mandag 2. august 2010

Ikkje kan mø noko folkedans..

Slektstreff med Blåfjelldal-slekta i helga. Heldigvis ikkje slik kjedeleg med bunad, bordsetting og formelle greier med dårlege dikta allsanger. Men berre ein haug med folk som samlast på nokre hytter, og der det er lov å drikke vin. Med tanke på at det er sju år sidan eg såg mange av desse folka, så er det jo triveleg å treffe att mange.

Arrangørane frå Fåvang er drevne folkemusikarar. I min familie kan vi lite eller ingenting som ville fått plass i ei talentkonkurranse. Men på laurdagskvelden forventast det at vi framfører eit eller anna. Eller; det forventast vel ikkje, men syster mi og meg nektar å vere dårlegare enn dei som kjem med trekkspel og feler, så då skal vi ordne noko.

Så kva kan vi? Ho kan spele gitar, og vi er begge slik passe gode på ord, rytme og rim. Og så kan vi countrymusikk, og vi er berre halvdårlege til å synge. Så kva gjer vi? Jo, vi finn den enklaste countrysangen å spele på gitar, som vi begge kan synge, og lagar tekst som passer på slekstreff.

Sangen? Carlene Carter sin "Every little thing". Og starter sangen med: "Ikkje kan mø noko folkedans. Ikkje kan mø noko felespel". Og så vart det berre betre og betre, sjølvsagt. Full suksess. I følge alle tilhøyrarane, så burde vi starte band, og det vurderer vi jo nesten å gjere. Vi reknar med publikum tross alt ikkje hadde drukke sååå mykje vin...:)

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar