onsdag 2. juni 2010

Endeleg lektor!!

Så har eg klart det. Klart å bli ferdig med Praktisk Pedagogisk Utdanning, og er no utdanna lektor. Eg skal ærleg innrømme eg trudde eg aldri skulle bli ferdig då eg starta på deltidsutdanninga for to år sidan, og det var tider då eg tenkte at eg måtte vere gal som friviljug utdannar meg til pedagog, og som sette meg på skulebenken igjen etter seks år med universitetsutdanning. Men på fredag hadde eg min siste eksamen i norsk fagdidaktikk, og eg bestod med glans!

Eg må få takke arbeidsgjevar då eg starta, FrP si stortingsgruppe, som såg nytta av at eg gjorde dette, og som ga meg lønna permisjon til både samlingar og praksis. Og noverande arbeidsgjavar vidareførte ordninga. Og det har vore lærerikt og nyttig! Utan studiet og dei 12 vekene med praksis frå skuleverket, ville eg ikkje hatt den kunnskapen eg har om læreplanar, skulekvardagen og elevkvardagen. Og ja, eg veit eg på langt nær er utlært, og at det er fyrst når eg startar i skulen at læringskurva blir bratt, men eg har fått erfaring med både lærarutdanning og skuleverk gjennom dette. Noko som også kjem til nytte i den jobben eg har i dag.

Eg føler meg ikkje som ein lektor. Men eg gler meg til eg skal ut i skuleverket. Eg har så mange idear som eg ønskjer å gjennomføre i klasserommet. I jobben eg er i no, skal eg forsøke å få noverande pedagogar til å sette i verk ei rekkje tiltak i klasserommet, men mest av alt har eg lyst til å prøve og feile i klasserommet sjølv. Eg veit mi tid kjem, men eg må berre fullføre den jobben eg har i dag. For vi skal lage Noregs beste skule der alle skal bruke alle sansane sine, og vi skal oppdra heilskapelege menneskje. Og vi treng også felles mål for ei kommune, og god overordna styring for å få til dette. Og den oppgåva er også viktig, så får vi håpe eg klarar å gjere den oppgava til tross for lita erfaring frå norske klasserom!

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar