Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juli, 2010

Glad eg har gode vener!

Ei heil veke i Valdres betyr at ein må ta seg saman for å vitje vener, som det er så alt for lenge sidan eg har sett. Så det har eg gjort. Sjølv om det er både eit halv år og eit år sidan eg traff fleire av dei sist, så er det så å si som tida har stått stille sidan sist. Jada, det har kome fleire ungar, hus har blitt bygd og folk har flytta heim att, men praten og tonen mellom oss er som før. Vi er ein gjeng som har halde saman sidan barneskulen, og minst ein gong i året treff vi kvarandre for å skravle, drikke vin og ha det koseleg saman. Og det er alltid like triveleg, men det er jo nokon som må ta initiativ til slike ting..

Så; tysdag vart brukt til å besøke ei som har bygd seg nytt hus. Vel..huset vart bygd for omlag tre år sidan, men eg har ikkje fått surra meg opp dit enno. Og dotter hennar har eg ikkje sett sidan ho var nokre månader gamal, og no er ho snart to. Så betre seint enn aldri, men veldig på tide. Og veldig koseleg.

I går var eg på besøk hos ei som gifta seg for omlag…

Karakteren inni oss

For nokre månadar attende så tok eg valet med å finne meg jobb på bygda, og forlate jobb og vener i Oslo. Det var jobben som gjorde at valet vart Vågå, men det skal vel også seiast at stillinga aldri ville blitt oppretta viss ikkje Vågå hadde vore ei kommune som satsar offensivt i ei tid der mange kommunar i Distrikts-Noreg ikkje gjer anna enn å sutre. Ordføraren i Vågå har som motto at i Vågå skal sutring vere forbode, og vi har politikarar som meiner at det er opp til oss sjølve å skaffe nye innbyggjarar og nye arbeidsplassar. Ei slik haldning motiverer!

I Vågå sette dei seg som mål å lage Noregs beste skule, og slik hamna eg i kommunen. Etter fire månader i Vågå så seier eg ”Mø i Vågå”, eg har skifta frå bokmål til nynorsk, eg set pris på den fine naturen og eg elskar min nye kommune. Eg skal ikkje påstå eg føler meg meir som Vagvær enn som Valdris enno, men eg er nyforelska i Vågå og det er godt. Eg kan meir om Vågå si historie enn eg kan om Sør-Aurdal si historie, og eg les bygdeb…

Turistane kjem!

Det du forelskar deg i kvar sommar, ønskjer eg å dele reisten av livet mitt med.

Her oppe i nasjonalparkriket og ved porten til Jotunheimen kan vi høyre at ferien er i gang. Det høyrer vi på duren frå stadig fleire helikopter, som er på veg opp i fjella for å redde nok ein bortgått turist.

Det er på denne tida av året eg føler eg bur i eit museum. Alle turistar som kjem innom, pratar om kor vakkert vi har det, og sjølv om dei aldri kunne tenkje seg å bu her sjølv, så er dei veldig oppteken av å konservere Bygde-Noreg. Konservere, slik at det ser akkurat likt ut her når dei ønskjer å kome attende som turist om ein fire-fem år.

Dette er menneska som utan skam kjem innom turistinformasjonen og spør etter vegen til ”Påskefjellet”. Det er dei som helst skulle ønskje at bygda såg ut som det gjorde på 1800-talet. Det er desse menneska som ser på seg sjølv som sanne miljøvernarar, som nektar oss vasskraftutbygging, og som meiner det er vi som skal syte for at Noreg kan skryte av stort biolog…

Valdres, Valdres

Så tok eg meg omsider ferie. Ei veke skal eg unne meg. Og veka skal brukast til å vere hundepassar i Valdres sidan familie + utvida familie skal sørover på ferie. Og då må nokon passe Bisken. Så eg ser for meg late dagar med måling og skriving på verandaen, samt lange turar i skog og mark. Her ser du forresten utsikta til østsida i Bagn frå verandaen kor eg bur. Det er vakkert i Bagn også. Det er det ingen tvil om.

Det er dette som er heimplassen min, og det er her eg føler meg heime. Då eg køyrte over fjellet frå Vågå til Valdres med Staut på full guffe i cd-spelaren så var eg stolt over plassen eg kjem frå, og er glad eg har vakse opp her i Valdres og ikkje i ein stor by. Er er enno av den overbevisning at folk som veks opp på bygda innehar ei rekkje kvalitetar som dei som berre har budd i byar ikkje har.

Dagen i dag har blitt brukt til å vere på åsen for å finne ei tomt som Mamma eig. Slik foregår det på bygda skjønner du: når du får nabovarsel om at ein eller annan skal bygge på h…

Fyll og dårleg moral er det som er interessant, og ikkje gardsnamn!

