Gå til hovedinnhold

Glad eg har gode vener!

Ei heil veke i Valdres betyr at ein må ta seg saman for å vitje vener, som det er så alt for lenge sidan eg har sett. Så det har eg gjort. Sjølv om det er både eit halv år og eit år sidan eg traff fleire av dei sist, så er det så å si som tida har stått stille sidan sist. Jada, det har kome fleire ungar, hus har blitt bygd og folk har flytta heim att, men praten og tonen mellom oss er som før. Vi er ein gjeng som har halde saman sidan barneskulen, og minst ein gong i året treff vi kvarandre for å skravle, drikke vin og ha det koseleg saman. Og det er alltid like triveleg, men det er jo nokon som må ta initiativ til slike ting..

Så; tysdag vart brukt til å besøke ei som har bygd seg nytt hus. Vel..huset vart bygd for omlag tre år sidan, men eg har ikkje fått surra meg opp dit enno. Og dotter hennar har eg ikkje sett sidan ho var nokre månader gamal, og no er ho snart to. Så betre seint enn aldri, men veldig på tide. Og veldig koseleg.

I går var eg på besøk hos ei som gifta seg for omlag eitt år sidan, og som no har ein son på snart tre månader (dei timer ting godt). Også der alt som før - bortsett frå at ho et blitt mor. Og så fekk vi besøk av ei tredje veninne, og sidan vi er barnlause begge to (så eg er ikkje den siste i gjengen!!), stakk vi til meg og bøtta i oss ein haug med vin, og skravla om gamledagar. Det vil seie mimring om ungdomstida, gamle flammer, knuste hjarter, utroskap, fylleskandaler og alt som berre er moro. Herregud så mykje galskap frå ungdommen som eg har gløymt. Men så moro å mimre! Og no har vi også invitert alle 10 jentene til hausttreff om ein månads tid, så då tenkjer eg det blir enno meir mimring og galskap. Og vi har allereie begynt å planlegge neste år - når det blir 30årslag omlag kvar månad. Då blir det hæla i taket, tenkjer eg!

I dag går turen til Fagernes for å møte vidaregåendeveninne frå anna del av Valdres (måldame og senterpartist, som kjem til å klage på nynorsken min tenkjer eg:)). Vi skreiv oppgåve om råning i samfunnskunnskapen på vidaregående, og har heilt sidan då hatt ein fascinasjon for både rånarar og rånebilar (og deltakande observasjon, som var metoda vi brukte). Melding om kor vi skal treffast var: "Eg vil på Kinarestauranten for å gumle sursøt saus og glane på rånarar". Så då blir det Kina'n. Så får eg heller klare meg gjennom redselsfull mat. :)

No sit eg ute i sola og blir brun og lekker. Les Inge Eidsvåg-bok og har drikki omlag ti liter vatn. Ein smule mykje vin i går ja..

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein