Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2010

Absurd oppleving: MR-undersøking

Eg er i Oslo no. Ikkje for moro, men fordi eg har vore på Ullevål universitetssjukehus for å ta MR av hjartet mitt (nei, ikkje fordi eg har hjartesorg) og hovudpulsåra. Eg har visst ei innsnevra hovudpulsåre, og for at dei skal få utelukka med 100% sikkerheit at eg ikkje er dødssjuk, så ønskja dei vel å ta ei MR-undersøking.

Eg hadde ikkje peiling på kva MR er (og eg veit det eigentleg ikkje fortsatt), men eg innbilte meg at det hadde noko med eit rør å gjere. Og eg hadde rett. Etter å ha virra rundt omkring på sjukehusområdet (det er svært!!), fann eg etter kvart rett avdeling. Snill dame tok i mot meg, og ba meg ta på meg sjukehusmota (kvit slåbrok med raude prikkar og belte i livet). I sjukehusmota stod eg i ein korridor og venta. Og venta. Og venta. Sjukesenger med folk i vart trilla forbi, folk sprang fram og attende. Og eg stod der og venta. Til slutt kjem hyggeleg dame attende, og tek meg med inn på eit rom som har fått namnet "ovnsrøret". Eg tenkte med meg sjølv at d…

Glasurgenerasjonen

Vi er late, vi er bortskjemte og vi er totalt øydelagt av foreldra våre.

Glasurgenerasjonen kallar dei oss. Det er vi som lev godt på det tidlegare generasjonar har bygd opp, og som er lite innstilt på å skape nye verdiar. Skremmande rapportar dei siste vekene tyder også på at glasurgenerasjonen stadig blir latare og latare, og dei som er yngre enn meg har no fått namnet ”Divagenerasjonen”. Lærlingbedrifter rapporterer om lærlingar som får foreldre til å ringe for å seie at dei må sove ein time ekstra, talet som meiner ein treng skule for å kome seg fram i livet blir mindre og mange tåler ikkje meir enn sekstimars dag fordi dei er i elendig fysisk form.

Eg er den fyrste til å innrømme det. Når det kjem inn ein edderkopp i bustaden min, så ringer eg Mamma. Mamma er 160 km unna, men enno ventar eg at ho skal ta bort edderkoppen for meg. Det har ho alltid gjort. Når noko dett ned frå veggen eller vasken lekk, så ringer eg Pappa. Han bur 320 km unna. Han lover å komme om eit halvt år. Då …

Eit betre menneske

Hendingar den siste tida har fått meg til verkeleg å reflektere over livet, og kor eg står hen i verda. Dette kan kanskje høyres litt dramatisk ut, og er eigentleg ikkje det, men når ein på kort tid har mista eller gjeve slepp på dei faste haldepunkta eg har hatt i livet mitt til no, så får det ein til å reflektere.

Eg har vore litt redd. Eg har gjeve slepp på politikken, på jobben min, har flytta frå vener i Oslo og har blitt singel att. No er eg i eit framand miljø på bygda med ein krevande jobb. Det gjer meg redd. Men eg er lykkeleg, og eg er eit betre menneske no enn då eg flytta til Vågå. I helga vart eg invitert med på fest for å feire svenskebryllaup saman med nokre gærne jenter frå Vågå. Fantastiske herlege menneske er dei, og eg er så glad eg har "blitt tatt vare på" av slike folk her i Vågå. Utan vener og sosial omgangskrets føler ein seg ikkje som eit heilt menneske, men det ser ut til å gå over all forventing i Vågå. Eg har møtt utruleg mange fantastiske folk her…

Fagforeninga og meg

No har eg fagorganisert meg. No har eg sendt inn innmeldinga mi i Norsk lektorlag, som også er med i paraplyorganisasjonen "Akademikerne". Eg er vel litt fin på det, så Utdanningsforbundet passar ikkje for meg. Dessuten føler eg vel at eg er litt meir på linje, slik politisk, med Norsk lektorlag. Og at dei som kan ivareta mine interesser best, er nettopp Norsk lektorlag. Usynleg i den offentlege debatten, ja, men at dei står for mykje bra, er det ingen tvil om.

Men eg hadde ikkje trudd det skulle koste så mykje peng å fagorganisere seg. 390 kroner i månaden. Det er mykje peng for ein stakkars offentleg tilsett. No får eg riktignok trekt av dette på skatten, men...Og så lenge eg ikkje er tilsett i skulen og ikkje følger tariffavtale, så er eg vel usikker på kor mykje eg får att for det - reint økonomisk.

Men no føler eg at eg er ein del av ein heilskap, og solidaritet og heile pakka, er vel viktig det også. Sjølv om det er litt rart. På høgresida er vi liksom framstilt som vi…

Endeleg lektor!!

Så har eg klart det. Klart å bli ferdig med Praktisk Pedagogisk Utdanning, og er no utdanna lektor. Eg skal ærleg innrømme eg trudde eg aldri skulle bli ferdig då eg starta på deltidsutdanninga for to år sidan, og det var tider då eg tenkte at eg måtte vere gal som friviljug utdannar meg til pedagog, og som sette meg på skulebenken igjen etter seks år med universitetsutdanning. Men på fredag hadde eg min siste eksamen i norsk fagdidaktikk, og eg bestod med glans!

Eg må få takke arbeidsgjevar då eg starta, FrP si stortingsgruppe, som såg nytta av at eg gjorde dette, og som ga meg lønna permisjon til både samlingar og praksis. Og noverande arbeidsgjavar vidareførte ordninga. Og det har vore lærerikt og nyttig! Utan studiet og dei 12 vekene med praksis frå skuleverket, ville eg ikkje hatt den kunnskapen eg har om læreplanar, skulekvardagen og elevkvardagen. Og ja, eg veit eg på langt nær er utlært, og at det er fyrst når eg startar i skulen at læringskurva blir bratt, men eg har fått erf…