søndag 12. september 2010

Verdiskapningen - vårt nye bygdedyr?

Inspirert av sjefen på nynorskkurs, tenkte eg at eg skulle gå systematisk til verks for å finne ut kven denne verdiskapningen er.

Eg startar med google: Verdiskapningen ga "91 200 treff". Det må vel bety at han finst?

Fyrste treff er frå noko som heiter Kunnskapssenteret.com. Dei meiner Verdiskapningen er: Verdiskapningen i et samfunn er på mange måter lik verdiskapningen i en bedrift.

Dette gjorde ikkje meg mykje klokare, sidan eg korkje har truffe på Verdiskapningen i ei bedrift eller i samfunnet.

På Nytid.no finn eg ein kronikk av Petter Bae Brandtzæg med overskrifta "Verdiskapning 2.0". Eg skjønner ikkje så mykje, men det er tydeligvis snakk om ein ny skapning du kan finne både på facebook og twitter. Eg er mykje på facebook, men Verdiskapningen har eg ikkje sett.

På nrk.no finn eg ein artikkel med overskrift: "Skurker gir verdiskapning". Med eit sitat av ein politibetjent: - Hvor verdiskapningen blir lokalisert avhenger av hvor politiet eller advokaten hører hjemme, sier Brathaug.

No føler eg at eg begynner å nærme meg, når eg finn ut at verdiskapningen er der det er mykje politi og advokatar. Det må vel bety at vi er trygge her i Vågå - i tilfelle Verdiskapningen er slem.

På flerkulturell.no kan vi også lese om at det finst noko som heiter "Norsk senter for flerkulturell verdiskapning". Noko som kanskje er sjølvsagt - sidan vi lever i 2010. Så klart er skapningen multikulturell!

Men eg blir meir forvirra. På petro.no kan vi lese om at verdiskapningen i vatn er tre gonger høgare enn den på land. Då blir eg forvirra; finst det verkeleg to verdiskapningar?

Men PUH!!! På oa.no finn eg det eg leitar etter: "liten verdiskapning i Oppland". Det må vel berre bety at eg er trygg. Eg slepp å møte på Verdiskapninga på gåturen min i Vågåmo i kveld også.

Viss du lurer på kva eller kven Verdiskapninga er, kan eg oppsummere: Han er ikkje det nye bygdedyret, for han finst ikkje på bygda, men han finst i bedrifter eller på facebook. Verdiskapningen likar seg i nærleiken av skurkar, og han er større på vatn enn han er på land. I alle høve er Verdiskapningen fleirkulturell. Og du finn han ikkje i Oppland (eller han er i alle fall liten der).

(For ordens skuld: Ordet "verdiskaping" gav 177 000 treff i google - noko som i alle fall betyr at rett norsk har seira - til no).

4 kommentarer:

  1. *Riste-på-hovudet*

    Verdiskapinga er arealet mellom marginalkostkurva og etterspørselskurva frå q=0 til den verdien av q der markedet klarerar ;)

    Sjekk ut:
    http://en.wikipedia.org/wiki/Economic_surplus

    SvarSlett
  2. Poenget her var vel skrivefeil, og ikkje verdiskaping....

    *Riste på hovudet av folk som ikkje skjønner noko som helst*

    SvarSlett
  3. Skapning ja.... hehehe.

    Underteikna er treig om dagen.

    SvarSlett
  4. TILSLAGSORD ARTIKKEL FRA BOKMÅLSORDBOKA (offisiell rettskriving)
    verdiskapning ~skaping el. ~skapning -a el. -en det å skape materielle el. åndelige verdier vi må øke den industrielle v-en i Fastlands-Norge

    SvarSlett