fredag 6. august 2010

Treng fotohjelp!

Ein smule umotivert sit eg no på kontoret og flikkar på eit undervisningsopplegg i foto og bilete, som vi ønskjer å bruke i skule og barnehage til hausten/vinteren.

Barn og unge møter i større og større grad meining gjennom ulike former for bilete, meir enn skrift. Å kunne skildre og tolke bilete, samt kunne ta gode bilete sjølv er difor viktig. Vi ønskjer å lage eit opplegg der elevane skal bruke lokal kultur, historie og tradisjonar, og så dokumentere dette gjennom sine eigne bilete. Dette skal vere eit tverrfagleg opplegg, og vi håper det skal ende med ei utstilling.

Er det nokon som har gode idear? Tips til kva vi kan gjere og korleis? Kva er viktig å tenkje på? Gode nettressurser eg kan bruke?

Eg treng hjelp. Eg er korkje kunstnar eller fotograf (og viss de ser på bileta eg har take på bloggen min, så skjønner de er eg er ein stor amatør).

1 kommentarer:

  1. Bruk kameraklubben - dei har mykje kompetanse på området, og eg trur jammen det er pedagogar blant dei også ;-)

    SvarSlett