mandag 11. oktober 2010

Språkrot hos Dagsavisen

Ein gong i månaden er eg fast spaltist i Dagsavisen i spalta "Blåmandag". Og no har Dagsavisen funne ut at dei skal lese korrektur på bidraga mine. Og anten har Dagsavisen elendige korrekturlesarar, eller så prøver dei å framstille meg som ein tulling. Eg veit ikkje kva som er verst. I mitt siste bidrag, så har dei klart å "rette" ord som er korrekt norsk med ord som ikkje er det, dei har "retta" god nynorsk til meir konservativ nynorsk og dei har klart å "rette" kjønnet på eit substantiv.

Sjå på det her:

1. "Misnøya" retta Dagsavisen til "Missnøya" (er retta oppatt i nettartikkelen, men står enno feil i papirutgåva)

2. "Sin dialekt" retta Dagsavisen til "Si dialekt"

3. "Tør" retta Dagsavisen til "torer" (her er det valfritt, og eg bruker "tør" i min dialekt)

4. "Dessverre" har dei retta til "diverre" (også her er det valfritt).

Eg var så sint at eg nesten grein i stad, og eg klarte ikkje gjere noko som helst utan om å gå meg ein lang tur. Javisst veit eg at eg ikkje er nynorskekspert enno, og at det er feil både her og der (spesielt her på bloggen kor eg ikkje les så nøye korrektur, og eg også blandar inn dialekt og munnleg språk). Men bidraga til Dagsavisen bruker eg å lese ganske nøye gjennom.

Eg kan forsvare mine eigne feil. Men eg klarar ikkje forsvare feil gjort av andre i det eg liksom skal stå bak. Og eg liker ikkje at folk øydelegg det eg skriv med stupide feil. Eg veit ikkje kor Dagsavisen hentar korrekturlesarane sine hen, men truleg ikkje frå Norsk språkråd. For ordens skuld, så retta dei "si" til "seie", som var ei korrekt retting. Men det forsvarar ikkje at dei gjer fire feil (og to av dei ganske grove).

SINT NO JA. Så sint at eg vil be dei reise ein viss plass, og om at dei får finne andre spaltistar. Mogleg eg roer meg snart...men det tek lang tid. OGSÅ MISSNØYE DÅ?? Kor har dei lært norsk hen???

2 kommentarer:

  1. Veldig bra innlegg i Dagsavisen. Hadde mykje av dei same tankane sjølv den dagen. Finansministeren skal forresten ha honør for å halde på dialekta si. Alt for få hedmarkingar (og ikkje-hedmarkingar) som gjer det.

    Stod det verkeleg "missnøya" i papirutgåva?? Jaujau.

    Kan ein skrive "sin dialekt"? "Si dialekt" høyrest betre ut i underteikna sine øyrer ;)

    SvarSlett
  2. Ja, det stod "missnøya"! Eg trur faktisk dei prøver å framstille meg som ein tulling!!

    "Dialekt" er eit hankjønsord, så det heiter "ein dialekt". Eg også seier "ei dialekt", men det går ikkje an å skrive det. Omtrent som eg seier "ei kommune", men det heiter "ein kommune". Også seier eg "å si", men eg må skrive "å seie". Ikkje rart det går i surr!

    Men skal du rette det andre har skrive, så får du i alle fall vere hundre prosent sikker på at du gjer det rett. Og det er betre å sjekke Helleviks gule ein gong for mykje enn ein gong for lite...

    SvarSlett