fredag 2. juli 2010

Eg trur eg er litt forelska

Det var ikkje kjærleik ved fyrste blikk, sjølv om eg hugser eg vart betatt då eg kom hit fyrste gong. Eg hugser eg tenkte: Så vakkert! Men tida gjekk, og eg fekk ikkje opp forelska-kjensla. Eg var nok mest oppteken av jobben min, og tenkte at eg var her på grunn av jobben min, og ikkje for å bli forelska. Eg skullle gje alt i eitt år, og så skulle eg vende attende til noko anna. Då kan ein ikkje bli forelska. Eg skulle vere som omstreifaren; ikkje høyre heime nokon plassar, men reise frå plass til plass. Og drøyme om andre stader, andre tider og andre menneske.

Men så begynte eg å bruke sansane mine. Eg begynte å sjå etter det vakre. Eg lytta, eg såg, eg lukta og eg smakte. Og eg følte. Gud, som eg følte. Eg har dei siste vekene brukt sansar eg ikkje ante eg hadde.



Når eg på mine daglege gåturar stoppar på utsiktspunkt, og ser nedover i Vågåmo. Når eg ser innover i fjellheimen. Når eg ser fargane. Høyrer lydane. Ser på lyset. Kjenner vinden som omfavnar kroppen min. Eg tvingar meg til å stå der i minst ti minutt berre for å bruke alle sansane mine, som tru meg, har vore understimulert tidlegare i livet. Då kjenner eg det. Eg er litt forelska. Enno berre overfladisk. Det er det vakre eg har falt for.

Høyrer eg heime her? Det veit eg ikkje, men eg trur forelskelsen i denne vakre plassen, kan gå over til noko djupare etter kvart.

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar