Eg er i Oslo no. Ikkje for moro, men fordi eg har vore på Ullevål universitetssjukehus for å ta MR av hjartet mitt (nei, ikkje fordi eg har hjartesorg) og hovudpulsåra. Eg har visst ei innsnevra hovudpulsåre, og for at dei skal få utelukka med 100% sikkerheit at eg ikkje er dødssjuk, så ønskja dei vel å ta ei MR-undersøking.
Eg hadde ikkje peiling på kva MR er (og eg veit det eigentleg ikkje fortsatt), men eg innbilte meg at det hadde noko med eit rør å gjere. Og eg hadde rett. Etter å ha virra rundt omkring på sjukehusområdet (det er svært!!), fann eg etter kvart rett avdeling. Snill dame tok i mot meg, og ba meg ta på meg sjukehusmota (kvit slåbrok med raude prikkar og belte i livet). I sjukehusmota stod eg i ein korridor og venta. Og venta. Og venta. Sjukesenger med folk i vart trilla forbi, folk sprang fram og attende. Og eg stod der og venta. Til slutt kjem hyggeleg dame attende, og tek meg med inn på eit rom som har fått namnet "ovnsrøret". Eg tenkte med meg sjølv at det kanskje ikkje var det rette namnet viss dei skulle roe ned ungar før dei skulle inn i røret, menmen..(og ja, eg veit ovnsrøret er ein hund, men i denne samanheng såg eg for meg røyk og svidd jente).
Og det røret ein skal ligge inne i - det er mykje mindre enn på tv. Det ser lite ut frå utsida - og mykje mindre er det frå innsida. Før eg legg meg på benken, så får eg beskjed om at eg må ligge inne der i opptil ein time, det kjem til å bråke så mykje at eg må ha øyreklukko, eg skal få ført inn konstrastmiddel i blodet via ei kanyle i armen og eg skal ha svære magnetar på meg overalt. Men slapp av, seier dei, eg blir utstyrt med ein panikknapp som eg kan trykke på visss eg vil ut.
Så stikk dei meg i armen (eg hater verkeleg alt som innebærer stikking), putter på meg masse ledningar, sett på meg hørselsvern, trykker på ein knapp og så forsvinn eg inn i røret. Og det er mindre enn eg trudde! Det er så lite at eg ikkje får rørt armen min opp for å klø meg på nasin. Så kjem dama på øyra mitt, og seier at no begynner bråket. Og for eit bråk!!! Det høyres fyrst ut som den plingelyden som alltid kjem før toget kjem, så er det during frå kjøleskap ganga med hundre, og så durar det og pip og hyler. Og så skal ho ha meg til å halde pusten. Med jamne mellomrom må eg halde pusten i 15-30 sek medan toget kjem og kjøleksåpet durar X 100.
Det er også lange pauser. Då eg ikkje høyrer noko. Ikkje during. Ikkje piping. Ikkje dama. Då tenkjer eg: Kva skjer viss dei plutseleg går av vakt? Så blir eg liggjande her og ingen høyrer meg. Då kjem eg meg ikkje ut. Kva gjer eg då? Og kva er eigentleg det greiene dei fører inn i blodet mitt? Eg finn aldri svar på dette, men kjem til den konklusjon at vi stoler altfor mykje på sjukehustilsette.
Så omsider. Etter å ha halde pusten minst 30 gonger kjem eg ut av røret. Då riv dei ut kanyla, av alle klistrelappane og magnetane. Så husjar dei meg ut, og seier "Du finn vel vegen ut" (og no trur eg dei er i ferd med å gå av vakt). Ja, seier eg og smiler før eg får tid til å tenkje. Når eg får skifta til normale klede, så tenkjer eg: Korleis får eg vite resultatet? Får eg beskjed viss eg er dødssjuk? Og kor hamnar MR-undersøkinga mi hen? Men då er sjølvsagt alle damene borte, og eg har ingen å spørje om slike ting.
Eg får tru alt går bra viss eg ikkje høyrer noko, så inntil vidare har eg erklært meg sjølv frisk som ein fisk, og ei erfaring rikare!
torsdag 24. juni 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Resultatet av MR'n blir vurdert av en radiolog før det blir sendt videre til fastlegen din. Og da pleier som regel de fleste leger å kalle inn til legetime enten resultatet er positivt eller negativt.. Eller hvis du skal henvises videre, blir det sendt videre i systemet, men da får du brev! :) Veslesyste! :)
SvarSlettVeldig modig å skrive så ærlig om et sykehusbesøk utenom det vanlige Hanne. Kudos fra meg :-)
SvarSlettHilsen Erlend
Takk for det Erlend, men føler meg ikkje veldig modig - berre ærleg. Folk som har hatt det verre på sjukehus enn meg. :)
SvarSlettIda: Takk for informasjon. Då får vi håpe at min nye fastlege her i Vågå kaller inn til legetime snart, og at ho prater eit språk eg forstår, slik at eg endeleg skjønner feilen min. :)