I går var eg så heldig at eg fekk vere med i smia på ungdomsskulen her i Vågå. Som den teoretikernerden eg er, med dårlege minner frå sløyden frå eigen skulekvardag, hadde eg tenkt til berre å sjå på og prate med elevane. Men det fekk eg ikkje lov til. Eg skulle prøve sjølv. Og eg var ikkje så dårleg som eg trudde.
Vi er heldige i Vågå som har eit tilbod om smedfag i kunst og handverken. Men kvifor skal vi ikkje ha moglegheit til å innføre smedfag som valfag? Blir dei elevane som er skuletrøytte flinkare i basisfaga av å tvinge seg gjennom enno meir teori? Det trur eg ikkje! Å oppleve meistring innanfor praktiske fag er fantastisk viktig - både for menneskeleg utvikling og utvikling i andre fag. Eg vart i hvert fall oppmuntra av å meistre i smia.
Lærarane seier det. Elevane seier det. Fleire og fleire politikarar seier det. Få på plass eit valfag i ungdomsskulen, slik at vi i Vågå til dømes kan bruke lokale fortrinn og ta vare på handverkstradisjonar, og lære opp elevane i smedfaget. Det ville kome lokalsamfunnet til gode, det ville kome elevane til gode, og det ville kome Noreg til gode!
veldig god ide! Mange sliter med teoretiske fag, og trenger å få utfolde seg på andre arenaer.Dessuten vil valgfag, som her med lokal forankring, gi økt bevissthet om håndverk og lokale tradisjoner.
SvarSlettHeilt riktig! Det er etter mi meining heilt vilt at elevar som er teoritrøtte er fråtekne denne moglegheita. Eg valte tysk, men skjønar godt at mange ikkje gjorde det! :)
SvarSlettJa, og den Kunnskapsministeren som gjeninnfører det praktiske valfaget vil bli elska av alle skulefolk - elevar, lærarar og rektorar. Viss skulefolk kunne få velje seg ein ting dei ville ha endra på, så er det nettopp dette - trur eg.
SvarSlettDessverre trur eg det kjem til å ta minst fem år fordi det skjer - fordi vi skal ha forsøk og evaluering på noko vi veit fungerar. Galskap spør du meg!!