Gå til hovedinnhold

For nokre idiotar!

Dei orda har eg tenkt mykje i dag. Ryktene om at det var nokre FrP-folk i Tromsø som hadde støtta dødsstraff frå talerstolen i kommunestyret, nådde meg alt i går. I dag fekk vi lese det på trykk i nettavisene.

Eg bruker ofte å respektere andre sine meiningar. Men når det kjem til grunnleggjande spørsmål om menneskesyn, klarer eg det ikkje. Eg lurer på kva slike folk er blitt utsett for i barndommen, når dei klarar i fullaste alvor å vere for dødstraff. Dette er ofte dei samme folka som er svorne motstandarar av abort - fordi dei er i mot å ta liv. Av alle dobbeltmoralistiske ting i heile verda, må dødsstraff vere det verste. At offentlige myndigheiter skal kunne straffe noko med døden strider mot mine liberale prinsipp om at livet er ukrenkeleg. Å ja - folk gjer avskyelege ting, og eg skjønner om folk har lyst til å drepe folk som har skada dine næraste. Men det er ein grunn til at det er staten som skal ta seg av straff - slik at det ikkje utviklar seg til auge for auge og tann for tann. Å straffe drap med drap finst ikkje logisk. Dessuten er det inhumant.

Å vere for dødsstraff er så idiotisk at eg ikkje orker å diskutere med slike folk. Og viss ein ser på dei dustete argumenta, som er: "eg er berre for det i enkelte groteske tilfelle" (akkurat som det skulle gjere saken betre??)eller "eg ønskjer det berre der det er 100% sikkert" (når i alle dagar er det då??). Det finst ingen logiske rasjonelle argument for dødsstraff, og eg avskyr folk som er for slik straff og land som bruker slike straffemetodar. Det er ein slik sak eg er kompromisslaus på - eg hugsar eg hadde ein dude som fortalte meg at han var for dødsstraff, men berre i krig (som om det gjer saken betre..). Frå og med då, mista eg all respekt for han. Og det kunne berre ikkje gå meir. Eg slutta også ein gong å date ein fyr fordi han drakk te og ikkje kaffe på date, men det er forresten ein annan historie..

Det er godt å kjenne at engasjementet er der fortsatt. Og at eg kan bli opprørt. Og at eg har tru på noko. Tru på liberale verdiar og menneskeverd. Også var det frykteleg godt å sjå at Per Sandberg var raskt ute og tok skikkeleg avstand frå desse folka. Men å si at "dei slit litt" er vel å underdrive...

Dessverre trur eg det er fleire enn desse sju oppe i Tromsø som er for dødsstraff i Noreg (undersøking som kom i dag viser at 25 % er for). Og det er kanskje bra slike haldningar kjem til syne, slik at vi får debattert dei i det offentlige rom. Eg trur også skulane våre har eit ansvar i å lære opp elevane våre i menneskerettar, og til å respektere rettar som retten til liv og retten til ytringar. Lykkast vi med å skape "gagns menneske" i skulane våre, så vil vi sleppe primitive haldningar som dette i eit liberalt land som Noreg.

Kommentarer

  1. F***!!!!! Det er ikkje greit....

    Dette er nok ikkje den dagen eg har vore stoltast over å vere medlem av Framstegspartiet.

    SvarSlett
  2. Er imot dødsstraff, men synes godt det kunne vært lavere straffer for drap.

    Jeg drikker kaffe, men hvis te er ett alternativ så drikker jeg heller det, er det no galt med meg?

    SvarSlett
  3. Blir for dumt å sammenlikne dødsstraff med abort. Jeg er for ds på hvis vedkommende er seriemorder eller hvis f.eks. noen kaster syre i ansiktet og ødelegger livet til noen. Disse er ikke mennesker i mitt hode. De fortjener ikke å leve med oss andre.

    SvarSlett
  4. Har FrP blitt pinglete ?

    SvarSlett
  5. Jeg reagerte også veldig på dette med dødsstraff.Jeg er av den oppfatning at vi mennesker ikke bør stå ansvarlig for å ta andres liv.Denne oppfatningen har jeg nok generelt.Ikke første gangen enkelte er for raske på leppa.

    SvarSlett
  6. Kaffe på date? Hva hendte med øl og vin?

    SvarSlett
  7. Synes det er interessant at Blåfjelldal kaller 70% av amerikanere for "idiotiske".

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein