onsdag 25. august 2010

Håplaus symboldebatt

Det er mogleg eg er blitt ein bitter ekspolitikar, men eg klarer ikkje ta toskete uspel om skulepolitikk seriøst lengre. Det kan verke som om politikarane går på tomgang, kjenner seg makteslause, og berre kjem med oppgulp av ein symbolpolitikk, som ikkje har rotfeste i verkelegheiten.

FrP er i dag ute og vil ha meir matte og mindre musikk. Hallo?? Kor i alle dagar har de vore dei siste åra?? Musikk er eitt av skulen sitt aller minste fag (mat og helse og elevrådsarbeid har mindre timar), og eg ser gjerne at nokon kjem med empiriske bevis på at å ta den eine musikktimen i veka, og omdisponere han til matte, gjev betre resultat. Snarare tvert i mot, så viser det seg jo at har du god opplæring i kunstfag og gjennom kunstfag, så får elevane betre basisdugleikar og dei trivst betre i skulen.

Problemet i dag er ikkje for mykje estetiske fag (snarare tvert i mot), men skuletrøytte elevar som ikkje føler dei meistrar, og ei for teoritung skule. Det hjelp ikkje å gje ei ku som er i ferd med å døy, meir av same medisin. Dei fleste skulefolk i dag er mest bekymra for at omfanget av estetiske fag i skulen er blitt kraftig mindre dei siste åra, og at dei som underviser i dag har lita kompetanse i estetiske fag. Det hjelper heller ikkje å gje elevar som ikkje meistar matematikk, fleire timar i det dei slit med (altså meir av den samme kjedelege undervisninga). Det vi treng er meir variert undervisning og meir praksisretta undervisning.

Eg trur ein fint kan lære meir matte av å kople det opp mot noter i musikken. Eg trur ein kan lære norsk og engelsk, ved å kople det opp mot musikk. Det vi treng, er meir varierte metoder. Skiljet mellom "basisfag" og "leikefag" (slik det ofte blir framstilt) er kunstig. Vi må sjå heile eleven i samanheng; vi må dyrke det heilskaplege menneske og sjå faga i samanheng.

Utspel som det FrP kjem med i dag, er difor totalt skivebom. Vi treng meir estetiske fag i skulen, og ikkje mindre. Eg vil også i den samanheng vise til Finland, som eg no har skjønt skal ha drama som eige fag inn i skulen. Dei ser at dei i tillegg til gode basisdugleikar også treng å skape elevar som trivst og som klarar seg bra elles i samfunnet. Gagns menneske, som det så flott heiter. Og korleis ligg Finland an i høve til Pisa og slikt?? Eg har i alle fall høyrt folk på høgresida rope på Finland tidlegare...kanskje gjere det no også?

Også begynner Venstre også å bli litt desperate. Dei har no bestemt seg for å heve statusen til lærarane. Det kan nesten verke som det berre er for politikarane å vedta at lærarane skal ha høgare status, så blir det slik.

Eg på min side, tykkjer vi skal gje lektorane høgare status, høgare løn, og innføre sanksjonar når nokon kaller oss lærarar. Slik at det blir større klasseskiller mellom dei som er adjunktar og dei som er lektorar. Det tykkjer eg er moderne! :)

5 kommentarer:

  1. Det går ann å dramatisere en tekst i norsk, det går ann å høre på en engelsk sang og oversette den til norsk i engelsk og det går ann å bygge hus i papir når man er på geometri i matte.

    Jeg var så heldig å gå på musikk, dans og drama på videregående, og i norsk dramatiserte vi mange noveller, vi lagde reklamefilmer og skrev sanger istedenfor dikt. Dette gjorde at norskfaget ble morsommere og det ble lettere å lære det vi skulle.

    SvarSlett
  2. Syns du skriver veldig mye fornuftig her! Jeg tror estetiske(og andre praktiske, f. eks friluftsliv og lignende) kan bidra til at elever som er svake i teoretiske fag føler mestring, blir motiverte, og dermed også kan bli bedre i teoretiske fag.

    Derfor syns jeg det er veldig synd at valgfaget ble fjerna fra ungdomsskolen. Det var mange som hadde godt av det "pusterommet" fra teoretiske fag, som de fikk i disse timene.

    SvarSlett
  3. Elisabeth: Bra sagt, og eg er så einig så einig. Elevane i dag etterlyser også ofte å gjere noko "praktisk", sidan det er slik dei føler dei lærer best.

    Andreas: heilt enig! Og så må de presse regjeringa di til å gjeninnføre det praktiske valfaget. Vi treng ikkje noko prøveforsøk som skal vare lenge før vi gjer dette! Er redd for ungdomsskulen viss vi ikkje får valfag att i løpet av kort tid!

    SvarSlett
  4. Godt blogginnlegg. Det blir for mye fokus på antall timer og for lite på hva som faktisk gjøres i disse timene.

    En ide kunne jo vært å vise sammenhengen mellom matte og såkalte estetiske fag. Mye matte i kunst, arkitektur, musikk, håndverk og til og med sport (biljard, anyone?).

    http://arrestertutvikling.blogspot.com/2007/11/skolen-for-alle.html

    SvarSlett
  5. Ekspolitiker?

    Unnskyld meg, men er ikke du fortsatt 1.vara til stortinget. Altså ganske sikkert at du minst en gang kommer til å representere fylket i stortinget. hvorfor omtaler du deg som om du har brytt alle bånd med partiet og later som du har tapt alt?

    Greit nok at det var skikkelig nedtur å havne utfor tinget, men fire er egentlig en ganske kort tid og kanskje 5% av livet. Har du gitt opp bare pga dette?

    SvarSlett