tirsdag 22. juni 2010
Glasurgenerasjonen
Vi er late, vi er bortskjemte og vi er totalt øydelagt av foreldra våre.
Glasurgenerasjonen kallar dei oss. Det er vi som lev godt på det tidlegare generasjonar har bygd opp, og som er lite innstilt på å skape nye verdiar. Skremmande rapportar dei siste vekene tyder også på at glasurgenerasjonen stadig blir latare og latare, og dei som er yngre enn meg har no fått namnet ”Divagenerasjonen”. Lærlingbedrifter rapporterer om lærlingar som får foreldre til å ringe for å seie at dei må sove ein time ekstra, talet som meiner ein treng skule for å kome seg fram i livet blir mindre og mange tåler ikkje meir enn sekstimars dag fordi dei er i elendig fysisk form.
Eg er den fyrste til å innrømme det. Når det kjem inn ein edderkopp i bustaden min, så ringer eg Mamma. Mamma er 160 km unna, men enno ventar eg at ho skal ta bort edderkoppen for meg. Det har ho alltid gjort. Når noko dett ned frå veggen eller vasken lekk, så ringer eg Pappa. Han bur 320 km unna. Han lover å komme om eit halvt år. Då blir den øydelagde tingen liggjande der i eit halvt år – for eg klarer ikkje fikse sjølv, men ventar på at nokon andre skal ordne opp for meg.
Når noko går gale i livet mitt, så kontaktar eg foreldra mine. Dei stiller stort sett alltid opp for meg. Eg er likevel glad eg har foreldre som aldri køyrte meg til skulen (eg måtte gå!), som ikkje tolererte dårleg oppførsel, som sende meg ut for å plukke tomflasker viss eg ville ha godteri og som aldri skreiv melding til skulen om at eg var sjuk, viss eg ville sleppe unna skitur.
Eg er difor blitt ganske sjølvstendig – heilt til det kjem til praktiske ting som å skifte dekk, stoppe lekkasjar eller fjerne edderkoppar. Eg skulle i blant ønskje at Mamma i barndommen fortalte meg at eg fekk fjerne edderkoppen sjølv. Eg ville grått, eg ville hyla, men eg ville nok fjerna han til slutt, og då ville livet vore lettare, no når eg bur åleine.
Foreldre gjer sine unge ei bjørneteneste ved å vere for snille, for ettergivande og ikkje sette krav til dei unge. Difor har vi no ein oppveksande generasjon som i stor grad forventar at andre skal ordne opp når noko går gale i kvardagen vår – og viss foreldra ikkje er i nærleiken, så er denne ”andre” ofte offentleg sektor, anten det er prat om skule, helsevesen eller NAV.
Publisert i Dagsavisen i spalta "Blåmandag", 21.juni.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar