onsdag 20. oktober 2010

JAAAA! Skattelister!

I skrivande stund, er ikkje lengre skatteoppslag hovudoppslag på VG-nett, men no har "fedmeduellen" take over. Det er tydeligvis to ting som engasjerer om dagen: er det din egen feil om du er tjukk, og kor mykje tjener kollegaen eller alle kjendisane.

Eg hugser då eg var liten. Då var ikkje skattelistene på nett. Men til gjengjeld fekk vi kjøpt dei i alle butikkane heime i Bagn. Trykt opp i eit fint hefte. Alle heimane hadde ein. Eg hadde moro av å allereie då sjå etter kven eg skulle gifte med meg når eg vart stor - eg såg etter kven som hadde foreldre som var rikast. Vel..eg er fortsatt ugift.

Det er mykje kulare no. No går eg rett inn på VG-nett. Der skriv eg inn mitt eige namn, og så kan eg finne ut mellom anna kor høgt eg er rangert i 1981-kullet. Og eg er den som tener 9.mest av alle fødd i 1981 i Vågå kommune (forresten veldig rart å sjå eg er lista opp i Vågå, og ikkje Sør-Aurdal). Då finn eg samtidig ut kven som er den beste fangsten av menn fødd i 1981. Vel..eg veit ikkje kven nokon av dei er, men skjønner det er håp om å finne ein som er rikare enn meg.

Og ikkje nok med det! Eg får også opp oversikt over 1981-kullet i Noreg (utan at eg har bedt om det). Eg er på 21 825. plass i Noreg i 1981-kullet. Brede Hangeland toppar, med Azar Karadas som nummer 2. Dei tener ganske mykje meir enn ein stakkars lektor.

Samtidig finn eg ut kor mange som har søkt på mitt namn på VG-nett sine skattelister. Og eg kan også finne ut "eigentlege inntekt". Eg har aldri eigentleg skjønt dette. For kva er det inntekta som står, og kva er eigentleg vitsen med han, viss han ikkje er eigentleg? Vel - det finn eg sikkert aldri ut av.

Men no må eg ut på vift. Eg har store planar om å finne ut kven dei åtte fødd i 1981 i Vågå over meg på lista er.

PS: Eg har fått meg t-skjorte i størrelse XXL med "La g35 leve" på. Eg skal heim og gjere han om til trendy kjole no. Bilete kjem!! :)

1 kommentarer:

  1. Den inntekten på skattelistene er den inntekten du har etter alle fradrag osv er trukket fra. Sjømenn feks, har minstefradrag, sjømannsfradrag og div småtteri. som gjør at skattbar inntekt er mye lavere. Samme med selvsendig næringsdrivende, de kan trekke fra alt mulig rart.

    SvarSlett