Gå til hovedinnhold

Karakteren inni oss

For nokre månadar attende så tok eg valet med å finne meg jobb på bygda, og forlate jobb og vener i Oslo. Det var jobben som gjorde at valet vart Vågå, men det skal vel også seiast at stillinga aldri ville blitt oppretta viss ikkje Vågå hadde vore ei kommune som satsar offensivt i ei tid der mange kommunar i Distrikts-Noreg ikkje gjer anna enn å sutre. Ordføraren i Vågå har som motto at i Vågå skal sutring vere forbode, og vi har politikarar som meiner at det er opp til oss sjølve å skaffe nye innbyggjarar og nye arbeidsplassar. Ei slik haldning motiverer!

I Vågå sette dei seg som mål å lage Noregs beste skule, og slik hamna eg i kommunen. Etter fire månader i Vågå så seier eg ”Mø i Vågå”, eg har skifta frå bokmål til nynorsk, eg set pris på den fine naturen og eg elskar min nye kommune. Eg skal ikkje påstå eg føler meg meir som Vagvær enn som Valdris enno, men eg er nyforelska i Vågå og det er godt. Eg kan meir om Vågå si historie enn eg kan om Sør-Aurdal si historie, og eg les bygdebøker, er med på historiske vandringar, guida turar og spør alle eg møter om kva, kvifor og kor. Slikt er nemleg lov når ein er innflyttar. Hadde eg flytta attende til Valdres ville eg nok ikkje take sjansen på å oppføre meg slik – for når ein har budd ein plass i 25 år, så forventast det liksom at ein veit alt om plassen eg kjem frå.

Då eg kom til Vågå så gjekk det for alvor opp for meg kor lite eg kan om både historie og kultur i Sør-Aurdal og Valdres. I løpet av skuletida mi, kan eg så vidt hugse eitt gardsbesøk, at vi hadde litt om Mikkjel Fønhus og sjølvsagt besøkte vi Bangsbergat’n. Eg lærte litt, men ikkje på langt nær så mykje eg burde ha gjort for å utvikle stoltheit over bygda mi. Det er eit mål at ein skal knytte skule og lokalsamfunn tettare inn i kvarandre, men her er det lang veg å gå. I skuleverket blir ein ofte så opphengt i sentrale styringsdokument og lærebøker, at ein gløymer at ein kan finne lærdom rett utanfor skulebygningen, som vi fint kan klare å knytte opp mot kompetansemål i læreplanane og det andre vi skal lære elevane våre.

I Vågå er vi i gang med ein dugnad i heile lokalsamfunnet om kva innbyggjarane våre meiner skal vere innhaldet i skule og barnehage. Vi inviterer friviljuge lag og organisasjonar, næringsliv, kunstnarar og kulturutøvarar, og vi har hatt opne møter i sju grender der alle får moglegheit til å kome med sine synspunkt. I tillegg har vi møtt studentar frå Vågå og andre Vågåvener i Oslo og Trondheim for å få innspel til kva vi må gjere for at dei skal ønskje å flytte attende. Og dommen er klar: Vi må flette lokalsamfunnet tettare inn i skulen, og ha ei meir praktisk tilnærming til det elevane skal lære. Elevane må bli kjende med gardane, elevane må bli kjende med spel- og dansartradisjonen, elevane må bli kjende med historia, med naturen og med gamle segn og soger. Slik vil vi utvikle innbyggjarar som er stolte av heimplassen sin og som har ein identitet knytt til våre fortrinn. Slik trur vi at vi får meir stolte innbyggjarar, som pratar positivt om kommunen sin, og då vil også fleire flytte inn i kommunen vår.

Eg har eit vagt minne får barneskulen om at vi elevane vart sendt ut for å intervjue pensjonistar om livet deira før (det var nok Krigen som var temaet). Dette hugsar eg som ein fantastisk oppleving – for slik som dei eldre kunne fortelje historier! Historier eg aldri ville fått høyre heime eller på skulen. Dette betra kanskje ikkje lese- og skrivedugleikane mine, men det opna sinnet mitt, og eg trur eg vart eit litt betre menneske. Slike historier er med på å gjere oss til heilskapelege menneske, som bryr oss om andre. Gagns menneske, som det heiter. Eller for å seie som ein 10.klasseelev i Oslo, som uttala seg til Dagsavisen, og sa at det hjelper lite å ha gode karakterar på vitnemålet, om karakteren inni deg er dårleg. Eg meiner det viktigaste målet for opplæringa er å utvikle gode karakterar inni oss som menneske, og for å få til det så må heile lokalsamfunnet medverke.

Publisert i Avisa Valdres, 20.juli 2010.

Kommentarer

  1. Ordtaket seier at ein får dei borna ein fortener - mykje sant i det ;-)

    Åse-Kari

    SvarSlett
  2. Ingen tvil om det! Mykje klokskap i gamle ordtak! :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein