstilt som ein anten er for eller mot leik i skulen. Spesielt høgresida skylder venstresida for berre å vere oppteken av "leik" i skulen som dei ofte kallar det (og venstresida har vel like håplause angrep om at høgresida er opptatt av jerndisiplin og vil attende til kateter og læraren som dunker kunnskap inn i hovudet til dei stakkars små ved hjelp av pugging).

Ein kan ofte få inntrykk av at det er eit motsetnadsforhold mellom å lære og det å leike. Dette tek debatten i feil retning. Det er ikkje slik at tradisjonell klasseromsundervisning fører til meir læring, men det kan sjølvsagt funke betre enn mange dårlege andre opplegg. Kva det ikkje er tvil om, er at elevane er ganske lei tavlegjennomgang, jobbe med oppgåver og så oppsummering. Dei vil bli utfordra, og dei vil bruke alle sansane sine.

Eg har fått den store ære av å vere med på å observere mykje god undervsining, og eg har sett mykje bra. Ikkje minst mange av pedagogane her i Vågå, som syng, "leikar" ved hjelp av konkretiseringmateriell og tek utgangspunkt i kva elevane allereie kan og tykkjer er moro, for at dei skal lære meir.

Å påstå at ein ikkje kan lære gjennom leik meiner eg er ein tullete påstand, og eg håper vi ikkje høyrer slikt meir i den politiske debatten. Det kjem an på korleis ein leikar, og så lenge elevane lærer og når måla i læreplanverket, så har leik sin plass. Og ingen kan forvente at glade, blide energifulle ungar skal sitte ved pulten sin time ut og time inn - då får vi robotar, og ikkje engasjerte gagns menneske som vi ønskjer..

Les meir om temaet og sjå bilete av undervsining her.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar