tirsdag 24. august 2010

Mykje moro i Vågå framover

Eg har ikkje stort til liv - utanom jobben min (det har endeleg gått opp for meg). Men det er ganske moro på jobben om dagen - sjølv om det blir hektisk framover.

Og sjølv om vi berre er inne i eit forprosjekt enno, så får vi til mykje moro i skule og barnehage allereie i inneverande skuleår. Berre sjå her:

14. og 15.september: Kurs for alle musikktilsette i grunnskulen i Nord-Gudbrandsdalen
16. og 17. september: Jon Roar Bjørkvold kjem til Vågå for å engasjere lokalbefolkningen vår og alle undergruppene i prosjektet
1.oktober: Alle undergruppene skal ha ferdig sine rapportar og svar på mandat (og sidan eg skal føre alle rapportane i pennen, så blir det ein hektisk månad framover).
November: Satsar på undervisningsopplegg i foto med ustilling
2.desember: Forprosjektrapport ferdig

Puh! Om dagen så veit eg ikkje heilt kor hjerna mi er hen, eg føler eg ikkje har kontroll på noko som helst og ser ikkje heilt enden på ting og korleis vi skal kome i mål. Men eg ser fram til desember - når eg har planer om å reise på ein laaaaang ferie!

Heldigvis artig i helgane. Denne helga var eg i Oslo; Gåte-konsert og Stand Up-festival. Havna på "Sinatra" og sang karaoke fredagskveld. Lenge sidan sist no, men alltid like moro...

Og til helga kjem dei beste av dei beste hit til Vågå. Bettina og Cecilie, som eg saknar så mykje får endeleg surra seg opp hit. Dei kjem i pumps, perler og med glitter. Fredag blir det Vianvang for å møte Arne Brimi, og laurdag formiddag blir det opp i fjella for å glane på reingjetarar. Og laurdagskveld; Gluntan på Bowlingen!! Kan livet bli betre???

0 kommentarer:

Legg inn en kommentar