Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september, 2010

Haustdrømmer

Hausten er drømmetid. Ingenting er betre enn å gå lange turar i haustvêret og la tankane flyge. Drømme om alt eg skal oppnå og oppleve i framtida. Den andre favorittsysla er å tulle seg inn i eit teppe i sofaen, lese ei bok og berre kjenne på at eg eigentleg er ganske lykkeleg. Det er fint. Sjølv om eg gruer meg til vinteren.

I helga hadde eg besøk av min kjære veslesøster. Og vinteren er komen til fjellheimen. For ho måtte snu midt oppe på Valdresflya fredagskveld, og då vart turen til Vågå plutseleg på 39 mil. Gjev kanskje ikkje meirsmak å kome til Vågå...Eg gjekk meg ein tur mens eg venta på at ho skulle komme, og her kan du sjå bilete av kontrastar mellom haust og vinter:

Men trur det vart litt betre på sundag, då vi gjekk på småbarnskafeen sitt bruktmarked, og der fann vi barnevogn. Og ja, ein ny Blåfjelldøl er på veg. Det er sjølvsagt ikkje meg denne gongen heller, men eg skal bli tante. Ida har ønskja seg unge sidan ho var bitteliten (ho skulle bli Mamma når ho vart stor - eg s…

Mamma?!

Møtefri dag i dag, og slike dagar kan brukast til lenge etterlengta besøk i barnehagane og på skulane. I dag stod Vågås minste skule for tur - Tessand oppvekstsenter. Og når ein fyrst kjem seg dit, kjem ein seg ikkje bort. For det fyrste får eg mat (passar jo på å komme midt i matpausa), sidan barnehagen der har innført ordning med at dei lagar mat der, slik at foreldra "slepp" å sende med nistepakke. Så får eg spørsmål: "Skal du vere med på samlingsstund?". Slikt seier vi jo ikkje nei til. Etterpå kjem spørsmålet: "Skal du bli med ut for å leike bjørnen sover?". Det kan ein jo heller ikkje si nei til. I det heile take får eg meg mange nye vener, og får til og med kompliment for skoa mine. Det største komplimentet er vel då ein av dei søte små skrik: "Mamma!!" med forvilt stemme når eg går vekk. Jøss, tenkjer eg, og tenkjer også at dei små verkeleg er tillitsfulle. Men skal vel ærlig innrømme at morsinnstinktet ikkje er vekt enno!

Fantastisk daga…

Ryddig! Endeleg..

I dag har eg brukt arbeidsdagen på å rydde kontoret mitt (ikkje rydde ut, men altså rydde opp), og det var godt. Eg har det siste halvåret slengt alle papir og dokument ned i ein svær skuff.


No fekk eg systematisert, sett inn i permar og fekk orden. Eg har også fått opp vitnemål for bachelorgrad, mastergrad og ppu på veggen. No føler eg at eg begynner å få eit triveleg kontor. Og som kjent gjev rot rundt meg rot i hovudet, så var vel på tide å få rydda opp.


Dette har vore ei god veke. Har arrangert to meget vellukka kursdagar i musikk for tilsette i regionen, og det er fantastisk å sjå lærarar gløde for faget sitt slik eg har sett desse to dagane. Det gjev i alle fall meg inspirasjon til å kjempe vidare i jobben!!

I kveld skal Jon Roar Bjørkvold inspirere i Vågå kulturhus, og i morgon skal han møte arbeidsgrupper i prosjektet vårt. Eg vil difor avvente stort tankearbeid til etter dagen i morgon, når mykje arbeid skal koordinerast, vi skal "tenke på tvers". Håper på fullt hus …

Verdiskapningen - vårt nye bygdedyr?

Inspirert av sjefen på nynorskkurs, tenkte eg at eg skulle gå systematisk til verks for å finne ut kven denne verdiskapningen er.

Eg startar med google: Verdiskapningen ga "91 200 treff". Det må vel bety at han finst?

Fyrste treff er frå noko som heiter Kunnskapssenteret.com. Dei meiner Verdiskapningen er: Verdiskapningen i et samfunn er på mange måter lik verdiskapningen i en bedrift.

Dette gjorde ikkje meg mykje klokare, sidan eg korkje har truffe på Verdiskapningen i ei bedrift eller i samfunnet.

