torsdag 3. juni 2010

Fagforeninga og meg

No har eg fagorganisert meg. No har eg sendt inn innmeldinga mi i Norsk lektorlag, som også er med i paraplyorganisasjonen "Akademikerne". Eg er vel litt fin på det, så Utdanningsforbundet passar ikkje for meg. Dessuten føler eg vel at eg er litt meir på linje, slik politisk, med Norsk lektorlag. Og at dei som kan ivareta mine interesser best, er nettopp Norsk lektorlag. Usynleg i den offentlege debatten, ja, men at dei står for mykje bra, er det ingen tvil om.

Men eg hadde ikkje trudd det skulle koste så mykje peng å fagorganisere seg. 390 kroner i månaden. Det er mykje peng for ein stakkars offentleg tilsett. No får eg riktignok trekt av dette på skatten, men...Og så lenge eg ikkje er tilsett i skulen og ikkje følger tariffavtale, så er eg vel usikker på kor mykje eg får att for det - reint økonomisk.

Men no føler eg at eg er ein del av ein heilskap, og solidaritet og heile pakka, er vel viktig det også. Sjølv om det er litt rart. På høgresida er vi liksom framstilt som vi ikkje liker fagforeningar, og vi tykkjer individuelle forhandlingar er det beste (og då eg var aktiv, så følte eg at det var enkelte fagorganiserte som var ute etter å ta meg heile tida). Vel...eg tykkjer det er greit for å kjempe for betre løn og betre rettigheitar saman med folk eg har noko til felles med. Men eg er redd eg blir det einaste medlemmet av Norsk lektorlag i Vågå, så mykje samhald og solidaritet blir det kanskje ikkje lell..

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar