
Det er dette som er heimplassen min, og det er her eg føler meg heime. Då eg køyrte over fjellet frå Vågå til Valdres med Staut på full guffe i cd-spelaren så var eg stolt over plassen eg kjem frå, og er glad eg har vakse opp her i Valdres og ikkje i ein stor by. Er er enno av den overbevisning at folk som veks opp på bygda innehar ei rekkje kvalitetar som dei som berre har budd i byar ikkje har.
Dagen i dag har blitt brukt til å vere på åsen for å finne ei tomt som Mamma eig. Slik foregår det på bygda skjønner du: når du får nabovarsel om at ein eller annan skal bygge på hytta, så forstår du at du eig ei tomt. Så no skulle søskenflokken på leiting etter eigedommen sin, men det endte med at dei ikkje fann den. Men det var jo ei interessant oppleving. Flott område dette også, og her ser du utsikten derfrå.

Og så vaska eg elsklingen min. Min kjære elskede bil, som eg er så glad i. Eg er ikkje akkurat bilvaskekspert, men har lært mykje på kort tid. Frå å aldri ha vaska bil før, så veit eg i alle fall no kva eg skal gjere for å få bilen rein, og i dag klæsja eg til og med på lampeolje (som tydeligvis alle andre bortsett frå meg visste gjer underverker for bilen, og eg skjønner enno ikkje heilt kvifor dei ikkje kan kalle det noko anna når bruksområde tydeligvis er til bil, og ikkje til lamper). Her ser du unge frøken Blåfjelldal vaske bil. Litt av eit tempo!! Men gud så vakker han er..


No besøk av niese Adele, som er i "koffør det-alderen". Alt eg seier blir etterfulgt av spørsmålet "Koffør det?". Det er bra eg er så tålmodig....
0 kommentarer:
Legg inn en kommentar