søndag 20. juni 2010

Eit betre menneske

Hendingar den siste tida har fått meg til verkeleg å reflektere over livet, og kor eg står hen i verda. Dette kan kanskje høyres litt dramatisk ut, og er eigentleg ikkje det, men når ein på kort tid har mista eller gjeve slepp på dei faste haldepunkta eg har hatt i livet mitt til no, så får det ein til å reflektere.

Eg har vore litt redd. Eg har gjeve slepp på politikken, på jobben min, har flytta frå vener i Oslo og har blitt singel att. No er eg i eit framand miljø på bygda med ein krevande jobb. Det gjer meg redd. Men eg er lykkeleg, og eg er eit betre menneske no enn då eg flytta til Vågå. I helga vart eg invitert med på fest for å feire svenskebryllaup saman med nokre gærne jenter frå Vågå. Fantastiske herlege menneske er dei, og eg er så glad eg har "blitt tatt vare på" av slike folk her i Vågå. Utan vener og sosial omgangskrets føler ein seg ikkje som eit heilt menneske, men det ser ut til å gå over all forventing i Vågå. Eg har møtt utruleg mange fantastiske folk her, og når ein kjem som ny til ein liten plass, betyr det også at ein må gje ein del av seg sjølv. Og ein må ikkje minst tvinge seg sjølv til å vere imøtekomande, og legge vekk alt ein har av sosial angst. Eg er på god veg, og eg meiner med meg sjølv at eg er blitt hyggelegare etter at eg kom til Vågå, men det er stort sett ikkje nokon sak når ein er i eit veldig positivt miljø.


Her ser du eit knippe fantastiske Vagværer i finstasen. Og kva gjer ein når ein treng eit gruppebilete av alle? Ringer naboen sjølvsagt, som kjem over for å ta bilete som det er den naturlegaste ting i heile verda. Skjønt!



Her er meg og Gunn O. Ei av dei fyrste eg vart kjend med etter eg kom til Vågå, og som aldri har vore noko anna enn positiv, og som tok kontakt med meg og inviterte meg på vin ei av dei fyrste vekene eg var i Vågå. Veldig hyggeleg!

No er eg i Trondheim. Sit på hotellrommet etter å ha vandra litt rundt i byen. Hugser meg sjølv som student i denne byen. Yngre, meir usikker, mindre nøgd med meg sjølv og ikkje så klok. Ein del år har gått, og eg er glad for dit eg har komen i dag, men ville ikkje vore tre studieår her forutan. Også desse åra og opplevingane her har gjort meg til den personen eg er i dag. Og eg er stort sett ganske nøgd med meg sjølv i dag.

Bussen til Dragvoll gjekk fortsatt frå samme plass, togstasjonen er den same, Rick's er bygd oppatt og nokre andre ting på "branntomta", men elles er det ganske likt her no, som då eg budde her. Og så skal eg opp på Dragvoll i morgon. Gammal studieplass. Det blir rart...sjølv om eg no har eit heilt anna ærend der oppe enn å studere til gode eksamenar...

3 kommentarer:

  1. Tusen takk for at du er akkurat den du er, Hanne, og for at du blir med og gjer dagane mine rikare også.

    Eg kjem aldri til å gløyme denne fantastiske svenske bryllupsfeiringa i Vågå. DU var med og gjorde dagen og kvelden heilt fantastisk. TUSEN TAKK.

    Eg er utruleg glad for at eg har fått lov til å bli kjent med deg.

    SvarSlett
  2. Eg er glad for at nettopp du kom til Vågå - og inn i livet mitt. Takk for at eg får vera din venn - og for at vi kan gjera kvarandre til betre menneske ---

    SvarSlett
  3. Takk jenter. De er skjønne! Ikkje noko rart eg er blitt så glad i dykk! :)

    SvarSlett