Gå til hovedinnhold

Turistane kjem!

Det du forelskar deg i kvar sommar, ønskjer eg å dele reisten av livet mitt med.

Her oppe i nasjonalparkriket og ved porten til Jotunheimen kan vi høyre at ferien er i gang. Det høyrer vi på duren frå stadig fleire helikopter, som er på veg opp i fjella for å redde nok ein bortgått turist.

Det er på denne tida av året eg føler eg bur i eit museum. Alle turistar som kjem innom, pratar om kor vakkert vi har det, og sjølv om dei aldri kunne tenkje seg å bu her sjølv, så er dei veldig oppteken av å konservere Bygde-Noreg. Konservere, slik at det ser akkurat likt ut her når dei ønskjer å kome attende som turist om ein fire-fem år.

Dette er menneska som utan skam kjem innom turistinformasjonen og spør etter vegen til ”Påskefjellet”. Det er dei som helst skulle ønskje at bygda såg ut som det gjorde på 1800-talet. Det er desse menneska som ser på seg sjølv som sanne miljøvernarar, som nektar oss vasskraftutbygging, og som meiner det er vi som skal syte for at Noreg kan skryte av stort biologisk mangfald av planter og dyr. Dette skal vi helst gjere med eit smil, og utan å få kompensert for det økonomisk.

Eg er ganske sikker på at mange av dei meiner vi alle burde jobbe i landbruket, og helst bruke eldgamle arbeidsmetodar, slik at dei, ein gong i året, kan kome innom for å leve ut sin nasjonalromantiske draum. Overraska blir dei når dei forstår at husmannsvesenet ikkje eksisterer lengre.

Sentrale myndigheiter ønskjer vi skal bo her, men nektar oss å bygge bustader. Dei ønskjer vi skal skape verdiar her, men naturmangfald går alltid framfor verdiskaping. Dei ønskjer vi skal leve av jordbruk, men rovdyra vil alltid få prioritet framfor husdyra. Dei ønskjer vi skal ta vare på gamle verneverdige bygningar berre ved hjelp av eigen lommebok. Og dei har sørgja for at vi har nok bevarte kolgroper til kvar einaste av Dagsavisen sine lesarar.

I blant føler eg at vi lev og jobbar her berre for at turistane skal ha noko fint å sjå på. Vi likar turistane og set stor pris på at dei ønskjer å dele opplevinga av vårt fantastiske natur- og kulturlandskap her oppe. Men viss vi skal bu her i framtida og viss vi skal kunne klare å ta i mot alle som ønskjer å dele kjærleiken til landskapet vårt, då må vi få rammevilkår til å klare å leve her også reisten av året, og ikkje berre i turistsesongen.

Publisert i spalta "Blåmandag" i Dagsavisen, 19.juli 2010.

Kommentarer

  1. Nå må du ikkje øydeleggje moglegheitene mine for ei framtid som grindgut med raud topphuve på mine gamle dagar.

    SvarSlett
  2. I så fall får du berre vere rektor i staden for! :) Men beklager om eg har øydelagt for draumane dine - eg skal roe ned "byfølkhåninga" mi. :)

    SvarSlett
  3. Så utrolig bra skrevet - som alle andre innlegg her på bloggen din! :-) Koser meg med å lese nye innlegg, og å følge din hverdag i Vågå-bygda. Sjøl er jeg utflytta vagver, og finner det veldig interessant å lese tankene til ei som har valgt å flytte dit. Så bra at du trives, og har funnet deg så til rette med jobben, menneskene og bygda ellers. Gleder meg til å fortsette å følge bloggen din, og ønsker deg lykke til videre!

    SvarSlett
  4. Gro: Tusen takk for hyggeleg kommentar. Moro at folk som har flytta frå bygda kan glede seg over det eg skriv. Så håper eg du kjem med innspel til det vi er i gang med oppe her. Vi har også eigen blogg for skule- og samfunnsutviklingsprosjektet vårt: www.noregsbesteskule.blogspot.com. Kan vere verdt å følgje!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…