Gå til hovedinnhold

Feminist, fy skam deg!

Då eg var 18 år hadde eg mitt fyrste møte med ”Det annet kjønn”, og har vore feminist sidan.

Det var fyrst då eg las Simone De Beauvoir eg skjønte at eg sjølv var med på å medverke til undertrykkande strukturar i samfunnet.

Eg hugsar eg tenkte etter med meg sjølv: Kvifor har eg dårlegare sjølvtillit enn jamnaldrande gutar som alldeles ikkje er smartare enn meg? Kvifor har eg mykje lettare å godta at gutane gjer det betre enn meg enn at andre jenter gjer det? Over ti år etterpå, er dette enno haldningar eg jobbar med i meg sjølv. Eg kallar meg enno stolt feminist. For meg er feminisme å tru på like rettar for alle, men å erkjenne at det i samfunnet er høve som gjer at vi enno ikkje har oppnådd full likestilling.

Som feminist på høgresida får eg kjeft frå begge kantar. Eg får kjeft frå mine eigne fordi eg i det heile take kallar meg feminist, og fordi eg seier eg trur det er strukturar i samfunnet som gjer at vi ikkje har full likestilling i Noreg. Eg ser gutar ta ordet meir i forsamlingar og at dei er tøffare i lønsforhandlingar. Vi ser seksuell trakassering i skule og arbeidsliv. Ikkje kom her å seie at dette er biologisk eller at vi ikkje kan gjere noko med det. Det trur eg nemlig vi kan!

Eg får kjeft frå venstresida i politikken fordi eg ikkje trur på særeigne ordningar for jenter eller kvotering. Eg trur slike ordningar kan få kvinner til å tru vi er underlegne mannen. Eg trur ikkje vi jenter skal konkurrere mot kvarandre i eigne kategoriar. Kva vil det få den unge usikre jenta til å tru? At ho heile tida ikkje treng vere like flink som gutane, og at det er jenter ho fyrst og fremst skal konkurrere mot.

Vi jenter må bli tøffare, vi må slutte å vere så redde for å feile at vi ikkje tør å prøve og vi må bli flinkare til å unne kvarandre suksess. Dette er ein kamp vi må kjempe anten vi er foreldre, lærarar eller omgås barn og unge på andre måtar. Vi må slutte å ”dille og dalle” med jentene, og sette like tøffe krav til alle – uansett kjønn. Og vi må slå hardt ned på diskriminering og seksuell trakassering tidleg.

Eg meiner det må vere lov å seie at eg trur at det finst forskjellsbehandling i samfunnet. Men det må også vere lov å seie at eg ikkje trur lovreguleringar vil endre på dette – fordi samfunnsendring berre kan skje gjennom haldningsendring.

Publisert i Dagsavisen i spalta "Blåmandag", 16.august 2010.

Kommentarer

  1. Selvfølelig konkurrerer vi med kvinner! Jeg føler ikke at jeg har noe som helst plikt i å hjelpe andre kvinner frem fordi jeg er tilfeldigvis er en selv. I den setningen liker jeg ikke ordet feminist. For meg betyr det at som kvinne skal jeg ha noe til felles med andre kvinner. Jeg er indvidualist, forskjellig fra alle andre, uavhengig av kjønn. Det virker som du prøver å forklare eventuelle svakheter du har med statistiske tilfeldigheter. 5 av 7 partiledere er kvinner nå.

    Hvis du mener at kvinner skal stå sammen kan du ikke klandre "gutteklubber" for å stå sammen. Nei, dette er IKKE holdninger som representer FrP.

    SvarSlett
  2. Viss du les det eg skriv, så skriv eg vel nettopp at eg ønskjer individ skal "konkurrere" mot individ uansett om vi er gutar eller jenter:

    "Eg trur ikkje vi jenter skal konkurrere mot kvarandre i eigne kategoriar". Med dette meiner eg jo sjølvsagt at vi konkurrerer om mykje alle saman, men at vi ikkje skal ha eigne jente- eller guteklasser. Eg ser ikkje at det er i motstrid mot korkje liberalisme eller det FrP står for.

    Og eg har mange svakheiter eg ja, men eg forklarer dei ikkje med "statistiske tilfeldigheter". Ser ikkje kor du ser eg gjer det. Eg trur mine svakheiter har noko med oppdragelse/oppvekst å gjere + litt biologi. Men no er vi sikkert ikkje einige om kva som er ein svakheit..

    Og til slutt: eg bryr meg katten om du (som ikkje eing gong tør bruke namn) meiner eg ikkje har haldningar som representerer FrP. Eg har ikkje skrivi dette for å blidgjere FrP, men for å vere ærleg.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…