Etter eg kom til Vågå har eg begynt å interessere meg for historie. Og historia til Vågå er spanande. Mellom anna var Vågå kjend for å ha eit blomstrande caféliv på fyrste halvdel i førre århundre. I tillegg har eg skjønt at det har vore eit anstrengt forhold mellom storbønder og vanlege folk her. Noko som eksploderte i den berømte "prestegardssaken" for omlag tjue år sidan. Og Eilert Sundt trekte fram Vågå som eit døme der det var mykje fyll og dårleg seksualmoral, noko som resulterte i fleire uekte born her enn andre plassar. ALTSÅ; er det rart eg har lyst til å vite meir om historia til denne plassen??

Så joda; eg begynte å lese bygdebok for Vågå og Sel. I fire bind. Eg fekk streng beskjed om at eg måtte begynne på bind 1 for å forstå alt. No er eg komen til Yngre Steinalder, og det har ikkje vore eit ord om korkje sex, fyll eller presteskandaler. Berre omlag tusen ulike gardsnamn har eg lese meg gjennom, kva og kor namnet stammar frå, og kor elva rann hen i forhold til ga…

No må du snart ta ferie!

Kvar morgon når eg kjem på jobb, så har eg ein overordna som anten spør eller seier: "No må du snart ta ferie" eller "Når skal du ta den ferien din?" eller "Det er viktig at du får deg litt ferie". Det er hyggeleg at folk er bekymra for min mentale helse, og at eg jobber meg i hjel, men eg nyter dagane på kontoret om dagen, og akkurat no føler eg at eg ikkje treng ferie. Og her ser du meg sitje på kontoret med ein heilt mørk korridor i bakgrunnen, noko som betyr at eg er ganske aleine og ensom att på kommunehuset (og ingen merkar stort sett at eg er att her, så når eg kjem ut av kontoret mitt for å finne kaffe omlag klokka fire, er alle dører låst og lyset slått av).



For fyrste gong sidan eg begynte har eg normale åttetimarsdagar (eller er det sju?), og kan gå heim att seinast klokka 17. Eg har til og med nokre dagar eg kan sitje heile dagen på kontoret, og ikkje har møter, og kan lese meg opp på tematikken vi skal fokusere på i skuleprosjektet vårt, fors…

Stormfullt hjarte

Eg er ingen kunstnar. Eg er ikkje veldig kreativ (sjølv om eg er ekspert på alt og ganske kreativ og fantastisk etter ei flaske med cava), og har aldri lært nokre grunnleggjande teknikker i forhold til korkje tegning eller måling.

Men eg har alltid lyst til å lære meg å måle, og har det siste året tenkt at det skal eg jammen gjere. Men det er jo ikkje mange kurs som arrangerast i Vågå, så då eg kom over lerret og akrylmåling på Søstrene Grene i Oslo, så fann eg ut at eg skulle jammen sette i gang. Så då eg var i Oslo sist, så sette eg og Cecilie i gang (ho er ekspert, og kunne lære meg litt om farger og gje meg nokre gode tips). I går fullførte eg arbeidet på verandaen min i Vågå. Bilete du ser er det fyrste eg måla, som eg har kalla "stormfullt hjarte". Det er jo ikkje kunst, men skal eg vere ærleg så er det jo like fint som noko av dei bileta ein får kjøpt på Ikea for ein hundrings. :)



Eg starta også på eit større arbeid i går, og satt i to timar og forsøkte å blande meg fr…

Eg trur eg er litt forelska

Det var ikkje kjærleik ved fyrste blikk, sjølv om eg hugser eg vart betatt då eg kom hit fyrste gong. Eg hugser eg tenkte: Så vakkert! Men tida gjekk, og eg fekk ikkje opp forelska-kjensla. Eg var nok mest oppteken av jobben min, og tenkte at eg var her på grunn av jobben min, og ikkje for å bli forelska. Eg skullle gje alt i eitt år, og så skulle eg vende attende til noko anna. Då kan ein ikkje bli forelska. Eg skulle vere som omstreifaren; ikkje høyre heime nokon plassar, men reise frå plass til plass. Og drøyme om andre stader, andre tider og andre menneske.

Men så begynte eg å bruke sansane mine. Eg begynte å sjå etter det vakre. Eg lytta, eg såg, eg lukta og eg smakte. Og eg følte. Gud, som eg følte. Eg har dei siste vekene brukt sansar eg ikkje ante eg hadde.



Når eg på mine daglege gåturar stoppar på utsiktspunkt, og ser nedover i Vågåmo. Når eg ser innover i fjellheimen. Når eg ser fargane. Høyrer lydane. Ser på lyset. Kjenner vinden som omfavnar kroppen min. Eg tvingar meg til…