Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2010

Innfør valfaget i ungdomsskulen att!

I går var eg så heldig at eg fekk vere med i smia på ungdomsskulen her i Vågå. Som den teoretikernerden eg er, med dårlege minner frå sløyden frå eigen skulekvardag, hadde eg tenkt til berre å sjå på og prate med elevane. Men det fekk eg ikkje lov til. Eg skulle prøve sjølv. Og eg var ikkje så dårleg som eg trudde.


Vi er heldige i Vågå som har eit tilbod om smedfag i kunst og handverken. Men kvifor skal vi ikkje ha moglegheit til å innføre smedfag som valfag? Blir dei elevane som er skuletrøytte flinkare i basisfaga av å tvinge seg gjennom enno meir teori? Det trur eg ikkje! Å oppleve meistring innanfor praktiske fag er fantastisk viktig - både for menneskeleg utvikling og utvikling i andre fag. Eg vart i hvert fall oppmuntra av å meistre i smia.

Lærarane seier det. Elevane seier det. Fleire og fleire politikarar seier det. Få på plass eit valfag i ungdomsskulen, slik at vi i Vågå til dømes kan bruke lokale fortrinn og ta vare på handverkstradisjonar, og lære opp elevane i smedfaget. …

Hijab-syndromet

Når det store politiske diskusjonstemaet innanfor skulepolitikken det siste året har vore for eller i mot hijab, då har vi resignert i den skulepolitiske debatten.

Det er mykje enklare for politikarene å diskutere symbolsaker som hijab enn dei store tinga i samfunnet. Då får dei jo oppmerksemd, og dei kan prate om prinsipp. Og som politikarane elskar å diskutere prinsipp! Anten det er for eller mot privatskuler eller for eller mot karakterar. Men ingenting av dette kjem til å redde kva vi likar å kalle ”Kunnskapsnasjonen Noreg”.

For vi har større utfordringar enn hijab. Ungdom er skuletrøtte og skjønner ikkje vitsen med skulen, og fleire og fleire ”hamnar på NAV”, for å seie det litt brutalt. Min påstand er at det er det offentlege Noreg, velferdsstat og oljerikdom som har påført skulen desse utfordringane, og i mindre grad lærarane.

Som liberalist burde eg vel ikkje hevde vi som individ er eit resultatet av systemet vi veks opp i, men eg gjer det likevel. Eg trur at dess meir vi har …