På Nytid.no finn eg ein kronikk av Petter Bae Brandtzæg med overskrifta "Verdiskapning 2.0". Eg skjønner ikkje så mykje, men det er tydeligvis snakk om ein ny skapning du kan finne både på facebook og twitter. Eg er mykje på facebook, men Verdiskapningen har eg ikkje sett.

På nrk.no finn eg ein artikkel med overskrift: "Skurker gir verdiskapning". Med eit sitat av ein politibetjent: - Hvor verdiskapningen blir lokalisert avhenger av hvor politiet eller advokaten…

Nynorskkurs og språktips

Tek ei pause i sundagsarbeidet her på kontoret (eg treng snart hjelp!) - for å skrive nokre ord om kva eg lærte på nynorskkurs her i kommunen på torsdag. Det fine med å jobbe i ein nynorskkommune, er at vi får tilbod om slike kurs. Det viktigaste fyrst: eg har lært meir fine og smarte triks på desse kursdagane enn eg gjorde i norskundervisninga i grunnskule og vidaregåande (eller kanskje var det berre at eg denne gongen var ein elev som faktisk høyrte etter??). Og det er eit godt utgangspunkt.

Stikkordsliste over lærdom og smarte triks frå nynorskkurs med Mathias Øvsteng her i Vågå:

1. Det er ikkje feil. Det er berre frykteleg dårleg (sagt om dårleg kommunalt språk direkte oversett frå byråkrat-bokmål).

2. Skriv det slik du ville sagt mens du prata med naboen over gjerdet

3. Eit medium - mediet - fleire medium - alle media er rett bøying (også på radikalt bommål). Her syndast det mykje i avisane, og det er feil å seie: "Eg går på media" (som i tydinga eg går på medie-linja)

4…

I like the way it hurts

Eg var på handballtrening i går. I dag klarer eg nesten ikkje å gå. Eg kjende det allereie etter å ha stått i mål i ti minutt at dette kjem til å gå ad undas. Etter ein times handballtrening ga eg opp, og brukte den siste halvtimen til å sitje på sidelinja der eg observerte og tøyde ut mine noko øydelagte bein. Eg hadde gløymt at det var så slitsomt å stå i mål. Enno no var vi tre keepere som bytta på, men eg var skutt. Beina mine er heilt ødelagt, enno eg følte eg ikkje bevega meg i det heile take. Men tydeligvis bevega eg nokre "musklar" som har fått kvile i 11 år.

MEN; det er jo godt å kjenne på at ein har brukt kroppen sin att. Det er vel ein god smerte, og eg har ikkje tenkt til å gje meg. Men eg trur ikkje eg skal gå på ein smell i starten av (hadde eg pressa meg sjølv hardare i går, hadde eg nok ikkje klart å gå i dag). Og etter kvart får eg kanskje meir overskot og glede av dette. Men akkurat no føler eg at eg ikkje får tid viss eg skal gjere jobben min skikkeleg (sj…

Verdsmeister Hanne

Dei som kjenner meg, veit at eg etter litt (eller mykje) vin kan bli ganske høg på meg sjølv. Som eg elskar å prate om Hanne og kor fantastisk eg er! Også er eg verdsmeister i alt. For litt under to veker sidan, fekk eg ei teksmelding frå ei veninne i Vågå, der det står: "Håndballtrening i morgon. Du kan sitje på. Vi køyrer klokka sju frå Vågå". Då demrer det for meg at eg truleg på ein fest har prata om at eg er knallgod i håndball, og at det er eit hån mot håndballsporten at eg ikkje speler håndball lenger. Då vart eg redd, og sendte melding attende om at knebeskyttarane mine låg i Valdres, og at eg skulle bli med når eg fekk henta heim dei.

No er eg heime i Valdres, og har funne knebeskyttarar og håndballbukse md nummeret "73" på. Utstyret er ikkje blitt brukt på over 10 år. Eg var då håndballkeeper på Fagernes sitt J16-lag. Eg var tøff i trynet og tjukk, og difor stod eg i mål. No er eg ikkje tjukk lengre, men har fiskebollearmar og nikotinkondis. Ikkje kan eg …

Mitt Vågå - del 1

Okey. Eg skal innrømme det. Eg har sett mest innsida av kontoret mitt denne veka også. Men etter eg kjem meg heim frå jobb utpå kvelden, prøver eg å tvinge meg sjølv ut. Og det gjer godt når eg kjem meg ut. Her ser du mitt vakre Vågå på mine daglege turar. Tatt nesten på toppen - når eg er så andpusten eg ikkje klarar å prate.