Men eg har alltid lyst til å lære meg å måle, og har det siste året tenkt at det skal eg jammen gjere. Men det er jo ikkje mange kurs som arrangerast i Vågå, så då eg kom over lerret og akrylmåling på Søstrene Grene i Oslo, så fann eg ut at eg skulle jammen sette i gang. Så då eg var i Oslo sist, så sette eg og Cecilie i gang (ho er ekspert, og kunne lære meg litt om farger og gje meg nokre gode tips). I går fullførte eg arbeidet på verandaen min i Vågå. Bilete du ser er det fyrste eg måla, som eg har kalla "stormfullt hjarte". Det er jo ikkje kunst, men skal eg vere ærleg så er det jo like fint som noko av dei bileta ein får kjøpt på Ikea for ein hundrings. :)

Eg starta også på eit større arbeid i går, og satt i to timar og forsøkte å blande meg fram til rett grønnfarge i Vågå. Ikkje lett, og trudde ikkje det skulle vere så vanskeleg å finne rett farge. Men veldig moro, og får tankane bort frå alt anna: det einaste eg tenkte på, var korleis i alle dagar eg skulle få fram fargespennet i Vågå. Og eg gleder meg til å fortsette i kveld!! :)
Joda, Hanne - det er ein bra start. Men har fortsatt trua på kombinasjonen drekka og mala ;-)
SvarSlettBlir gjerne med ein kveld!
Fine greier! Ser fram til du er attende frå ferie, så satsar vi på kombinasjon måling og vin! :)
SvarSlett