
I helga hadde eg besøk av min kjære veslesøster. Og vinteren er komen til fjellheimen. For ho måtte snu midt oppe på Valdresflya fredagskveld, og då vart turen til Vågå plutseleg på 39 mil. Gjev kanskje ikkje meirsmak å kome til Vågå...Eg gjekk meg ein tur mens eg venta på at ho skulle komme, og her kan du sjå bilete av kontrastar mellom haust og vinter:

Men trur det vart litt betre på sundag, då vi gjekk på småbarnskafeen sitt bruktmarked, og der fann vi barnevogn. Og ja, ein ny Blåfjelldøl er på veg. Det er sjølvsagt ikkje meg denne gongen heller, men eg skal bli tante. Ida har ønskja seg unge sidan ho var bitteliten (ho skulle bli Mamma når ho vart stor - eg skulle bli heks), så dette er berre moro. Eg skal kjøpe masse ting!
Elles drøymer eg om å reise. Har jo ikkje vore utenlands sidan eg var på Gran Canaria(!) for nesten eit år sidan. Så på impuls, søkte eg på eit stipend om å reise på Comenius kontaktseminar for å finne partnar (altså ein skuleeigarpartnar i utlandet, som Vågå kan samarbeide med), og jammen fekk eg ikkje støtte. Så eg reiser til Budapest i desember, og eg gler meg!! Men innan den tid skal rapporten for forprosjektet vere ferdig..så det blir to travle månader framover.
Elles tenkjer eg å reise ein varm plass i desember, når jobben min er over. Drømmer om Mexico! Men på onsdag skal eg til tannlegen...og eg er redd rekninga blir stor. Kan ikkje hugse sist eg var der, og no kjenner eg det verker over alt..ser for meg sjokkrekningar på 50 000 kroner. REDD ja..og ikkje for fysisk smerte, men økonomisk smerte...
Ah, bakeriet i Lom - der har jeg jammen vært. Må ta turen opp igjen snart - sånn i tilfellet snøen lager ugjennomtrengelige barrierer.. :)
SvarSlettForresten; en heks som tante tror jeg er mye kulere enn en som kjøper "riktige leker" og og fornuftige klær.
Du er velkomen når som helst! Saknar dykk slik. Og det gjer nok ungkarane i Skogbygda også! :)Og snøen kan fort lage ugjennomtrengelige barrierer ja, men skal du rekke hit før snøen, må du forte deg! :)
SvarSlettHekse-tanter er kulere enn dulle-dalle-tanter. Dessuten er eg ei heks som liker rosa neglelakk, og det er veldig populært hos små nieser...eg er litt meir bekymra for kva eg skal imponere med viss det blir gut - gutar har ein tendens til å vere redd hekser...