onsdag 6. oktober 2010

Ei reise i språk og kultur (og eit smertefullt besøk hos tannlegen)

Ivar Aasen var litt av ein fyr. I ein alder av 22 år, fann han ut: "Eg skal lage eit nytt språk, og skal basere det på dialektane i Noreg og reise rundt omkring resten av livet mitt". Tenk det a!! Dei 22-åringane eg kjenner drømmer om bil og damer. Ivar Aasen drømte om å lage eit nytt språk (vel..han drømte visst om ei tenestejente også). Og han var singel heile livet! Noko som får meg til å filosofere over kvifor menn som tenner på bil har draget, mens menn som tenner på språk, slit med damene. Kvifor sleit menn som Tor Jonsson og Ivar Aasen slik med kjærleiken? Må du slite med kjærleiken for å få tid og energi til å skrive så vakkert? Eg er heilt sikker på eg ville forelska meg i dei båe om eg hadde møtt dei! (Eg er i alle fall forelska i lyrikken)

Tobakken og Ivar Aasen var likevel kompisar heile livet. Her ser du pipa hass:



Grunnen til at eg har besøkt pipa til Ivar Aasen, er at eg på ein tur til vestlandet fann ut eg måtte innom heimplassen til nynorskens far, og Ivar Aasen-tunet. Det var stort. Eg kjøpte meg eit bærenett med teksta: "Det eg ikkje kan få, det slepp eg å bera på".

Heimatt gjekk køyreturen om Geirangerfjorden. Det gjekk til min store skrekk opp for meg at eg aldri har vore der, så når ein er i nærleiken - kvifor ikkje?? Sikkert ikkje like fint som på sommaren, men no har eg i alle fall funni ut at det slettes ikkje er langt frå Vågå. Så turen går nok attende til både Volda, Ørsta og Stranda til våren.





Og i dag var eg hos tannlegen. For fyrste gong på sikkert ti år (eg tørte ikkje innrømme overfor meg sjølv at eg ikkje hugsar sist gong eg var der). Eg leste i VG om ein som hadde droppa tannlege gjennom heile studietida, og fekk rekning på 50 000 kroner. Trur tannlegen i Vågå lurte på kven eg var og kor eg kom frå når eg etter besøket spurte: "Koster det ikkje 50 000?". Vel - resultatet: Ingen Karius og Baktus. Men eg hadde ein kilo tannstein. Tennene mine følast no som dei er blitt halvert. Tennene var dekka av kalk og skit (sikkert difor Karius og Baktus ikkje fann vegen), og eg har enno blodsmak i kjeften etter at tannlegen borra i tannkjøttet for å få steinen ut. Men no er eg fin, og klarer meg med eitt besøk til for å gjere tennene enno kvitare og finare.

Så no håper eg snart att skattepengene mine kjem, slik at eg kan færra te Mexico i desember!!!

3 kommentarer:

  1. Eg har vore fire gongar på Ronald Reagan Presidental Library, og det femte besøket kjem nok før eg får vitja Aasentunet :(
    Spørst om eg ikkje lyt revurdere prioriteringane mine.

    Kva er det forresten som får deg til å tru at Ivar Aasen ikkje hadde draget? Det at han var singel heile livet kan jo like godt bety at han var litt av ein rundbrennar.

    Søk forresten etter "Oasis Cancun" på Youtube. Fantastisk plass. Om du skulle komme til å sjå kjentfolk der so er det heilt sikkert nokon som har manipulert dei inn ;)

    SvarSlett
  2. Ivar Aasen hadde garantert ikkje draget. Eg kjenner typa. Sit med nasen i ei bok, og med sosiale antenner som gror nedover i bakken. Og dessverre; vi jenter faller ikkje for dei smarte gutane, med djupe sinn og som kan bruke store ord. Vi kan vere fascinert, men det er ikkje slike gutar vi får lyst til å kaste i vegen og rive av kleda på. Vi faller heller for han utan personlegheit og med eit sinn djupt som innhaldet i ei cava-flaske etter eg har drikki av han.

    Og hadde Aasen vore ein rundbrennar, hadde det vore skriven om i historiebøkene. Det kunne nynorskhatarane brukt mot nynorsken. Og nynorsken skal liksom vere traust då...

    Og du må revurdere prioriteringane dine. Eg skal ikkje påstå Aasen-tunet er betre enn Reagan-library, men eg fann meir interessante ting å shoppe på Aasen-tunet enn hos Reagan...og det er jo tross alt noko av det viktigaste!

    Skal gjere eit søk på Youtube, men usikker på om eg vil sjå dette.....

    SvarSlett
  3. Jau, det er vel kanskje ei viss fare for det, men trur du verkeleg at det var ingen som fatta interesse når han trakka rundt på bygdene? Han kan vel ikkje ha vore so lite sjarmerande at ingen peppermøer prøvde å lure han?? :)

    Trur ikkje nynorskhatarane hadde brukt det mot han. Har inntrykk av at dei som ikkje har mykje til overs for skriftspråket vårt ikkje har verdas mest restriktive seksualmoral.

    Har dei tøffe ting å handle på Aasentunet? Eg har svidd av nokre hundre dollar på Reagan Library, so då får eg vel gjere det same på Aasentunet. Kjøpte mellom anna ei snakkande Reagandokke. Har dei snakkande Aasendukke? I staden for "Mr Gorbachev, tear down this wall" kunne den sagt "Visdomen kan gøymast, men ikkje dumskapen." Aasenmansjettknappar hadde og vore kjekt. Gjerne med gullbelegg.

    Søk på youtube, men skulle du sjå kjentfolk so var det Johan som lurte meg til å gjere det.

    Fann forresten ut at ein kan forstørre bilda på bloggen din. Du tar deg bra ut med litt raudleg hår ;)

    SvarSlett